EIN PERIODE: Karl Johan Hallaråker vart valt til sentralstyret på KrFs landsmøte i 2013. No har han takka nei til attval.

Hallaråker har takka nei til KrF

Hordaland KrF foreslår Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes som kandidat til partiets sentralstyre og vrakar med det Karl Johan Hallaråker.

– Kvifor har du valt å takke nei?

– Eg er i ein alder der eg står friare enn før. Det er klokast, iallfall når Hordaland ynskjer å fremje Astrid no. Det er veldig viktig for meg at eg ikkje står i vegen for andre, seierKarl Johan Hallaråker.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han har tidlegare vore leiar i Bergen KrF, generalsekretær iIndremisjonsforbundet og rektor vedBildøy Bibelskole.

LES OGSÅ:Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder

Døra på gløtt

Fylkesstyret i Hordaland hadde frist til november med å spele inn sine kandidatar til både sentralstyre og toppleiinga. Dermed kom deira innstilling før Hallaråker sa frå om at han ikkje ville ta attval.

– Ei kvar valkomité skal stå fritt til å velje samansetjinga dei meiner er klokast for partiet. Det sa eg også sist eg vart foreslått. Då enda det slik at landsmøtet gav meg størst oppslutnad, seier Hallaråker.Han fikk røystene frå 123 av 180 delegatar.

– Vil du vurdere å ta attval viss valkomiteen spør deg?

– Det vil eg ikkje svare på gjennom media, svarar Hallaråker.

Valdrama

Det vart dramatikk rundt valet til sentralstyret for to år sidan.Då trakk Byrknes seg etter to år i sentralstyret for å gje plass til Hallaråker. Dermedvalde tidlegare Gulen-ordførar Trude Brosvik å stille til val. Ho vart ikkje valt inn. No peikar fylkeslaget på Byrknes att etter «ei grundig drøfting», ifølgje Pål Kårbø, fylkesleiar iHordaland KrF.

– For vår del er det naturleg at Hordaland har ein person i sentralstyret. Vi har spelt inn Astrid Byrknes. Vi synes Astrid har ei god stjerne, også som lokalpolitikar. Den runden og debuten ho hadde påStortinget i fjor, gjer at ho også er moden for meir sentrale oppgåver, seier Kårbø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Byrknes markerte seg som vara på Stortinget i fjor då hosong på talarstolen og fekk fram tårene i stortingsalen.

Fylkeslaget vurderte ogsåDag Sele, tidlegare fastlege og leiar forTelemark KrF. Han har no flytta til Sveio og fått jobb innan psykiatri på Stord sjukehus.