Ingen grunn til begeistring

Sarah og Aaron Hung hadde ønskt seg andre presidentkandidatar i USA. Dei håper valet kan få amerikanarane til å stole meir på Gud enn politikarar.

Det er søndagsstille i den varme septembersola utanfor 59th Street Church i Brooklyn. Norske immigrantar grunnla kyrkjelyden for over 100 år sidan, men i dag er forsamlinga meir samansett etnisk, blant anna med mange kinesarar og nokre indiske familiar.

Aaron Hung har stilling som for musikk- og ungdomsarbeidar i kyrkjelyden, som er tilslutta Lutheran Bretheren. Kyrkjesamfunnet står teologisk og historisk nærNorsk Luthersk Misjonssamband ogIndremisjonsforbundet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg synest valet er frusterande, seier Hung, som har bakgrunn som sørstatsbaptist og har familierøter i Kina og Kaukasus.

– Det framstår umogeleg å finne nokon felles grunn mellom dei politiske partia, og dei verkar ikkje interesserte i å få det til heller, seier Hung.

Trump overraska

Kona Sarah Hung er framleis forbløffa over atDonald Trump kunne bli republikansk kandidat, men meiner det reflekterer kor oppgitt folk er over stoda 
i amerikansk politikk.

– Dei har teke det til det ekstreme ved å velje ein kandidat som eg meiner er hatefull, rasistisk og kvinnefiendtleg, seier Sarah Hung, som utdannar seg til å undervise i agrikultur.

Heitt tema

Miljøvern er eit av spørsmåla som er viktig for henne. Det trur kan ha samanheng med at ho kjem frå Minnesota, der det blir dyrka mykje mat, og derfor ser verdiene av å ta vare på naturen.

– Helsepolitikk er også viktig meg. Eg er spent på korleis Obamas helsereform blir påverka av kven som blir den neste presidenten, seier Hung, som har tysk familiebakgrunn og er oppvaksen i den teologisk konservative lutherske Missourisynoden.

Begge opplever at mange er skuffa over kva som kom ut av presidentperiodane tilObama. Løfta om håp og forandring vart ikkje innfridde slik dei hadde tenkt. Valet av etterfølgjaren er blitt eit heitt diskusjonstema i familie og venekrins.

– Alle har ei meining om det, Sarah Hung.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Glad for mangfald

Innvandring har vore ei av dei store sakene denne valkampen. Donald Trump har varsla ei tøff linje mot dei 11 millionar ulovlege innvandrarane som bur i USA og lova at han vil byggje ein mur mot Mexico. Rekninga vil han sende til nabolandet i sør.

Aaron Hung forstår at innvandring vert oppfatta som ei viktig sak, men synest det er trist at det i så stor grad vert framstilt som eit problem at menneske frå andre kulturar kjem til USA.

– Vi bur midt i eit område med mange innvandrarar. Vi ser utfordringar med innvandringa, men også det fine med den, seier han.

Han meiner det etniske og kulturelle mangfaldet er ein rikdom for samfunnet.

Tvilar på Clinton

Sjølv om begge er kritiske til Donald Trump, strevar dei også med å stole på Hillary Clinton. Den mykje omtala epostskandalen og handteringa hennar av terrorangrepet i Benghazi i Libya i 2012, der fire amerikanarar vart drepne, er noko av det motstandarane hennar viser til for å underbyggje at ho er uærleg og upåliteleg. Ekteparet Hung påpeikar at mange konservative kristne fullstendig vil avvise å røyste på Clinton på grunn av den liberale haldninga hennar til abort.

– Ho er jo tidlegare førstedame, utanriksminister og senator frå New York, så ho er utvilsamt kvalifisert, seier Aaron Hung. Men han veit likevel ikkje om ho fortener tillit.

Vrakar begge

Aaron Hung har ikkje avgjort kven han vil røyste på i november, men det vert verken Clinton eller Trump. Han har ikkje røysta verken på den republikanske eller demokratiske kandidaten sidan 2004. Då røysta han påGeorge W. Bush.

– Truleg kjem eg til å føre opp ein kandidat sjølv på stemmesetelen min. Nokre vil seie at det er bortkasta, men eg har heile tida budd i statar det har vore opplagt kven som vil vinne, påpeikar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Valsystemet i USA inneber at røystene vert summerte i kvar delstat, som har eit visst antal valmenn - avhengig av kor stor befolkninga i staten er. I praksis kjempar Trump og Hillary om sigeren i rundt ti såkalla vippestatar. I dei rundt 40 andre delstatane er det i praksis på førehand avgjort om det vert republikansk eller demokratisk siger.

Tidlegare har han budd i dei republikanske statane Alabama og Kentucky. Denne gongen bur han i delstaten New York der Clinton er sikra å vinne.

Vekst og fall

Heller ikkje kona har greidd å lande på ein kandidat.

– Eg vil røyste, men eg veit ikkje på kven, seier ho.

Same kven som vinn, synest ho det er viktig at kristne har eit større perspektiv på situasjonen. Ho meiner det er feil å påstå at alt står og fell med kven som blir president.

– Noko godt kan kome ut av det uansett, håper ho.

Ektemannen meiner mange kristne overvuderer kva utfallet av politiske val skal føre til, enten av godt eller gale.

– Dersom kristne mister nokre privilegium i samfunnet, kan det kanskje minne oss om at Bibelen seier vi er framande og utlendingar i denne verda, seier Hung.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trass i at han meiner USA har betydd mykje bra for verda dei siste to hundre åra, viser han til at menneskelege imperium veks og fell.

– Det er Guds rike vi skal håpe på, poengterer han.

Lever med usemje

Inne i kyrkja snakkar Dagen med eit eldre ektepar som ikkje ønskjer å la seg intervjue. Også dei er frustrerte over alternativa dei har å velje mellom, men begge gir inntrykk av at dei vil røyste på Trump. Dei har større håp om at han vil utpeike konservative dommarar til Høgsterett. Maktbalansen der må endrast dersom det mellom anna skal bli slutt på fri abort i alle delstatar i USA.

Pastor Andy Olsen fortel at dei fleste som tilhøyrer Lutheran Brethren nok er republikanarar, men at denne kyrkjelyden er litt utypisk ved at han etnisk er så samansett.

– Vi har medlemer som har vore demokratar heile livet og medlemer som har vore republikanarar heile livet, seier Olsen.

Pastoren opplever at dei kan snakke om den politiske usemja på ein respektfull måte. Han viser til ein salomonisk konklusjon frå ein mann i kyrkjelyden då temaet kom opp.

– Gud har kontrollen same kven som vinn valet, sa han.