Ellinor Grimmark er jordmor. Hun er også abortmotstander og nekter å utføre abortinngrep. Det gjør at hun ikke får jobb på sykehus hjemme i Sverige. Foto: Lovise Myrnes Steinrud

Samvitsjordmor kjempar i retten

Jordmor Ellinor Grimmark kjempar no i retten etter at ho har reservert seg mot å delta i abortinngrep.

Den svenske jordmora har dei siste åra arbeidd på eit norsk sjukehus i Østfold sidan ho ikkje får lov å reservere seg mot å delta i abortinngrep i heimlandet.

I Noreg har både jordmødre og lækjarar rett til å reservere seg mot å delta i abortinngrep. I Sverige har dei i praksis ikkje den same retten, og det er dette Grimmark no har gått til sak for å få erstatning for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grimmark krev 140.000 svenske kroner i erstatning, skriv Aftonbladet.

– Sanninga er at vi allereie har lovleg rett til samvitsfridom i Sverige, men han vert ikkje praktisert. No skal vi drive det gjennom, sa Grimmark i det ho gjekk inn dørene til Jönköpings tingrett i Sverige tysdag morgon.

Ho kom tysdag til tingretten saman med advokatane Ruth Nordstrøm og Jörgen Olson, som er overtydde om at ho hadde lovene på si side. Trumfkortet deira er Europarådets resolusjon om samvitsfridom for helsepersonell.

RETTSSAK: Ellinor Grimmark møter denne veka i retten med sine advokatar Ruth Nordström og Jörgen Olson.

– Kan ikkje velje vekk

Like sigerssikre var representantane frå Region Jönköpings län då dei kom til rettslokala.

– At ein skulle velje vekk visse moment når ein søkjer ein jobb er noko vi aldri har høyrt om, sa regionens advokat Erik Danhard til Världen idag.

Han viste til Ellinor Grimmars motstand mot å delta ved abortinngrep i si teneste som jordmor.

– Eg har ikkje sett nokon svensk eller annan domstol som argumenterer på nokon annan måte, sa Erik Danhard.

Nekta tilsetjing og løn

Inne i rettssalen gjorde Grimmarks advokatar greie for bakgrunnen for at ho har stemna Region Jönköpings län: ho har blitt nekta tilsetjing, har fått trekt tilbake ei tilsetjing og inndrege studentløn under praksis. Alle hendingar er knytt til tre sjukehus i Jönköpings län.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved eit tilfelle var arbeidsavtalen inngått då Grimmark vart kontakta av kvinneklinikken med melding om at tilbodet vart trekt tilbake på grunn av stor medieomtale.

Grimmarks advokat la vekt på stor vekt på Europakonvensjonens omtale av samvitsfridom for helsepersonell.

– Han vart underteikna av Sverige i 1995 og er overordna svensk lov. Vi er dermed som nasjon forplikta til å følgje han, sa Jörgen Olson, som drog eit kort riss av samvitsfridom som ein historisk rett.

– Samvitsfridom fanst allereie i Hippokrates lækjar-ed frå 500-talet, peika han på.

Grimmarks advokat hevda at samvitsfridom for helsepersonell var ein føresetnad i førearbeida til den svenske abortlova frå 1974. Der heiter det at ein i fordeling av arbeidsoppgåver bør «så langt som mogeleg ta omsyn til personalets ynskjemål».

Advokatane understreka at jordmora aldri hadde kravd andre tilretteleggingar enn at ho ikkje skal delta ved abortinngrep. Dette vart stadfesta av ei rekke e-postar som vart lest opp i retten.

Norsk erklæring

Ein e-post frå hennar norske arbeidsgjevar i Østfold vart lesen opp i retten.

Dei fastslår at dei er tilfreds med jobben ho gjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Vi er svært nøgde med henne», skriver klinikksjefen og meiner at haldninga hennar til abortar ikkje har medført noko problem i tenesta hennar som jordmor. «Det har aldri medført noko problem, verken for pasientar eller personale», heiter det i erklæringa frå det norske sjukehuset.

Rettssaka vert avslutta torsdag ettermiddag.

Ei rettssak til

Ei liknande rettssak pågår i Södermanland der jordmora Linda Steen har går til sak etter å ha blitt nekta jobb på sjukehuset i Nyköping og Eskiltuna. Også her er bakgrunnen at jordmora ikkje vil utføre aborter, skriv Aftonbladet.

Rettssakene møter kraftig motstand på leiarplass i avisa Aftonbladet:

«Det er ein ideologisk motivert kamo som no vert ført i våre rettssalar og i ytste konsekvens handlar dei om kvinners helse og rett til eigne kroppar», heiter det der.

Les også:

Rettssak

Jordmora Ellinor Grimmark har gått til sak mot Region Jönköpings län for å få erstatning for at ho ikkje får jobb på sjukehusa.

Ho reserverer seg mot å utføre abortar, og vert difor nekta jobb.

Rettssaka i Jönköpings tingrett vert avslutta torsdag.

Dagen

Les også
Ber samvittighetsutvalg se på «skrekkeksempel»
Les også
Ny vår for svensk jordmor i NorgeEllinor Grimmark
Les også
Hun nektes jobb som jordmorMail til besvær