TIL NORGE: Den israelske atomteknikaren Mordechai Vanunu (60) har gifta seg med professor Kristin Joachimsen (46) ved Menighetsfakultetet. No vil Liv Signe Navarsete (Sp) ha Vanunu til Norge. Ein israelsk domstol har gjeve Vanunu forbod mot å forlata landet.

Lite Norge kan gjera for Vanunu

Liv Signe Navarsete (Sp) har framleis eit lite håp om å få den israelske aktivisten til Norge.

EØS/EU-minister Vidar Helgesen svara i Stortingets spørjetime på vegne av utanriksministeren då Liv Signe Navarset (Sp) spurte om Norge ville prøva å få den 60-år gamle israelske aktivisten og tidlegare atomteknikaren Mordechai Vanunu til Norge.

Bakgrunnen er at Vanunu i mai gifta seg med den nyutnemnte professoren i GT ved Menighetsfakultetet Kristin Joachimsen (46).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vanunu har tidlegare spesifikt bedt om lov å koma til Norge. Norge har tidlegare ikkje vore villig til å skriva ut pass til Vanunu, og dermed har saka vore låst. Vil utanriksministeren syta for at Vanunu, som no har gifta seg med ei norsk kvinne, kan få søkja om norsk pass frå Israel? spurte Navarsete.

Lang fengselsstraff

I 1986 var Vanunu dømt til 18 års fengsel for å ha røpa opplysningar om det israelske atomprogrammet til den britiske avisa Sunday Times. Han var med i ei propalestinsk fredsgruppe og hadde konvertert til kristendommen.

Då han var sett fri i 2004 etter å ha sona dommen, fekk han forbod mot å forlata Israel og forbod mot å uttala seg til media. Same året søkte han asyl i Norge og fleire andre land. Det vart seinare kjent at dåverande kommunalminister Erna Solberg (H) instruerte UDI til å avvisa søknaden.

I svaret hevda Vidar Helgesen at det er lite norske styresmakter kan gjera i saka.

Israel avgjer

– Det er det israelske rettsvesenet som har idømt Vanunu forbod mot å reisa ut av landet og avgrensa ytringsfridomen hans. Det betyr at dette berre kan endrast med ei ny avgjerd i ein israelsk domstol, sa Helgesen.

Han sa vidare at det ikkje er grunnlag for å gje Vanunu norsk pass då eit norske pass berre vert utskrive til norske statsborgarar.

– Vanunu har ikkje bedt om norsk bistand i den seinare tid. Dersom det skulle koma ein slik søknad, må vi vurdere saka. Men det er avgrensa kva norske styresmakter kan gjera.

Ein søknad frå Vanunu vil bli behandla av UDI, sa Helgesen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grunn til håp

Navarsete meinte det var grunn til håp i svaret frå ministeren.

– Vanunu har inngått ekteskap med norsk statsborgar, det set saka i eit nytt lys. Eg ber departementet sjå nøye på denne saka om ein søknad skulle koma og vurdera å skriva ut eit naudpass eller innvilga mannen asyl. Saka vekkjer allereie stor internasjonal merksemd, og Norge har eit ansvar for å fremja respekt for menneskerettar, sa Navarsete.

Ho viste til at 262 norske juristar har skrive under på eit krav om at regjeringa må påleggja UDI å gje Mordechai Vanunu norsk pass.

– Dette bør Norge informera Israel om for å leggja press på den israelske staten i denne saka, sa Navarsete.

Varsame medier

I Israel er Vanunu lite omtala i media. Også israelske medier er pålagt restriksjonar når det gjeld å kommentera saker som har med landets atomprogram, og Vanunu-saka tangerer dette saksområdet. Direktør for Jerusalem Press Club, Uri Dromi, nølar med å seia noko som helst.

- Eg veit for lite om saka til å kommentera den. Det einaste eg kan seia generelt er at det er mogeleg israelske syresmakter no etter kvart kan vera villige til å sjå på Vanunu-saka på nytt, seier Dromi til Dagen.

Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

Mordechai Vanunu (60)

Teknikar ved det israelske atomanlegget i Dimona.

Utleverte opplysningar og bilete av dette til Sunday Times.

Dømt i 1986 til 18 års fengsel for avsløringane.

Frådømt retten til å forlata Israel. Har heller ikkje lov å uttala seg til media.

Gift i mai 2015 med Kristin Joachimsen (46), professor i GT ved Menighetsfakultetet.

Liv Signe Navarsete (Sp) ønskjer Vanunu velkommen til Norge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Vanunu nektes fortsatt kontakt med omverdenenFakta
Les også
Israel har trolig 80 atomstridshoder
Les også
Vanunu sier fra seg israelsk statsborgerskap