EIN PERIODE: Karl Johan Hallaråker vart valt til sentralstyret på KrFs landsmøte i 2013. No har han takka nei til attval.

Har takka nei til sentralstyret i KrF for andre gong

Den tidlegare generalsekretæren i Indremisjonsforbundet vil ikkje snakke om grunnane til at han i går sa nei til valkomiteen. Men det var eit moment at han vart vraka av fylkeslaget, seier Karl Johan Hallaråker.

Tysdag svarte han nei til å ta attval i sentralstyret i KrF etter å ha fått spørsmål frå valkomiteen.

– Eg har ikkje lyst å snakke om grunnane, seier Hallaråker til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Er det politiske grunnar?

– Det vil eg ikkje seie noko om. Eg har ro for at eg har konkludert som eg har gjort ut frå ei totalvurdering, seier Hallaråker.

LES OGSÅ: Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Ikkje innstilt

I januar vart det kjent at hans eige fylkesparti, Hordaland KrF, ikkje innstilte han til attval til sentralstyret. I staden peika fylkespartiet på Astrid Aarhus Byrknes, som er populær ordførar i Lindås, vararepresentant til Stortinget og tidlegare misjonær for Misjonssambandet.

Etter at fylkespartiet si innstilling kom, sa Hallaråker nei til attval til sentralstyret, men sa til Dagen i januar at ei kvar valkomité står fritt til å velje samansetjinga dei meiner er klokast for partiet.

Hallaråker opplyser at ein samla valkomité har ynskt å ha han med. Etter at det var kjent at han takka nei til attval, har mange kontakta han frå ulike deler av landet og partiet, seier han til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Difor har eg vurdert dette grundig på nytt, seier Hallaråker.

– Er det eit viktig moment for deg at Hordaland KrF ikkje har peika på deg?

– Eg har teke alle moment med i vurderinga. Det er ikkje tvil om at det er eit moment at fylkesleiinga tenkte som dei gjorde, men eg har føreteke ei totalvurdering, seier Hallaråker.

LES OGSÅ: Byrknes sang på Stortingets talerstol

Trekte seg

Byrknes har tidlegare site i sentralstyret, men på landsmøtet for to år sidan trekte ho seg for å gje plass til Hallaråker.

Nytt sentralstyret skal veljast på KrFs landsmøte i Trondheim 8.-10. mai. Mest spenning er det knytt til valet på nestleiarar. Sitjande nestleiar Dagrun Eriksen har varsla at ho tek attval. Mellom fylkeslaga sine favorittar er også stortingsrepresentantane Olaug Bollestad frå Rogaland og Kjell Ingolf Ropstad frå Aust-Agder.

Les også
Eriksen og Bollestad innstilt som nestledere
Les også
Hallaråker har takka nei til KrF
Les også
Trekkjer seg frå sentralstyret
Les også
Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder
Les også
Hallaråker inn i KrFs sentralstyre