Politikk og nattverd

Dei 1.700 frammøtte fekk ei kraftig oppfordring til politisk engasjement under opninga av trusopplæringskonferansen i Lillestrøm.

Kyrkjeleg tilsette frå heile Noreg var i går samla på den årlege trusopplæringskonferansen i Lillestrøm onsdag. Temaet var «ansikt til ansikt».

– Mange kjem inn i kyrkjelege samanhengar utan at dei blir sett, sa biskopAnn-Helen Fjeldstad Jusnes iSør-Hålogaland bispedøme under opningsgudstenesta. Ho tok til orde for ei kyrkje som engasjerer seg politisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Alle menneske ber Guds bilete. Difor må kyrkja engasjere seg når menneskeverdet er truga, understreka biskopen.

Ho fekk støtte fråHilde Frafjord Johnson, som er generalsekretær iKrF og nyleg skreiv boka «Den vanskelige freden», om si tid somFN sin spesialutsending til Sør-Sudan. Ho fekk ordet etter gudstenesta og formana forsamlinga til å engasjere seg mot klimaendringar og dei mange opne konfliktane i verden. Her heime meinte ho at kyrkja burde stå i front for å integrere flyktningar.

– Dersom vi tek i mot dei, vert det vanskelegare for politikarar å seie at integreringa er så vanskeleg, sa Frafjord Johnsen.

Stormønstring

Det er 15. gong trusopplæringskonferansen opnar dørene for trusopplærerar, prestar og andre kyrkjeleg tilsette.

– Dette er ei stormønstring for heile kyrkja. Både for dei som har seminarer og dei mange som arbeider i kyrkja og kjem for å få påfyll, seier preses iDen norske kyrkje,Helga Haugland Byfuglien i det ho kjem til Norges Varemesse, der konferansen held til. Med seg har ho brorparten av bispekollegiet.

– Kor viktig har denne konferansen vorte for Kyrkja, Byfuglien?

– Den er av stor viktighet for kyrkja. Og det gjer at så mange prioriterer å komme attende hit år etter år, seier kyrkjetoppen før ho forsvinn videre inn mot vrimleområdet der stand frå diverse organisasjoner står tett som bedehus på Vestlandet.

Gjenkjent

Møter mellom mennesker og møter med Gud stod i høgsetet under stormønstringa. Kristne må sjå, fordi dei sjølv er sett og bekrefta av Gud, sa Fjeldstad Jusnes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er noko djupt menneskeleg i det å ville bli sett. Kanskje er blikket mellom ei mor som ammer og barnet hennes det fremste dømet på det å bli gjenkjent, sa biskopen under opningsgudstenesta. Ho drog ei linje til Gud som ser mennesket.

– I Bibelen les vi at Guds ansikt lyser på oss i godleik. Det tyder at han kjenner oss igjen med godleik. Og når Gud ser oss, ser han sonen sin som deler vårt liv og går med oss. Han ser på oss i nåde og med fred fordi vi er hans skapningar, men også fordi Jesus dekker oss med si miskunn, sa ho.

Leiartrening

– Kva forventningar har du til konferansen?

– Vi har eit program for leiartrening, og er særleg ute etter ressurser til dette. Frivillige leiarar er viktige for å gjennomføre leirarbeidet til konfirmantar, mellom anna, seier Thorsen som er tilsett i Lurøy kyrkjelege fellesråd, der han arbeider med barn og unge.

– Magisk

Mellom dei som smilte aller mest under konferansen, var representantane fråOs kyrkjelyd i Hordaland, som mottokTrusopplæringsprisen 2016.Gro Helen Blindheim Skjælaaen, kyrkjelydspedagog i Os, seier til Dagen at prisen betyr mykje.

– Vi har kjent at det vi har halde på med har vore magisk. Det har vore utruleg stort for oss å utarbeide og gjennomføre skapingsdagane og sjå korleis det fungerer i samarbeid med kunstnarar og ungane.

Unike, skapt av Gud

Skapingsdagane er eit tidsavgrensa breiddetiltak for første- og andreklassingar i Os kyrkjelyd. Tilbodet går av stabelen dei tre første dagane etter skuleslutt, i sommarferien. Der får borna lære om skapinga, at dei er unike og skapte av Gud.

Kvar morgon samlast alle i kyrkja om temaet «Skapt i Guds bilete», «Skapt til fellesskap» og «Skapt til å dele». I samarbeid med lokale kunstnarar får borna knytta kunst og bibelforteljing gjennom å skape sjølve. Tilbakemeldingane har vore svært gode.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit alternativ

Kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven opplever at fellesskapet dei skapar saman desse dagane er unikt.

– Ikkje minst opplever vi vanvittig skaparglede saman med born, foreldre, frivillige og kunstnarar.

Trusopplæringstiltaket i Os er meint å vere eit alternativ til andre aktivitetar som borna får tilbod om i oppstarten av ferien.

– Korleis påverkar skapingsdagane borna sitt forhold til kyrkja?

– Eg trur dei får eit meir kvardagsleg forhold til kyrkjerommet, men og til kyrkjelydshuset, trur ho.

Heime i kyrkja

Dei to gler seg over å kor raskt borna ser ut til å kjenne seg heime i kyrkja.

– Dei ser at vi er tilgjengelege. Ikkje minst foreldra opplever det, seier dei.

I grunngjevinga frå juryen får Os kyrkje ros for at borna er medskapande. «Å realisere born si medvirking i trusopplæringa på denne måten er eit førebilete,» skriv dei.