PÅ SIDELINJA: – Den som opprettar medlemsregister for dei som melder seg ut, og slik indirekte oppmodar til utmelding av Den norske kyrkja, har plassert seg sjølv på sidelinja, seier biskop Halvor Nordhaug.

Hallaråker gler biskopen sitt hjarta

Biskop Halvor Nordhaug helsar velkomen den varme støtten han får frå Karl Johan Hallaråker. Han har derimot lite til overs for at andre kristenleiarar opprettar eigne kyrkjesamfunn og oppmodar folk til å melda seg ut av kyrkja.

– Eg er veldig glad for den støtten som Hallaråker gir. Det er viktig at ein person som har ein så sterk posisjon i det lågkyrkjelege kristenfolket og med tydeleg konservativ ståstad, gir si støtte til det vedtaket som Bispemøtet har fatta, seier Nordhaug til Dagen.

Rett forstått

Han meiner Hallaråker ser vedtaket til Bispemøtet slik det skal forståast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nemleg som eit svar på den situasjonen som kyrkja er i etter kyrkjevalet, med eit fleirtal for vigsel av likekjønna par. Hallaråker peikar på at det nye vedtaket i Bispemøtet sørgjer for handlingsrom og fridom for det konservative synet, seier Nordhaug.

Biskopen understrekar at det skal lagast ny liturgi for likekjønna ekteskap og ingen felles liturgi for alle:

Rom for konservative

– Alle tilsette i kyrkja kan hevde det konservative synet framleis og få full støtte på det. Men vi må realitetsorientera oss og innsjå at fleirtalet i Kyrkjemøtet på demokratisk vis har gjort dette valet.

Han er ikkje like glad for kommentarar frå organisasjonsleiarar som har meldt seg ut av Den norske kyrkja,

– Dei har ikkje vore med og arbeida for at deira syn skal få gjennomslag i kyrkja. Den som opprettar medlemsregister for dei som melder seg ut, og slik indirekte oppmodar til utmelding av Den norske kyrkja, har plassert seg sjølv på sidelinja, legg Nordhaug til.

Bibelens ord

– Nokre vil hevda at biskopane burde ta meir omsyn til kva Bibelen seier i saka?

– Eg står for det Bibelen sier at ekteskap er for kvinne og mann. Det har lenge vore to ulike syn i kyrkja, og no vert det også to ulike liturgiar. Det er det som er det nye. Vi har lenge levd i kyrkjefellesskapet med to syn, trass i denne usemja. Usemje treng ikkje splitta Den norske kyrkja, seier Nordhaug.

Les også:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Kampen for evangeliet
Les også
Kan oppfordra bedehusfolket til å forlata kyrkjaHomofilisaka
Les også
Skriftforståelse er ikke et privat prosjekt
Les også
Prester skal kunne preke homofili som syndBispemøtet
Les også
Sørgjer over bispekompromiss