Aps kommende nestleder, Hadia Tajik. Foto: Silje Rognsvåg

«Nei, eg vil ikkje dele ut Koranen»

Aps komande nestleiar har vent seg til hets og rykte på nett fordi ho er muslim. «Eg er ikkje ein muslimsk politikar.»

– Eg har lært meg å leve med at enkeltutsegner eg kjem med blir forsøkt putta inn i ein konspirasjonsteori om muslimar. Slik er det berre, seier Hadia Tajik (31).

Arbeidarpartiets nye kronprinsesse tek ein slurk stortingskaffi på kontoret med utsikt til Karl Johans gate.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Leiaren for justiskomiteen på Stortinget har gått gradene i Noregs største parti. På landsmøtet i april blir ho og Trond Giske valde til nye nestleiarar.

For første gang får partiet ein muslim i toppleiinga. Sjølv er ho ikkje så oppteken av dét.

– Eg er politikar som er muslim, ikkje ein muslimsk politikar. Det er to forskjellige ting. Det fins jo politikarar som er kristne, eg er ein politikar som er muslim. Det går fint.

Ansiktet løyser seg opp i eit smil, og ho ler litt.

Blir ikkje immun

Som politikar er ho oppteken av solidaritet og å vere påliteleg i møte med folk, veljarar og andre parti.

Religionen hennar får likevel stor merksemd, særleg hjå islamskeptikarar. Også i kommentarfeltet her på dagen.no.

Under saka om at ho vart innstilt som nestleiar, skriv ein mann: « Islam inntar stadig nye posisjoner i Norge. Det blir ikke enkelt for oss skeptikere!».

«Politisk innflytelse er det nest største målet for en muslim etter sharia», skriv ei kvinne. Ei anna skriv «Norge mister sin kultur!».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei får svar frå andre nettkommentatorar:

«Slutt å hetse Hadia Tajik! Det er ikke noe jalla over den dama i det hele tatt! Snikislamisering? Hvor er da den fotside ninjadrakta?», skriv ein mann.

Hadia Tajik seier ho aldri blir immun mot negative kommentarar på nettet.

– Men ein lærer seg å leve med det. Uansett kva eg uttalar meg om, vil det vere kommentarar som handlar om religion og bakgrunn, meir enn innhaldet i det som blir sagt.

Ho slår seg likevel til ro med at «det store fleirtalet» ikkje tenker slik.

– Det store fleirtalet lyttar og vurderer argument dei er samde i, enten dei kjem frå meg eller frå Per Sandberg. Det er jo berre et bitte lite mindretal som føler at religionen min overskygger alt det andre.

Dele ut koranar

– På nett går det rykte om at du vil dele ut Koranen til alle skuleungdommar?

– Det kan eg korrigere, så det er eg glad for at du spør om, seier Tajik og set seg til rette i stolen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ryktet kom etter denne spissformuleringa under eit debattmøte om ekstremisme og førebygging hjå Civita i haust:

«Gi ungdommane Koranen før ekstremistane tek dei». Utsegna er inspirert av komikaren Per Inge Torkelsen som i si tid sa «gi ungdommen ei flaske brennevin før idretten tek dei».

– Ingen har klaga Torkelsen for å ville springe rundt og dele ut gratis brennevin på skulane. Eg har ikkje tenkt å dele ut statssubsidierte koranar til ungdommane i Noreg eg heller. Spissformuleringa handlar om kva forskinga seier om kva som gjer folk sårbare for ekstremisme, seier Tajik.

Ho peiker på at ein del av dei som ender opp som ekstremistar er religiøse noviser, utan grunnleggande kunnskap om religionen dei seier dei vedkjenner seg. Tajik smilar litt over dei to britiske ungdommane som skulle til Syria og i bagasjen hadde boka «Islam for dummies».

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Religiøs bagasje

Aps kommende nestleder, Hadia Tajik. Foto: Silje Rognsvåg

– Både fordi dei som vil gjere noko gale skal oppleve at det får konsekvensar, men òg av di det kan sende eit sigal til dei rundt som måtte vurdere å sjølv bli med i ekstreme miljø.

Det andre sporet Tajik vil følgje, er å fange opp ungdommar så tidleg som mogeleg i samarbeid mellom foreldre, frivillige lag og organisasjonar, moskear og skular.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi må sørgje for at unge som veks opp i Noreg vel våre felles verdiar, og ikkje ekstremisme. Dei treng å høyre til, dei treng ein ordentlig utdanning og fotfeste i arbeidslivet.

Og her kjem poenget inn om å gi unge grunnleggande kunnskap om kva det er religionen deira består av.

– Så når det kjem karismatiske leiarar og seier at det og det står i Koranen, eller at ein bør utøve vald, så har dei ein religiøs bagasje som gjer dei stand til å seie «nei, veit du kva, eg veit at det ikkje skal tolkast eller praktiserast på den og den måten».

