UTSENDINGAR: F.v. Ragnhild Skeie, Eldrid Brekke og Tore Skeie opplevde begge dei store jordskjelva i Nepal i vår.

– Etterskjelv og uvisse er det verste

Dei opplevde jordskjelvet i Nepal på kroppen. Himalpartners utsendingar slit framleis med å fordøye det som skjedde.

– Det var veldig intenst å oppleve jordskjelva, men det var ikkje som eg hadde trudd, seier Eldrid Brekke.

Denne helga får misjonsfolket i Himalpartner møte sine utsendingar som opplevde dei traumatiske jordskjelva i Nepal i vår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Støtta vi har i misjonen er veldig viktig, seier Ragnhild Skeie.

No sit Himalpartners nye og tidlegare landkoordinatorar for Nepal trygt i ein sofa på Danvik folkehøgskule. Dei fortel om stor dramatikk under vårens verste eventyr.

Då det første store skjelvet råka Nepal 25. april, låg Brekke og sov etter reise til landet.

– Eg kunne ikkje stå. Det skalv så mykje at eg måtte krabbe inn i stova. Eg trudde ikkje skjelvet var så stort, for huset raste ikkje, fortel ho.

Livsfare

Ekteparet Ragnhild og Tore Skeie var på kvar sin stad då det skalv. Ragnhild var på gudsteneste med 50 andre i ei kyrkje på staden Dhulikhel.

– Min einaste tanke var å kome meg ut av huset. Alle kom seg ut, der nokon grein og andre bad. Nokon var heilt stille. Du opplevde å vere i livsfare, og kroppen reagerte som om han hadde sprunge ein maraton, seier Ragnhild Skeie.

Mannen Tore Skeie var på gudsteneste med fleire hundre i hovudstaden Katmandu.

– Eg likar godt sjø og båtliv, men det er ei uverkeleg kjensle når jorda begynner å svaie. Det var ei gruoppvekkjande oppleving. Du har ingen kontroll og veit ikkje kor lenge det vil vare, sjølv om det berre varte i eitt minutt. Panikken brer seg fort, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ingen vart skada der han stod, og etter kvart fekk han vite at heller ingen av Himalpartners utsendingar vart skadde fysisk.

Ekteparet opplevde likevel noko vakkert midt i krisa. Dei sov ute under ein presenning i hagen deira dei første nettene, saman med mange andre.

– Ingen ville flytte inn att i husa sine, og alle delte det dei hadde. Vi bidrog med gass og vatn. Det var ei fantastisk oppleving å ligge hovud til hovud med kjente. Det var ingen skilnad mellom høg og låg kaste. Alle var råka, alle var redde og alle var rådville, seier Tore.

Nytt etterskjelv

På grunn av ein syklus på 75 år mellom kvart store jordskjelv, har Himalpartners utsendingar lenge gått og venta på eit stort, øydeleggande skjelv, som skulle ta livet av fleire hundre tusen.

– Eg trudde alle husa skulle rase ned. Men eg var ikkje forberedt på at det skulle vere etterskjelv så lenge etterpå, seier Brekke.

Ho har delvis vakse opp i Nepal og har jobba der i ti år.

– Det er slitsamt med alle etterskjelva, utrykkleiken og kaoset. Du får ikkje fred og høve til å kome vidare. Du veit ikkje om det vil vere nok mat, vatn, eller kva som ventar oss framover.

Frykten for store etterskjelv har sett seg i folk, meinar Tore Skeie. Særleg etter skjelvet 12. mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og 22. juli kom det igjen eit etterskjelv i Nepal, med styrke på 4,6, ifølge nettstaden earthquake-report.com. Misjonsvenene fekk høyre om skjelvet på sommarstemnets bønnemøte fredag morgon.

– Eit slikt skjelv er ikkje så kraftig at det fører til store fysiske skadar, men det kan gjere stor skade i menneskesinna, seier Terje Holmedahl, stemneleiar og informasjonsleiar i Himalpartner.

Også familien Kippenes opplevde jordskjelva på kroppen.

– Det som skulle vere deira første semester i Nepal vart veldig krevjande. Men det verkar som at dei alle saman har motet og ser fram til å reise tilbake til hausten. Dei skal ta fatt på vidare språkstudiar og så vidt kome i gang med sine oppgåver. Og barna skal tilbake på skulen, seier Holmedahl.

