Trur Pride-debatten verkar negativt for KrF

– Folk får eit negativt inntrykk av motreaksjonane som har kome i partiet, seier førsteamanuensis Terje Knutsen.

I ein heil månad har debatten gått om KrF-leiarKnut Arild Hareidesdeltaking i Pride-paraden, tidlegare kjent som homoparaden i Oslo.

LES:Utmeldelsene fortsetter i KrF

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Aftenposten.no harselerer komikarSofie Frøysaa over reaksjonane i partiet. Måndag føremiddag hadde videoen med henne blitt sett over ein halv million gonger der ho viser tilkrisemøte i Bergen KrF. «Kan vi ikke ha et krisemøte om hvor paradoksalt dette er? At det tydeligvis er verre å vise sin avsky mot hatkriminalitet, enn ikke å gjøre det?», seier og skriv Frøysaa, som sjølv er oppvaksen med to mødrer.

Debatten i KrF om det var rett av Hareide å delta i paraden påverkar folks syn på KrF negativt, meiner førsteamanuensis Terje Knutsen ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

LEDER:Hareides krysspress

Han kallar utviklinga iKrF dei siste 20 åra for ei berg- og dalbane der det først var liberalisering med partileiarar som drakk raudvin og røykte sigar, og deretter ei vending mot det pietistiske medDagfinn Høybråten.

– Homokamp vunnen

– Hareide har kome inn som ein frisk pust som også har vist seg å vere aggressiv, som har profilert KrF på ein litt anna måte. Han har blitt småbarnsfar og har mange trekk som folk kan sympatisere med, men det ser samtidig ut som han kjem i opposisjon til deler av Kristen-Noreg. Mange føler at homokampen er vunne i Noreg, så oppdagar ein at i deler av Noreg er ikkje kampen vunnen likevel. Folk flest vil utelukkande oppleve det positivt at Hareide gjekk i Pride. Men folk får negativt inntrykk av motreaksjonane, seier Knutsen.

– Vil debatten påverke andre parti sitt forhold til KrF?

– Nei, det trur eg ikkje. Dette er ei intern sak i KrF. Dei andre partia forheld seg til KrF-leiinga i desse sakene. Alle parti har små og store interne stridar dei må handtere, seier Knutsen.

Støtte til Hareide

I går var det fleire lesarinnlegg frå profilerte KrF-arar til støtte for Hareide. Landsstyremedlem og vararepresentant tilStortinget,Dag Sele, skriv i Bergens Tidende at han er stolt over å ha ein partileiar som både vågar og ser at tida er inne for å visa solidaritet med medmenneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sele er vararepresentant til Stortinget frå Telemark, men bur no på Stord i Hordaland.

LES OGSÅ:Lang homostrid kan true i KrF

Tidlegare partileiar og statsministarKjell Magne Bondevik skriv i Vårt Land han at det står respekt av Hareides grunngjeving for å gå i paraden: solidaritet med deidrepne i Orlando. Bondevik avsluttar med at KrF er heldig som har ein dyktig og populær partileiar som fortener all den støtte han kan få «i sitt viktige arbeid framover».

OgsåErik Lunde, KrFs bystyrerepresentant i Oslo og leiar for Kristendemokratisk forum, støttar Hareide. «Knut Arild Hareides deltakelse i Pride-paraden viser bare én ting: At partilederen tar KrFs verdier på dypeste alvor», skriv han i Vårt Land.