Kostar pengar å laga god avis

Sprettvald Kleggstubb & co skriv ikkje berre artiklar i Krykkjebakk­posten. Dei skriv også rekningar.

– Eg forstår ikkje at dette skal vera noko å bråka for. Slikt har me drive med i Krykkjebakkposten i alle år og lenge før det nymotens engelske namnet vart oppfunne, fortel bladstyrar Sprettvald Kleggstubb.

Han er også ansvarleg for annonsesalet i avisa og ser ikkje noko problem med rolleblandinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Inntekter

Kleggstubb fortel at content marketing er ein viktig del av økonomien i Krykkjebakkposten.

– Berre i fjor tente me fleire tusen kroner på å nemna ulike former for tenester, produkt eller produktnamn i spaltene.

– Korleis går dette føre seg i praksis, Kleggstubb?

– Vanlegvis skriv me først og sender rekning etterpå. Andre gonger kan det vera oppdragsgjevaren som lanserer ein ide, som me lagar journalistikk på.

– Har du døme på slike saker?

– Den eg kjem på i farten er fakturaen med sende til produsenten av Bengalakk i fjor haust.

– Bengalakk?

– Ja, hugsar du saka me hadde i oktober om dommaren som gjekk berserk og grisa til heile fotballbanen med ei sprayflaske når det skulle takast frispark? Han hadde nemleg forveksla Bengalakk med ein vassbasert lakk som vert bruk ved oppmåling av tomtegrenser. Det skreiv me – og sende rekning til Bengalakk på tusen troner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Og Bengalakk betalte?

– Nei, dei tykte det var dårleg reklame for Bengalakk. Og det er eg for så vidt samd i.

Forhandlar om pris

I same saka vart det nemnt at fotballdomaren var sterksynt. Som sjef for annonsesalet vende bladstyrar Sprettvald Kleggstubb seg difor til ein av optikarane i byen og tilbaud faksimileillustrert annonse i påfølgjande nummer.

– Eg hadde til og med annonseteksten klar: «Om dommarane er litt ville, så treng me alle brille.» Me forhandlar framleis om prisen, avslører Kleggstubb.

– Betyr dette at alt som står i Krykkjebakkposten er fordekt reklame for eit eller anna?

– I prinsippet, ja, svarar bladstyraren.

Inge vits

Debatten i resten av Medie-Noreg går på at content marketing- sakene ikkje er tydeleg merka og skil seg frå resten av stoffet i avisene.

– Ein meiningslaus debatt. Heile vitsen er jo vekke dersom dette stoffet skal merkast. Kven vil lesa reklame som ser ut som ein nyhendeartikkel? fnyser Sprettvald Kleggstubb.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvifor avslører du denne praksisen?

– Mot slutten av fjoråret opplevde med eit kraftig fall i content marketing-inntektene, og denne trenden har halde seg inn på nyåret. Til lesarar som gjerne vil ha fram ein bodskap, har eg denne appellen: Ta kontakt snarast, så skal me finna på noko lurt.

Knut Arild

– Er dette reklame for over­nervøse kattar eller for Kristeleg Folkeparti?

– Takk for tipset, men førebels har eg fakturert hobbydyrlege Primvald Krykkjebakk d.y. for 2000 kroner. Han skal ha fått fleire nye kundar etter at me skreiv om den vellukka behandlinga av Knut Arild og nokre ­minigrisar.

Sjå også: