FORVENTER DISKUSJON: Avtroppande formann Sverre Dag Ljønes (t.v.), personalleiar Aud Karin K. Ringvoll og generalsekretær Erik Furnes samtalte om forventningane til GF. ­ La røysta di lyde, var oppmodinga frå Ljønes til delegatane. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes, KPK

Forventar diskusjon om ImF og Den norske kyrkja

Både delegatar og leiarar var spent på korleis diskusjonen om forholdet til Den norske kyrkja blir då Indremisjonsforbundet si generalforsamling starta onsdag kveld.

Indremisjonsforbundet (ImF) si generalforsamling har starta i Ålesund og avtroppande formann Sverre Dag Ljønes har klare forventningar til delegatane.

– Eg forventar at de har lese dokumentet med råd frå ImF i kyrkjesituasjonen og at de alle har eigne meiningar om innhaldet i dette dokumentet. Ver bevisst anten du vil melde deg ut av Den norske kyrkja, eller du vil bli verande. La røsta di lyde under forhandlingane denne veka, oppmoda han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spesielt GF

Forkynnar Ingunn Holm er delegat frå ImF Sør og er også forsamlingsarbeidar i Randesund Indremisjon. Ho har delteke på dei siste generalforsamlingane og meiner at indremisjonen må verte bevisste på kva som er organisasjonen sitt eige.

– Det er heilt spesielt i år dette med kyrkjesituasjonen. Eg har ei forventning til dette GF at vi vert eit bevisst folk, at vi får god forkynning og inspirerande seminar. Det vert spennande med forhandlingane. Elles er det alltid ei glede å få treffe så mange folk, og ha den gode fellesskapen med dei vi høyrer til i organisasjonen vår, seier ho.

Fokus på å nå unge

Krinsleiar Ommund Tveit i IMF Sør har òg delteke på mange storsamlingar i indremisjonen. Han håper at mange folk kjem til GF, at forkynninga er god og at indremisjonen framover må ha fokus på å nå nye unge.

– Vi må tilpasse møtetidspunkta slik at unge og barnefamiliar kan vere med på møta våre, meiner Tveit.

Kring 550 personar deltok på opningsmøtet til GF onsdag kveld i Borghallen på Borgund Folkehøgskule.

Kallet

Generalsekretær Erik Furnes sa at mottoet for årets GF er kallet til organisasjonen: Innta landet.

– I dag finst det stadar der det er tynt med kristent arbeid. For oss er det eit kall å gå ut med Ordet til alle. Håpet mitt for årets GF er mellom anna at Gud kan skape iver og lyst til å innta landet for Gud, slik Herren har kalla oss til, understreka Furnes.

Krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon, Johan Halsne, heldt opningstalen. Han tok med seg forsamlinga i Ålesund på tre toppturar gjennom tilvisingar til fleire stadar i Bibelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kom til meg seier Herren. Her på GF har vi bønerom inne i Borghallen. Kom til Jesus og få ein topptur, utfordra Halsne.

Les også
Han er den nye lederen i Indremisjonsforbundet
Les også
Vi har mykje land å innta
Les også
Kirketopp vil ha dialog med indremisjon
Les også
Legg strategisk plan for bedehusa
Les også
«Den kristne kunnskapen er på retur i folket»