VANSKELEG: Brødskjeremaskina på handelslaget har den siste veka vorte svært humørsjuk. Ikkje berre blir brødskivene tjukkare enn vanleg, deg kjem også ut i en fykande fart. Handelslagsstyrar Oldus Kneiken Jr. bekreftar at salet av kjøpebrød har falle dramatisk etter at maskina slo seg vrang. Foto: Sten E. Nyfjolling

Sabotasje mot brødskjeremaskina

Dramaet rundt den nye brødkuttaren på handelslaget vil ingen ende ta. Dei siste dagane har innretningen ­oppført seg høgst unormalt.

Krykkjebakkposten 27. september 2015

Striden om brødkuttaren var endeleg komen inn i eit rolegare farvatn etter at Heimebakstpartiet gjorde det godt ved kommunestyrevalet for snart to veker sidan. Eit kompromiss har ført til at brødkuttaren skal stå ubrukt tre dagar i veka, noko alla partar endeleg såg ut til å slå seg til ro med.

Ulike teoriar

Det kjem difor som ei stor overrasking at brødkuttaren sjølv har byrja å oppføra seg på ein måte som gjer at han i praksis ikkje kan nyttast. Står framande krefter bak, er den politiske striden blussa oppatt, eller har blondiner tukla med maskinen fordi dei aldri har forstått korleis den virkar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Teoriane er spenstige, og rykta mange etter det som har vore den store snakkisen i Krykkjebakksundet dei siste dagane:

Normalt kuttar maskina eit brød i 20-22 skiver. Men sidan tysdag er talet redusert til 12-14. I tillegg hender det at brøda blir skjert opp så fort at skivene kjem fykande ut av den humørsjuke maskina.

Tjukke skiver

Påtroppande ordførar Bergliot Gaukhei har stått fremst i kampen mot brødkuttaren. Ho antyder at handelslagsstyrar Oldus Kneiken jr. «utan tvil er i mistankens dunkle søkelys» ettersom han har interesse av å selja tjukke skiver.

– Dess tjukkare skivene er, dess meir brød sel han, resonnerer ho.

– Ein urimeleg påstand, kvitterer Kneiken jr. og syner til at salet av kjøpebrød har falle dramatisk etter at maskina slo seg vrang.

Då Bergliot Gaukhei torsdag ettermiddag var innom handelslaget for å kjøpa 20 kilo kveitemjøl, greidde ikkje handelslagsstyraren å dy seg. Gløymd var den vekegamle politiske hestehandelen som førte til at Gaukhei truleg vert ordførar og han sjølv varaordførar:

– Kva med deg, Bergliot og ditt forferdeleg hat mot kjøpebrød? Er det du som har tukla med maskina? I så fall kan du skyta ei kvit pil etter ordførarkjedet, freste han etter den trufaste mjølkunden i det ho gjekk ut døra med stive bein.

Dalai Lama?

Av meir spenstige teoriar er ein frå konspirasjonsteoretikar Ludvig Lindeflåten (95), som meiner det kan stå framande krefter bak «tidenes mest alvorlege sabotasje på våre kantar.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lindeflåten, som framleis arbeider på ei bok om tibetansk verdsherredøme, ser ikkje bort frå at Dalai Lama har «hatt sine folk» i Krykkjebakksundet denne veka.

Augevitne

Gloria Priscilla Skuggebergdal, leiar for blondinelaget, har ikkje vore motstandar av brødkuttaren, men laget sette tidleg fram kritikk mot bruksanvisningen som står oppslått over skjeremaskina.

– Tysdag høyrde eg tydeleg at ho uttrykte seg i tydelege ordelag om kva ho hadde tenkt å gjera dersom ho ikkje snart fekk ei skikkeleg forklaring på korleis brødkuttaren skal brukast. Ho låg då på golvet og dytta ein spiralloff inn i holet på den vesla pappkassen med plast­posar, forklarar augevitne Leif O. Nielsen.

-------------------------------------

Ja til flyktningar

Krykkjebakksundet kommune tek samfunnsansvar og seier ja til å ta imot flyktningar. Det nye kommunestyret var måndag samla til sitt første møte, og etter val av Bergliot Gaukhei (HP) som ordførar og Oldus Kneiken jr. (SP) som varaordførar stod den nye kommunen sitt «internasjonale samfunnsansvar» på dagsorden.

Etter fem minuttars debatt samla fleirtalet seg om eit vedtak som kort fortalt går ut på at Krykkjebakksundet tek imot 0,01 syrar frå årsskiftet.

– Krykkjebakksundet er dermed meir flyktningevenleg enn USA, som med sine 310 millionar innbyggjarar tek imot 15.000 flyktningar, argumenterer ordførar Bergliot Gaukhei. Kommunestyret overlet til den nye kommuneadministrasjonen å leggja til rette for praktisering av vedtaket.

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Lettare kaotisk situasjon etter historisk kommunevalKrykkjebakkposten