LES: Med hjerte i Nepal

Skuldkjensle

Utsendingane har fått tilbod frå Himalpartner om opphald ved Modum bads sjelesorgssenter for å bearbeide traumer etter katastrofen i vår. Somme har takka ja.

– Vi har fått veldig god oppfølging frå Himalpartner. Vi var ved Modum bad halvannan dag, seier Tore.

– Var det nyttig?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Du går gjennom mange fasar, og ting kjem opp etter kvart. Kanskje er det nyttig å reise tilbake på eit seinare tidspunkt, svarar Ragnhild.

Tore kjenner på ei form for skuldkjensle over at dei er så heldige som kan reise heim att til Noreg.

– Du blir slitt mellom to kulturar. Vi føler på skilnaden mellom å kunne reise heim til noko trygt, medan vener der sit att og har mista alt.

Han fortel om manglande konsentrasjon og søvnløyse.

– Vi må kome vidare, og det må også Nepal. Landet har eit gyllent høve til å skape noko nytt av det som var håpløyse og resignasjon før jordskjelvet, grunna uavklart politisk situasjon. No gjer nepalsk ungdom ein kjempeinnsats for å hjelpe lokalsamfunna, seier Tore.

LES: Evakuerer norske misjonærer fra Nepal

Mental helse

Himalpartner fekk inn heile 2,3 millionar kroner i gåver for å hjelpe etter skjelva. Det er mykje for ein så liten organisasjon, seier informasjonsleiar Terje Holmedahl. Det meste blir sendt ut via elleve partnarar i Nepal, og skal brukast over to år.

– Arbeid er allereie i full gang med å gi tilbod til barn og ungdom, og kurse foreldre i å handtere barnas kjensel av utryggleik. Vi kursar også folk som skal hjelpe med oppbygginga, seier Skeie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eldrid Brekke ser no fram til å reise ned att for å ta fatt på jobben som landkoordinator. Himalpartners to satsingsområde er mental helse og entreprenørskap.

– Det er interessant at strategiane våre passar som hand i hanske med det som no er behova i Nepal, seier Brekke.

Etter femten år i Nepal slår Tore og Ragnhild Skeie seg no ned i Norheimsund. Tore skal jobbe i Kvam kommune, mens kona er på jobbjakt. Men dei skal ein tur til Nepal att i november for å avslutte skikkeleg.

Klagesalmar

Ekteparet får gjerne spørsmål frå folk om kva effekt jordskjelva har hatt på gudslivet, om dei kjenner Guds nærleik og styrke.

– Då lyt vi vere så ærlege og seie at for oss har det vore meir naturleg å leve i klagesalmane enn i Det nye testamentet. Du stiller spørsmål som «kor er du Gud?» og «allmektige Gud, kva kan du gjere for å stoppe dette?». Vi har levd meir i klage enn i halleluja, seier Tore.

– Helgens tema er «gled dykk». Korleis går det for dykk?

– Dersom eg ikkje hadde hatt Gud å gå til, kor skulle eg då ha gått? Då eg stod med pastoren på marka utanfor kyrkja, det skalv rundt oss og vi var begge redde, snakka vi om at vi er i Guds hender. Det har gitt ein grunntryggleik, sjølv om vi har skolve i dei henda, seier Ragnhild.

sommarstemne

23.-26 april på Danvik folkehøgskole i Drammen.

Himalpartner er ein liten misjonsorganisasjon med utsendingar til Nepal, Kina og Tibet.

Stevnet samlar rundt 150 store og små til bibeltimar, aktivitetar og samvere.

Årets tema er « Gled dere ».

Himalpartner har fått 2,3 millionar kroner i gåver etter jordskjelva. Pengane blir kanalisert via elleve partnarar i Nepal.

Årets tema er «Gled dere».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jordskjelva
Les også
Helt uakseptabelt med vold mot lesbisk prest
Les også
Nordmenn flest ferierer i Norge i sommer
Les også
Norsk skipper åpnet for Islands første misjonærNy bok
Les også
Norske turister lett bytte for tyver
Les også
Glimt av glede