Ber Solberg gripe inn i barnevernssak

Over hundre juristar frå fleire land ber statsminister Erna Solberg ­sørgje for at foreldra i massivt omtalt barnevernssak får tilbake fire born.

I eit brev til den norske statsministeren hevdar juristane at religionsfridomen og foreldreretten til det rumensk-norske ekteparet vart krenka då barnevernet i november i fjor henta dei fem borna deira ved akuttvedtak. Familien er pinsevener.

LES:Global D-dag mot norsk barnevern

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Vi har gjort oss kjende med fakta i saka og er djupt uroa over at overtakinga av borna var motivert av den kristne trua til familien.Barnevernets eigne dokument vitnar om det faktum at familiens tru og kristne verdiar stod sentralt i i samtalane til dei offentleg tilsette då dei diskuterte overtakinga av borna», skriv advokatane.

Flest frå USA

Mange av underskrivarane er frå USA, men det er også frå mellom anna Tsjekkia, Tyskland og Sør-Korea. På lista står også den rumenske senatorenTitus Corlatean, som er tidlegare justisminister og utanriksminister i heimlandet. Han kom til Noreg saman med ein topptung delegasjon rumenske politikarar i januar. Politikarane skulda norsk barnevern forå nytte Gestapo-metodar.

LES OGSÅ:– Familien forrådt av norske kristne

Dei fem borna var mellom tre månader og ni år gamle då dei vart henta. Den yngstefekk kome tilbake til foreldra i april etter ein dom iFjordane tingrett.

Kritiserer splitting

Juristane viser til at den religiøse identiteten til born skal verte ivareteken når dei vert flytta frå den biologiske familien sin. Dei skriv at borna no er plasserte i heimar der dei ikkje går til kyrkje eller deler den kristne trua.

Underskrivarane reagerer også på at barneflokken har vorte splitta i tre medan dei har vore borte frå foreldra. Dei karakteriserer framgangsmåten som uakseptabel «ikkje berre på juridisk grunnlag, men også på humanitært og moralsk grunnlag».

DEBATT:Kan vi ha tillit til barnevernet?

Dei avsluttar med å beSolberg sørgje for at det yngste barnet blir verande hos foreldra permanent og at dei fire andre straks og permanent vert returnerte til foreldra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagen har vore i kontakt medStatsministerens kontor for å få kommentar til brevet, men fekk ikkje respons innan vår deadline i går. Senior kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog lovar å få kome tilbake til saka i neste veke.

Oppdragarvald

Representantar for norske styresmakter har i møte med omfattande internasjonale demonstrasjonar og kritikk vist til teieplikta og dermed avstått frå å kommentere innhaldet iNaustdal-saka. Men dei har avvist at saka har med tru å gjere.

Barne- og likestillingsministerSolveig Horne (Frp)understreka overfor Dagen i januar, då ho fekk spørsmål religionsfridom i barnevernet, at borns rettar står sterkt i Noreg.

– Det finst ingen heimel i barnevernlova for omsorgsovertaking ut frå religion, men det er forbode å slå born. Det som skjer i familien, er ikkje lenger ei privatsak, sa Horne.

LES MER:Norsk pinseleder reagerer på anklager

Naustdal-foreldra er under etterforsking for oppdragarvald. Dei har sjølve vedgått bruk av fysisk avstraffing, mellom anna i intervju med BBC i april, men berre i milde former og ved einskilde tilfelle.

Sjokkert medstudent

I går melde NRK Sogn og Fjordane at mora som er fråteken fire born, studerte saman med den noverande barnevernsleiaren i Naustdal frå 2008 til 2010. Dei tok eit deltidsstudium i psykososialt arbeid for born og unge ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Då jobba dei i same studiegruppe. I lag med tre-fire andre studentar leverte mora og barnevernleiaren ei oppgåve saman som det vart gitt karakter på.

Syster til mora, Inger Elisabeth Baunedal, fryktar at barnevernleiaren har handsama systra ekstra strengt for å unngå å bli skulda for å handsame ei tidlegare studievenninne på ein mild måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Karna-Lise Bloch, som også var medstudent med dei to og er kollega med mora ved barneavdelinga på sjukehuset i Førde, deler uroa til Baunedal.

– Her er det etter mi meining gjort eit gedigent overtramp med dramatiske konsekvensar for heile familien, og særs for barna, seier Bloch til NRK Sogn og Fjordane.

Rådmann Øystein Bang-Olsen avviser overfor NRK at barnevernsleiaren er inhabil.

– Retten kjende til dette spørsmålet då saka var oppe i tingretten i mars. Retten la ikkje vekt på relasjonen mellom barnevernleiaren og mora, seier Bang-Olsen.

Han får støtte frå jusprofessor Jan Fridtjof Bernt.

– Ein må nærast vere bror og søster for å bli kjend inhabil, seier Bernt.

Baunedal synest dette er uforståeleg og meiner det må gjerast noko med lovverket.

Kristen interesse

Barnevernssaka i Naustdal har vekt særleg stor interesse i kristne miljø internasjonalt. Tysdag i neste veke saka vere utgangspunktet for ein rundebordssamtale om forholdet mellom stat og familie under det årlegeEuropean Leadership Forum i Polen. Konferansen samlar over 700 evangeliske kristne leiarar frå heile Europa. PsykologEinar Salvesen, som har hatt kontakt med foreldra i Naustdal ogretta skarp kritikk mot korleis barnevernet har handtert saka, skal delta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det same skal Dagen-redaktørTarjei Gilje.

– Eg er der ikkje for å representere nokon part, men for å seie litt om korleis saka har vorte framstilt og oppfatta, seier Gilje.