Nyhetsbiletet som endra hausten

Dei lokale debattane i vår om kommunen kunne ta to eller ti ekstra flyktningar vart brått utdatert då tusenvis av asylsøkjarar kom over grensa.

Brått vart grensepasseringa i nord til Russland inngongsport til Noreg for fleire tusen som ville søkje asyl. Unge menn, kvinner og nokre familiar kom syklande dei siste mila over grensa.

LES:Hareide til kamp for «norske verdier»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I sør kom det asylsøkjarar på tog og buss - også her i tusental.

Den intense politiske debatten frå i vår framsto som eit fjernt minne.

Integreringsminister Solveig Horne (FrP) hadde sendt brev til alle norske kommunar og bede dei om å busetje fleire flyktningar enn dei opprinneleg hadde planlagt.

10.000 flyktningar...

Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre hadde vakt jubelbrus og hovudristing då han gjekk på talarstolen på landsmøtet og gjorde klart at han sa ja til 10.000 syriskeflyktningar.

På KrFs landsmøte i Trondheim jubla KrFU-arane på første benk og heva selfiestengene då landsmøtet med overveldande fleirtal vedtok at Noreg skulle ta imot 10.000 kvoteflyktningar dei to neste åra.

I salen var det ikkje alle som jubla like høgt. KrFs ordførarar og lokalpolitikarar ville gjerne ha garantiar om at staten tok ekstrarekninga viss dei fekk store utgifter til einskilde flyktningar.

Etter harde forhandlingar på Stortinget vart det semje om 8.000 flyktningar frå Syria på tre år.

...vart eit lite tal

Sjeldan har eit vedtak blitt innhenta i større fart av hendingane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med sommaren kom det ei folkevandring vi sjeldan har sett maken til i Europa. I små og skrøpelege båtar kom dei over Middelhavet til Italia og Hellas. Gåande nordover kryssa dei grense etter grense før nokre få av dei kom til Noreg. Trøytte og slitne tok dei seg over grensa i Østfold. Utslitne sov dei på Tøyen utanfor Politiets Utlendingsenhet der dei skulle registrere seg.

Der vakna også nordmenns varme hjerter. Dei kunne ikkje sjå på at medmenneske sov på gata utan mat og varme nok klede. Restaurantar stilte opp med mat og frivillige bidrog til at møtet med Noreg vart mildare.

Innanfor dørene jobba utlendingsmyndigheitene på spreng med å få på plass nye tilsette og rutinar for å kunne ta unna straumen på tusenvis. I Råde vart eit tidlegare handlesenter omgjort til akutt mottakssenter.

Fann ledige rom

Og så skjedde det som for nokre månader sidan ville vore heilt urealistisk. Over heile landet leita ordførarar med lykt og lupe etter ledige plassar til å ta imot asylsøkjarar. Leirstader, ledige hotell, brakker som stod tomme etter nedgongen i oljebransjen, nedlagte skular - ja, til og med tomme klasserom og bedehus vart sett opp på lister over mogelege stader asylsøkjarane kunne vere.

Samstundes som dei nye asylsøkjarane fekk stadar å bu, jobba politikarane saman på ein ny måte for å redusere tilstrøyminga av asylsøkjarar og stramme inn. I november gjekk alle partia på Stortinget - med unnatak av SV og Miljøpartiet Dei Grøne - saman om ei rekkje tiltak. Sverige stengte grensene gjennom midlertidig grensekontroll.

Avtok

Etterpå gjekk talet på nye asylsøkjarar ned. Over Storskog tørka asylstraumen heilt inn.

Då statsminister Erna Solberg (H) oppsummerte det siste halvåret i desember, løynde ho ikkje at det siste halvåret har vore det tøffaste sidan regjeringa overtok for over to år sidan. Over 30.000 asylsøkjarar har kome hit i år. Enorme tal samanlikna med debattane i vår.

Over heile landet flytta samstundes asylsøkjarar inn i mellombelse mottak. Nærmiljøa reagerer med ei blanding av uro og velkomst. Mange fekk ein støkk då det planlagde asylmottaket i Lindås brann ned natta etter at det vart godkjent som mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan dei første vekene i haust var prega av stor omsorg for asylsøkjarane, endra debattklimaet seg utover hausten. Ein underskog av rasisme og hat sette preg på nettdebattar.

Pakketurar

Pressen fann nye fakta. Journalistar fann ut korleis det vart seld pakketurar frå Moskva med fly til Kola-halvøya, hotellinnkvartering der og sykkel for dei som ville ta seg over grensa til Noreg.

NRK avslørte korleis storstilt menneskesmugling også vert organisert frå Noreg. Bakmennene kan tene opp til 40.000 kroner per asylsøkjar. Det sikraste dokumentet er eit syrisk pass, som vert seld for høge summar.

Den nyutnemnde innvandrings- og integreringsministaren Sylvi Listhaug (Frp) varsla om at det ville bli meir kontroll med identitet og dokument.

Mange av dei nye asylsøkjarane er muslimar, og frykta for korleis det kan endre Noreg fekk også meir plass i debatten ut over hausten.

Informasjonsleiar Hege Storhaug i Human Right Services bok «Islam. Den 11. landeplage» nådde 24.000 i opplag i desember. Då vår journalist var med henne på ein bokkveld i Asker i desember, opplevde han det som journalistar sjeldan opplever: Folk som kom for å lytte til henne, ville ikkje snakke om kvifor dei var der.

Asyltilstrøyminga vil prege oss også neste år. Korleis veit vi ikkje. Men vi fekk kanskje eit lite varsel om det rett før jul: Då gjekk to familiar i kyrkjeasyl i Hammerfest. Dei frykta at dei ville bli returnerte.

Det skjedde berre eit par veker etter at Dagen hadde meldt at det for første gong på 22 år var tomt for kyrkjeasylantar i norske kyrkjer og gudshus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei neste månadane og åra vil vi oppleve at fleire tusen asylsøkjarar truleg vil få avslag på søknadane sine. Håpet om eit betre liv i Noreg blir knust. Vil vi sjå ei ny bølgje med kyrkjeasylantar? Korleis vil i tilfelle Frps justisminister og innvandringsminister reagere på det? Vil dei for første gong gå inn i ei kyrkje og hente dei ut?

Hausten som endra nyhendebiletet kan raskt bli til ein vår som endra nyhendebiletet på nytt.