ALKOHOL: Statsråd Bent Høie under toppleiarmøtet i fjor.

Slik skal Høie roe alkopresset på jobb

I fjor sommar tok KrF-leiar Knut Arild Hareide initiativ til å dempe alkoholpresset i arbeidslivet. Han etterlyste ei meir gjennomtenkt haldning til alkohol og arbeidsliv.

Det fekk helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og Helsedirektoratet til å invitere til toppleiarmøte 7. august 2014 mellom partane i arbeidslivet, kompetansemiljø og representantar for bedriftshelsetenestene.

LES: Ikke lenger vinlotteri hos Avinor

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Møtet vart følgd opp av folkehelsemeldinga «Mestring og muligheter», der det heiter at regjeringa vil «stimulere stat og kommune som arbeidsgivere til en ledelsesforankret rusmiddelpolitikk».

– I regjeringa si opptrappingsplan for rusfeltet, vil dette bli følgd opp, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til Dagen.

Lagar rettleiing

Vidare er det sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Akan kompetansesenter og andre fagmiljø som skal utarbeide ei rettleiing for førebygging av rusmiddelbruk i offentlege verksemder. Rettleiinga skal også gi forslag til korleis studentorgan på lærestader kan innføre retningsliner for rusmiddelbruk.

Høie deltok på Akans årsmøte i år og ønskjer å delta også neste år, saman med arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

– Dette syner eit styrkt politisk engasjement for Akan-samarbeidet frå oss begge, seier Høie.

Akan viktigast

– Avinor kuttar vinlotteri og konjakk til kaffien. Kan det vere aktuelt å ta inn Akan-verktøy i rikspolitiske settingar?

– Det er viktig å syne fram korleis arbeidsgjevarar, både offentlege og private, kan gjere seg nytte av eit godt rusmiddelførebyggande arbeid. Samstundes er det nødvendig å utvikle kunnskap og metodar som kan støtte arbeidslivet i dette arbeidet, slik at Avinor og andre verksemder sjølve kan komme fram til hensiktsmessige retningsliner med brei oppslutning blant medarbeidarane. Mitt viktigaste verktøy i dette arbeidet er Akan kompetansesenter, seier Høie.

Les også
Tar med seg Jesus opp i 1. divisjonKFUM fotball
Les også
Idrettspresidenten vil ha slutt på tribune-alkohol
Les også
25-åring med milliardbudsjettUngt byråd
Les også
Arbeiderpartiet sikrer bønn for kommune
Les også
Viking-veteran takker for seg med bibelvers