Laber stemning for nord-koreanar som nabo

Engasjert ordskifte om integrering av nord-koreansk rakettforskar og frykt for amerikanske reaksjonar prega årets første møte i Krykkjebakksundet kommunestyre.

Etter årelang konflikt i det lokale lyrikkmiljøet søkte den venstreorienterte laurdagslyrikaren og hersketeknikkforskaren Breifrid Bringa (64) for to år sidan politisk asyl i Nord-Korea.

Det er inga overdriving å seia at mange i lokalmiljøet hadde sett at ho vart verande i Pyongyang. Det kom difor som eit vonbrot då den gamle bråk­makaren dukka oppatt i Krykkjebakksundet like før 17. mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som tidlegare meldt gjorde ho straks krav om bruk av det nord-koreanske flagget i prosesjonen på den norske nasjonaldagen, noko som ikkje fall i god jord hjå fleirtalet i 17. mai-komiteen.

FølgKrykkjebakkposten på Facebook!

Karrierejeger

I samtale med Krykkjebakkposten fortalde Bringa i fjor - med lett skjelvande røyst - om den nye mannen i hennar liv:

Ein 23 år gamal rakettforskar som skal ha gjort imponerande karriere i heimlandet. Mellom anna skal han ha utvikla ein rakett som 55 nord-koreanske skuleborn vart send til månen med.

Det har heile tida vore hennar store ønskje å få ektemannen til Noreg. Men i Krykkjebakksundet har det ikkje vore den store stemninga for å få ein nord-koreansk rakettforskar som nabo.

Bringa tok nyleg kontakt med kommunestyret, men var uheldig med tidspunktet:

Same dagen som ho ba om asyl for ektemannen, smelte Kim Jong-Un av ei hydrogenbombe som ikkje berre slo kraftig ut på Richters skala: Krykkjebakksundet byrja rykta å gå om at det skrekkelege våpenet var utvikla av Breifrid Bringa sin ektemann.

Mange nok eksplosjonar

Då spørsmålet om nord-koreanaren­ si moglege framtid som innbyggjar i Krykkjebakksundet kom opp i kommunestyret sist veke, tok vararepresentant Gloria Priscilla Skuggebergdal ordet og minte om at bygda har nok med ein mann som driv med fyrverkeri- og dynamitteksperiment.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho sikta til ein annan kommunestyrerepresentant og lokalprofil, Leif O. Nielsen, som ved fleire høve har vore uheldig med sprengladningar og røykutvikling og som har vore sikta etter dei fleste paragrafane i Lov om brann- og ­eksplosjonsvern.

– Fleire eksplosjonsfikserte ­guteslampar er det siste me treng, meinte ordførar Bergliot Gaukhei.

Ho synte elles til det nemnde intervjuet med Breifrid Bringa, der det går fram at den omtalte nord-koreanaren har fått 250 millioner kroner til å utvikla ein ballistisk rakett som skal treffa Det kvite hus i skorsteinen.

– Det er ikkje til å tenkja på kva amerikanarane ville finna på dersom raketten blei skoten opp her frå Krykkjebakksundet, meinte ordføraren.

Mopedreparatør og tidlegare ålefiskar Leif O. Nielsen var i utgangspunktet meir positiv til å få det han kalte «ein potensiell kollega» til bygda. Han meinte at Krykkjebakksundet treng dyktige folk som kan utvikla ny teknologi.

– I fjor brukte eg hundre arbeidstimar og 18 tuber araldit på å reparera ei mopedlykt. Det lokale næringslivet er i stagnasjon, sa Nielsen og synte til at ordrebøkene i Øvre Krykkjebakken Fyrverkeri- og Fakkelfabrikk er tomme.

Stemninga snudde

Nielsen kom ein time for seint til kommunestyremøtet og trekte straks synspunkta tilbake då han fekk vita at diskusjonen handla om Breifrid Bringa sin ektemann. Nielsen og Bringa er bitre rivalar etter mangeårig leiarstrid i Krykkjebakksunet kvardagslyrikk- og blokkfløytelag.

– Lat oss heller utvikla ein rakett som kan senda Breifrid til månen. Utan returbillett, sa Leif O. Nielsen til applaus frå eit samla kommunestyre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men stemninga snudde då han ba om kommunal løyving til prosjektet.

Les også:

FølgKrykkjebakkposten på Facebook!