TROR: – Jeg har hundre prosent tro på at dette kan forandre UNE, sa Mathias Kehzri om utredningen om konvertitter som skal leveres til nyttår.

Ventar og håper på «ja»

I lunsjrommet på jobb sit en mørkhåra kar i svart dressjakke. Mathias Kehzri er imøtekommande og smilande. Med seg har han en bunke papir frå Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Han er godt kjent i ei rekkje kyrkjelydar i Bergen og har skapt seg vener.

Den kristne mannen frå Iran har fått avslag på avslag på asylsøknaden. Då han var innom Dagen, har han fått eit nytt håp i samarbeidsavtalen som regjeringa har inngått med KrF og Venstre. For der er det eit eige punkt om hans gruppe: konvertittar som søkjer asyl i Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei aller fleste som søkjer asyl på grunn av trusforfølging kjem frå Iran og Afghanistan. I ei rekkje år har dei gått i ei rekkje kyrkjelydar. Nokon var kristne før dei kom til Noreg, men mange har blitt det her.

Kasta ut

Så opplever fleire kyrkjelydar at personar og familiar dei kjenner får nei på asylsøknaden og blir kasta ut av landet.

I august i fjor stod Misjonssambandet sjokka tilbake etter at ein mann fleire av forsamlingane deira kjente godt vart returnert til Teheran. I haust var det rettssak med mannen i eksil i Irak, der han hadde klart å flykte etter returen til Iran. Mannen og familien hans tapte.

Over heile landet er det kyrkjelydar, prestar, forsamlingsleiarar, støttespelarar og andre som har vanskeleg for å tru at avgjerdene som er fatta kan vere riktige.

Foreinar

I den offentlege debatten har asylborna fått stor merksemd. I Kristen-Noreg er det mange som har engasjert seg for asylborn - og konvertittar. Då det lause nettverket i KrF « Fram mot sentrum» kravde strengare asylpolitikk i haust, gjorde dei to unnatak der dei meiner styresmaktene allereie er for harde i klypa: Asylborn og konvertittar.

I Kristen-Noreg sprenger engasjementet for konvertittar dei tradisjonelle skiljelinjene mellom dei «liberale» og «konservative».

For få år sidan kom det ei regelendring som gjorde det lettare for dei som var forfølgde på seksuelt grunnlag å få asyl. Mange hadde håpa at endringa også skulle gjelde forfølgde på religiøst grunnlag. Men nei, sa den førre regjeringa. Det internasjonale rettsgrunnlaget var sterkare for homofile enn for religiøst forfølgde, meinte dei.

Open sak

No ligg saka på bordet i den nye regjeringa. KrF fekk inn i avtalen at det skulle utgreiast korleis saker med religiøst og seksuelt forfølgde vert handsama. I praksis var dette ein måte å greie ut konvertitters situasjon på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Før sommaren gav Justisdepartementet oppgåva til UDI, som valde asyladvokaten Cecilie Schjatvedt til oppdraget. Til nyttår skal ho levere rapporten sin.

Mathias Kehzri fekk handsama saka si på nytt i desember. Framleis ventar han på svar.

Men over heile landet er det mange som ventar på utgreiinga som Justisdepartementet har bestilt og ikkje minst korleis dei skal følgjast opp.

Les også
Utreder om domstol skal erstatte UNEAsylsaker
Les også
Skuffende svar fra UNE om konvertitter
Les også
Flere enn før mener innvandring gjør Norge bedre
Les også
Terrortrusler, storstreik og unormalt vær preget 2014
Les også
Voldsalarm til forfulgte konvertitter
Les også
UNE gir beskyttelse til konvertitter fra Afghanistan