Kjensler i kok i korsnekt-gruppe på Facebook

Facebook-gruppa «Ja til å bære korset når og hvor jeg vil» er eit klekkeri for kjenslepolitikk som går i alle retningar, ­meiner forskar Mona Abdel-Fadil.

Facebook-gruppa «Ja til å bære korset når og hvor jeg vil» blei danna i kjølvatnet av at nyheitsanker i NRK Sørlandet Siv Kristin Sællmann i 2013 blei bedt om å droppe gullkorset ho hadde rundt halsen.

No har postdoktor Mona Abdel-Fadil ved Universitetet i Oslo forska på kva som får folk til å engasjere seg i Facebook-gruppa som i dag tel nærmare 113.000 medlemmer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Når folk ytrar seg i gruppa, er det for eit førestilt publikum. Dei ønskjer anten å få andre med på det dei seier, hisse opp, eller dempe stemninga. Dei snakkar ikkje i eit tomt rom, dei framfører ei ytring for å påkalle ein reaksjon hos andre. Nokre folk er der for å krangle, seier ho.

Gudfryktige kristne

Abdel-Fadil har definert fem ulike typar folk som er med i gruppa, alle med ulik motivasjon. Desse kategoriane er konservative kristne, nasjonalistar, humanistar, hardbarka sekularistar og standhaftige ateistar.

– Dei konservative kristne i gruppa er opptekne av den kristne kulturarven og at ein må verne om den. Dei «eig» på ein måte gruppa, seier Abdel-Fadil.

Ho meiner at denne kategorien rommar eit stort spekter av folk. Samtidig har dei eitt fellestrekk: dei er stort sett meir gudfryktige i måten dei ytrar seg på enn dei andre typane i gruppa.

Bensin og brubygging

I Facebook-gruppa er det flest som fell inn under kategoriane konservative kristne og nasjonalistar.

– Nasjonalistane er mest opptekne av å bevare Noreg og det norske. Dei har ein uttalt skepsis til muslimar og innvandrarar, kritiserer politikarar, og er verdsmeistrar i «worst case»-scenario, forklarer Abdel-Fadil.

Den tredje gruppa er dei hardbarka sekularistane, som er for eit sekulært samfunn, men samtidig blir svært opphissa av all rasisme og det nasjonalistane seier.

– Så har du ateistane som tenker at alle religiøse er teite i hovudet. Til slutt er det humanistane som først og fremst er opptekne av å bygge bru og faktasjekke påstandar, fortel Abdel-Fadil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forsonande damer

Ein av observasjonane Abdel-Fadil har gjort seg, er at det er svært mange kvinner blant dei ho definerer inn i kategorien humanistar.

– Desse brukar masse krefter på å få folk til å forsone seg, seier ho.

Samtidig ser ho ein tydeleg mannsdominans blant dei standhaftige ateistane.

– Dette er stort sett menn som er der for å hisse opp andre. Ateistane heller bensin på bålet og står og ser på at det brenn.

Stadig nye kampsaker

Då Mona Abdel-Fadil starta arbeidet med å analysere gruppa, var ho ikkje budd på at det skulle vere eit så stort mangfald av typar folk. Dei har likevel ein viktig fellesnemnar, alt handlar om kjensler.

– Grunnen til at gruppa er så stor og skaper så mykje engasjement, er at innlegga der handlar om å trigge kjensler. Nye saker blir heile tida posta og kopla på samfunnsaktuelle debattar, seier ho.

Facebook-gruppa blei danna ut av det Abdel-Fadil kallar ein typisk emosjonell trigger, ei frykt for at det ikkje er lov til å gå med kors alle stader.

– Studien viser at ein kan danne ein politisk opinion basert på kjensler. Eg kallar dette for følelsepolitikk.