FRILUFTSMØTE: Torsdag ettermiddag blir det friluftsmøte i Norheimsund. Biletet er frå fjorårets møte.

Inviterer til friluftsmøte i sommar-Hardanger

Forkynninga, hageselskap, båtliv og bokslepp. Det er litt av det redaktør Kurt Urhaug i Evangelisten gler seg til under bibel­konferansen på Framnes denne veka.

– Kva særpregar stemnet?

– Vi ønskjer å ta hand om heile familien, både barna, tenåringane, vaksne og eldre. Fellesskapet på Framnes gir inspirasjon til kristenlivet og tenesta, og dette gir oss det vi treng av vitaminer for vandringa vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kva er tema på konferansen?

– Vi har valt temaet «Jesus åleine». Det skal vera eit samlande tema som all forkynning på konferansen og alt vi står for skal dreia seg om.

– Kvifor er du med akkurat her?

– Eg er redaktør i Bladet Evangelisten som skipar til denne konferansen og har dermed trekt i ein del trådar både når det gjeld talarar og musikkrefter. Utanom talarane skal fleire musikkgrupper delta, Norhordlandskoret Hatikva kjem på besøk ein dag, og i tillegg lagar vi vårt eige stemnekor.

– Kvar kjem deltakarane frå?

Folk kjem frå Nordmøre og Romsdal, frå Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Tidlegare år har det og vore deltakarar frå Finnmark, men eg veit ikkje om dei er representert i år. Det vert ei stor og god spreiing på deltakarane.

– Korleis vil du beskriva sangen og musikken?

– Sang og musikk høyrer med og er noko naturleg i det kristne fellesskapet. Formidlinga må vera god, med gode og sentrale tekstar med eit klart og godt fokus. Dei som er med må formidla sentale, evangeliske sangar. Sangen og musikken kan vera like viktig som ein god forkynnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Korleis legg de til rette for at folk skal bli kjent med kvar ­ andre?

– Det er viktig at alle er inkluderande og at alle vert sett, enten det no er i matsalen, på møte eller i leik og moro. Folk skal oppleva at dei vert rekna med og ikkje kjenner seg utanfor.

– Kva er ditt sterkaste minne frå tidlegare stemne?

– Det gjer sterkast inntrykk når nokon tek eit standpunkt for Jesus, når opplegget er slik at det får evighetsbetydning. Det har eg opplevd på desse stemnene, og det set spor. Det viser ein kvalitet ved stemnet som fyller meg med takksemd.

– Er det noko du gler deg særskilt til?

– Eg gler meg til å møta folket, ta dei i neven, takka for sist og ønskja nye velkomen. Så gler eg meg til å samlast og oppleva fellesskapet, sangen og forkynninga. Vi skal også setja vårt preg på Norheimsund. Torsdag ettermiddag vert det friluftsmøte i sentrum, det vert flott! Og så kjem Johnn Hardang med ei ny bok under dette stemnet.

– Kva betyr det som skjer på stemnet for deg elles i året?

– Bibelkonferansen er eit høgdepunkt i løpet av året, og det er kjekt å kunna leggja til rette sike stemne. Her kjem barn og unge saman med foreldre og besteforeldre. Mange gonger er det dei unge som pressar på for å reisa på stemne. Det er rikt å oppleva slike dagar, både som redaktør og i kristenlivet. Ei slik samling opplever eg rik og inspirerande som kristen og i tenesta i Guds rike.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:

Bladet Evangelistens Bibelkonferanse

30. juni – 5. juli.

Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund.

250 påmelde.

Forkynning, sang og musikk, friluftsmøte, hageselskap, båtliv og bokslepp.

Les også
Frelsesarmeen jubilerer
Les også
Ungdommer som ikke vil gåFrelsesarmeens Ungdomsfestival
Les også
Ser skjult nød bak fasade av velstandJubileumsmarkering
Les også
70 prekener og 15 stevner for familien på åtte hjulReiseruten
Les også
Kommer fra kriker og krokerKRIK Action 2015