TRU OG POLITIKK: Den britiske statsministeren David Cameron og den amerikanske presidenten Barack Obama snakka kvar på sin måte om kristen tru i samband med påska. Biletet er frå ein felles pressekonferanse i Washington DC i januar.

Ber om støtte til forfølgde kristne

USAs president Barack Obama og David Cameron snakkar kvar på sitt vis varmt om kristen tru.

Både Storbritannias statsminister David Cameron og USAs president Barack Obama snakka varmt om kristen tru i helsingar mot slutten av påskehøgtida.

Obama gjorde det då han tysdag inviterte til bønefrukost i Det kvite hus. Cameron publiserte ei videohelsing første påskedag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Påska er ei tid då kristne feirar livets endelege siger over døden, og Jesu oppstode. For oss alle er det ei tid for å tenkje over kva rolle kristendommen spelar i vårt nasjonale liv, seier Cameron.

Tok opp forfølging

Statsministeren rosar kristne for ikkje berre å snakke om å elske sin neste, men også leve ut trua gjennom å drive kristne skular, i fengsel og annan frivillig samfunnsnyttig innsats. På denne bakgrunnen var han «stolt over å seie: Dette er eit kristent land».

– Kyrkja er ikkje berre ei samling av vakre bygningar. Det er ei levande, aktiv kraft som gjer eit stort arbeid over heile landet vårt, sa Cameron.

– Ja, vi er ein nasjon som omfamnar, helsar velkomen og aksepterer alle trusretningar og ingen tru, men vi er framleis eit kristent land. Og som eit kristent land, stoppar ikkje ansvaret vårt der. Vi har ei plikt til å snakke om forfølginga av kristne verda over også, seier Cameron.

Han viser til at kristne vert truga, torturerte og til og med drepne for trua si i land som Egypt, Nigeria, Libya og Nord–Korea. Statsministeren viser også til kristne som blir drivne på flukt i Midtausten.

– Til alle dei modige kristne i Irak og Syria som praktiserer trua si, eller gir ly til andre, må vi seie: Vi står med dykk, seier han.

Jødisk utfordrar

Også den fremste utfordraren til statsministerposten framfor valet i mai, Labor–leiar Ed Milliband, nemnde situasjonen for forfølgde kristne i ei påskehelsing.

«Mine tankar er særleg hos kristne i Syria, Irak og andre land der kyrkja lid under forferdeleg forfølging», skreiv Milliband på Facebook. Han viste til statistikk frå International Society for Human Rights som seier at kristne er offer for 80 prosent av den religiøse diskrimineringa i verda i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Milliband er av jødisk opphav, men har fortalt at han sjølv ikkje trur på Gud. Likevel uttrykkjer han glede over at kyrkjer spreier dei gode nyheitene om påska ved å samlast til gudstenester og dele historia om oppstoda. Han rosar dessutan kyrkjerleg arbeid for dei svake og sårbare i samfunnet.

– Herleg oppstode

Også president Barack Obama var oppteken av situasjonen for forfølgde då han talte under bønefrukosten. Men han var i tillegg nokre hakk meir personleg enn Cameron.

– Sjølv om vi strevar med å fatte kor enormt Jesu offer var, kan vi i påska ikkje miste det faktum av syne at historia ikkje slutta på fredag. Historia held fram. På søndag kjem dei herlege oppstoda til frelsaren vår, sa han.

Påskehelsingane til både Cameron og Obama står i sterk kontrast til den skarpe kritikken begge har fått frå kristne meiner statsleiarane svekkjer kristne verdiar med sin kamp for homoekteskap og ei liberal linje i spørsmål om abort og bioteknologi. Mellom anna røysta Cameron i februar for lovendringa som opnar for å skape born med arvestoff frå tre biologiske foreldrar.

Ein av merknadene til Obama kan oppfattast som ein respons på styrken i noko av kritikken han har fått.

– I påska reflekterer eg over det faktum at som kristen, skal eg elske. Og eg må seie at nokre gonger når eg høyrer utsegner som ikkje akkurat er kjærlege frå kristne, vert eg uroleg, sa presidenten.

Les også
Frps advarsel mot Bibelen
Les også
Per Sandbergs påskehilsen
Les også
I siste liten?
Les også
Like mange som tror og ikke tror på Gud
Les også
Ønsker å smitte unge med bibelgledeBibelleseringen