DANS OG SANG: Dansende ungdom på Sionplassen i sentrum av Jerusalem tirsdag kveld. Terror og vold samler Israel mer enn vanlig i kampen mot terroren.

Terroren som samlar Israel

Frykt held folk vekke frå gatene i Jerusalem. Men på Sionplassen i sentrum dansar ungdom til fengjande israelske folkesongar.

Sola er nett gått ned og kvelden senkjer seg over den israelske hovudstaden. Det er mistenkjeleg få fotgjengarar ute på Jaffagata der Bybana er det einaste køyretøyet som traffikerer den elles så travle handlegata. På Sionplassen syng ei gruppe ungdommar av full hals og dansar til fengjande israelske folkesongar. Ingen arabarar er å sjå, berre jødar og nokre få nysgjerrige turistar vandrar gatelangs denne varme kvelden.

Utrykking

Då kastar ein av dei mange uniformerte seg på motorsykkelen og set av garde med fulle sirener i vill fart oppover Jaffagata. Sekundar etter følgjer tre-fire politibilar med fulle sirener, og kort etter det nok tre-fire politibilar følgt av fleire store innnsatsbilar. Nokre av ungdommane legg på sprang etter utrykkingskøyretøya – kan hende vert dei vitne til nok eit terroråtak i den valdstrøtte byen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innbyggjarane i den israelske hovudstaden er trøytte og lei av dei mange overfalla dei siste vekene som har kosta altfor mange menneskeliv. Tirsdag morgon slo to palestinarar til mot ein buss full av passasjerar nær FN-hovudkvarteret og skaut og drap to av passasjerane. Nærmare tjue personar vart skadde før politi og tryggingsstyrken kom til og skaut overfallsmennene. Same morgonen køyrde ein palestinar inn i folk på ein busshaldeplass i det ultraortodokse kvarteret og nok ein person vart drepen.

Spent stemning

Stemninga i Jerusalem er spent etter dei to overfalla. Det er uvanleg få folk å sjå i gatene, nesten ingen gjestar på fortausrestaurantene som elles er fulle, og den tette trafikken liknar situasjonen fredag ettermiddag rett før sabbaten går inn og jødane er i ferd med å ta helg. Folk er på vakt og ser seg om ein ekstra gong når dei treff andre på gata eller stiller seg opp og ventar på bussen.

TV-kanalane sender om att og om att opptak frå åstaden for overfalla, der både knivstikking og dei dødelege skota er dokumenterte. Reportarar på plassen fortel kva som skjedde, og ut over dagen intervjuar dei stadig nye forståsegpåarar. I studio drøftar samfunnskjennarar den uhaldbare situasjonen, og både president Rivlin, statsminister Netanyahu og borgarmeistar Barkat er djupt rysta over hendingane.

Tempelberget

Overfalla og terroren byggjer på ein påstand om at den israelske regjeringa er i ferd med å endra statusen til Tempelberget, som arabarane kallar Al-Aqsa-moskeen. Israel har innført omfattande restriksjonar for kven som får koma opp på Tempelplassen, samtidig som talet på jødar på Tempelplassen har auka betydeleg det siste året. Reaksjonane frå muslimar på plassen mot besøkjande jødar har vorte stadig sterkare, og fleire jødar er vorte lynsja på Tempelplassen.

Etter reaksjonane både ute blant folk og frå reportasjene i media oppnår palestinarane det motsette av det dei er ute etter med den aukande valden. Denne terroren fører til at folk står meir samla mot palestinske krav enn nokon gong før. Opposisjonspolitikarar som kritiserer regjeringa Netanyahu for feil politikk overfor palestinarar, vert færre og færre og står meir og meir åleine. Israel kallar inn ekstramannskap både blant politi og tryggleiksstyrken for å setja ein endeleg stoppar for den omsynslause valden. Overalt i Jerusalem kryr det av uniformerte som overvakar alt som skjer.

Ingen farbar veg

Gradestokken har passert 30 i Jerusalem dei siste dagane samtidig som valden har gripe om seg. No håpar alle at den oppheta situasjonen skal normalisera seg og dei opphissa unge mennene bak valden skal skjøna at overfall på uskuldige sivile ikkje er en fruktbar veg for å nå sine religiøse eller politiske mål i eit sivilisert demokrati som Israel.

Les også
Passar godt på borna sine i Israel
Les også
Oppfordrer til flere «martyraksjoner»
Les også
Åtte busspassasjerer skadet i knivangrep i Israel
Les også
TV-stasjonen SAT-7 i politiets søkelysfakta SAT-7
Les også
Fred for Jerusalem