Besøker kyrkjer

Sjølv vaks Tajik opp i tjukkaste bibelbeltet, i Bjørheimsbygd i Strand i Ryfylke, og er vand med å skilje seg ut. Ho song norske salmar i ein Misjonssambands-barnehage og pugga koranvers på ferie i Pakistan, har ho tidlegare fortalt Vårt Land.

– Det å skilje seg ut gjer du på godt og vondt. Du har alltid litt meir å forklare enn dei andre har, seier ho.

- Kva inntrykk har du av Kristen-Noreg?

– Du finn like mykje variasjon der som du finn i dei muslimske miljø. Eg har møtt alle variantane, frå dei som gjerne vil misjonere overfor meg og overbevise meg om at eg har feil tru, til dei som er sterkt overbevist, men møter andres overbevising med respekt, og alt i mellom.

Den komande Ap-nestleiaren blir støtt invitert til å delta på arrangement i ulike kyrkjer og kristne organisasjonar. Det set ho pris på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg trur vi som samfunn har godt av å møtast ansikt til ansikt og diskutere tru, livssyn og religionens plass i samfunnet.

Roser Kristen-Noreg

Tajik roser jamvel kristne organisasjonars bidrag i oppbygginga av velferdsstaten. Samtidig vedgår ho at det er stemmer i Ap «som distanserer seg veldig, både fra kirken som institusjon, og fra ideen om religion som frigjørende kraft for enkeltmennesket», seier ho i eit intervju med Vårt Land i februar.

– Vil desse stemmene miste dominansen i partiet når du og kristne Jonas Gahr Støre er i leiartoppen?

– Ein viktig del av ansvaret mitt som nestleiar, viss landsmøtet vel meg, er å legge til rette for at dei mange meiningane i partiet får bryte seg på kvarandre. Ikkje slik at eg og Jonas ovanfrå skal fortelje korleis ting skal vere, men at vi har gode prosessar som tek vare på breidda av standpunkt som fins i partiet og i den norske befolkning.

Religion som byrde

Ho er oppteken av at politikk ikkje er noko ein driv med på Guds vegner.

– Vi må føresetje at Gud klarar seg sjølv. Politikk må handle om at folk skal få leve gode, frie og sjølvstendige liv. Her kan religion vere ei sterk positiv kraft med viktige verdiar, men i organisert religion kan du også finne ein sterk undertrykkande kraft.

Ho understrekar at vi politisk må kunne klare å sjå begge deler.

– Vi må sjå det når kristent solidaritetsarbeid gjer Noreg til eit betre samfunn. Men vi må også sjå det når religion kan vere ei byrde for unge menneske som veks opp i samfunn der foreldra kanskje har nokre forventningar, mens samfunnet har andre forventningar til deg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Var det slik for deg?

– Eg trur eg har klart meg greitt, eg.

Bryne seg på kvarandre

– Kva er viktig for unge muslimar som veks opp i dag?

– Eg kan ikkje ta på meg å vere talsperson for dei. Dei kan snakke sjølv, og vi ser at stadig fleire gjer det, seier Tajik og viser til at unge muslimar tok initiativ til demonstrasjonen mot ekstremisme i haust og fredsringen rundt synagogen i vinter.

Ho er oppteken av at folk må få god religiøs kompetanse og meiner at RLE-faget og fellesskulen må legge grunnlaget for det.

– Det viktigaste er å legge mest vekt på den offentlege fellesskulen. Fleire private skular fryktar eg vil gi meir segregering, også religiøs segregering. Det at ungar møtast og får brynt seg på kvarandre er med på å gi dei ein manøvreringskompetanse som er vanskeleg å formidle i undervisningssituasjon, men som er viktig i fleirreligiøst Noreg.


Hadia Tajik

Fødd og oppvaksen i Bjørheimsbygd i Strand i Ryfylke. Foreldra kom frå Pakistan på 70-talet.

Utdanna journalist og jurist. Var kulturminister i Stoltenberg-regjeringa frå 2012-2013, og var då yngste Noregs så langt yngste statsråd og første muslimske.

No leiar for justiskomiteen på Stortinget og innstilt som ny nestleiar i Ap.

Gifta seg i fjor med Høgre-politikar Stefan Heggelund.

Les også
«Gi ungdommene en koran før islamismen tar dem»
Les også
Aps valgkomité vil ha Tajik som nestlederHadia Tajik
Les også
Tajik sier nei til bevæpnet politi
Les også
Tajik: Debatt om ytringer ingen avsporing
Les også
Hadia Tajik støtter Fritt Ord-stipend til Fjordman
Les også
Tajik avlyser hijabdebatten