Kvinner kan få seks av sju styreplassar

For ni år sidan var det berre menn i Indremisjonsforbundets styre. No kan dei bli i mindretal.

Neste veke skal Indremisjonsforbundets generalforsamling i Ålesund ta stilling til om styret deira skal opne seks av sju plassar i forbundsstyret for kvinner. Til no har tre av sju plassar vore opne for kvinner.

I eit forslag til lovendring ber Forbundsstyret generalforsamlinga fjerne kravet om at minst fire menn skal sitje i styret. I staden er det berre formannen som må vere mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvifor ynskjer de å endre lovene?

– Vi ville fjerne sjansen for at vi ikkje fekk nok menn til å fylle hyrderådet. Det ville vore ein ubehageleg situasjon, seier generalsekretær Erik Furnes.

Vil unngå valrot

I dag er tre plassar i Forbundsstyret opne for kvinner, men det er ingenting i vallovene som hindrar fleire kvinner i å bli valt inn. Dermed kunne ein fått eit valresultat med fire eller fleire valde kvinner - medan lovene sette ei grense på tre.

I ei større revidering av lovene valde difor Forbundsstyret å heve grensa til seks kvinner.

Det er ni år sidan styret vart opna for kvinner. Indremisjonsforbundet lærer at hyrde- og læreansvaret tilhøyrer menn, og tidlegare var det Forbundsstyret som hadde læreansvaret.

I 2007 vart det oppretta eit hyrderåd, som har hyrde- og læreansvar. Både formann, nestformann og eit styremedlem sit i hyrderådet.

LES OGSÅ:Kvinner vil ikke være nødløsning

For å gje plass til inntil seks kvinner i Forbundsstyret, er det foreslått å endre måten hyrderådet vert samansett på. No er det berre formannen som skal ha fast plass. Styret skal oppnemne to andre menn i hyrderådet. I tillegg skal generalsekretær og rektor vedBibelskulen på Bildøy fortsetje i rådet. Det er også foreslått at rådet skal endre namn til «lære- og tilsynsråd».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Forventar du debatt om at seks av sju i forbundsstyret kan vere kvinner?

– Valkomitéen skal innstille både menn og kvinner, så eg trur alle er samde om at det blir ein teoretisk diskusjon om det kan bli seks kvinner. Eg ser ikkje grunnlaget for ein slik debatt, men han kan kome.

Frykta mannsmangel

I eit førsteutkast til lovendring foreslo Forbundsstyret at tre av styremedlemmene skulle vere menn, men dette vart endra etter rådsmøtet i februar. Rådsmøtet peikte på at det ville kunne vere vanskeleg for å ei generalforsamling å sikre at det vart valt inn «nok» menn i styret, ifølgje Sambåndet.

Trass i at Indremisjonsforbundet opna for kvinner i styret i 2007, vart den første kvinna valt inn først i 2011.

Då organisasjonen same året skulle tilsetje bibelskulerektor og dagleg leiarIndremisjonssamskipnaden, var det mangel på menn til stillingane.

LES MER:Følelser, tradisjon eller teologi?

Den gongen vedgjekk generalsekretær Furnes at Indremisjonsforbundet hadde ei mannskrise. - Kvinner kan kjenne seg som reserve, sa han.

Det var rett etter at Indremisjonssamskipnaden (IMS) hadde tilsettMarit Hårklau Ådnanes som leiar i krinsen. Styret i IMS leitte etter menn til stillinga i eitt år utan å finne nokon. Same år vart ogsåAud Karin Kjølvik Ringvoll konstituert som rektor på Bildøy Bibelskule i stillinga som opphavleg var for menn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at vi har ei mannskrise i ImF, sa Furnes til Dagen.

– Ikkje på grunn av krise

Furnes avviser at det har noko med mannskrise å gjere når organisasjonen no opnar for fleire kvinner.

– Nei, det har ingenting med det å gjere. Dette er for å unngå ein situasjon der vi vel inn fleire kvinner enn vi har plassar til.

– Ynskjer de også å gje eit signal til kvinner når de no gjer endringa?

– Vi opplever dagens ordning med ei samansetjing av menn og kvinner som ei god ordning. Vi ynskjer den blandinga og ser at det er ein rikdom at vi har både kvinner og menn i styret.

Han understrekar at ImF ynskjer å ivareta prinsippet om skilnad på menns og kvinners teneste og at dette blir gjort gjennom hyrderådet.

Viss Indremisjonen opnar seks av plassane for kvinner, er det først ved valet om tre år at endringane trer i kraft.

I dag er det to kvinner i styret, Anne Bente Klokk Svendsvik frå Molde og Marit Hauge frå Sotra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne perioden har hyrderådet jobba med dokumenta «Skilsmisse og gjengifte», «Menn og kvinners teneste» og Indremisjonsforbundets råd om korleis ein skal forhalde seg tilDen norske kyrkja.