Minna KrF om å stå fast på hjartesakene

Då KrF-arar skulle kome med innspel til partiets nye program, var det fleire som minna om at partiet ikkje måtte forlate kjernesakene.

– Det vil alltid vere spenningar i slike prosessar. Men det er nokre kampar berreKrF tek, og dei er det viktig å ta, saDag Inge Ulstein, KrFs finansbyråd i Bergen. Han viste til den aktuelle saka om abort av tvillingfoster og fekk bifall frå salen.

Måndag kveld var 24 menn og kvinner fråHordaland KrF møtte fram på rådhuset i Bergen for å gje innspel til prosessen med å lage nytt partiprogram for neste stortingsperiode. Partiet skal vedta nytt program på landsmøtet neste vår. Første utkast frå programkomitéen kjem i mars.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Leiar av programkomitéen, nestleiarDagrun Eriksen, har tidlegare gjort klart at kampen for likeverd for alle menneske er den viktigaste saka framover. Eriksen vart forhindra frå å vere til stades i Bergen, men stortingsrepresentantAnders Tyvand frå Vestfold var til stades og innleia.

Verdigrunnlag

Tidlegare ordførar i Bergen,Kristian Helland, ville forsikre seg om at KrFs verdigrunnlag ligg fast.

– Skal KrF kvar gong hale og dra i den grunnleggjande ideologien som ligg til grunn? Nokon av oss er blitt ganske trøytte av at ein skal kunne kjempe for det ein oppfattar som sjølvsagt, sa han.

Då KrF la fram utkast til program for fire år sidan, skapte det forvirring om dei avlyste kampen mot likekjønnaekteskapslov.

Det kom ei rekkje innspel om barnehage,barnevern,NAV, friskular, tannhelse, bistand, næringsliv og det sokallagrøne skiftet.

– Det var eit godt møte med mange viktige innspel, seier Tyvand til Dagen etter møtet.