NYHETERKULTURETTERTANKEMENINGERVELSIGNET HELGLYD & BILDEBLOGGKUNDESERVICE
Jakob Sande var ein staseleg kar i sin ungdom.<br>
Jakob Sande var ein staseleg kar i sin ungdom.
Foto: Det Norske Samlaget
Då diktaren Jakob Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga «Svarte næter», fekk han gode kritikkar i pressa. Men Dagen slakta Sunnfjord-forfattaren.

ANDREAS VISTNES
@Tekst-rr:Dette kjem fram i biografien om Jakob Sande
skriven av Ove Eide. Det er i år 100 år sidan Sande vart fødd.
– Meldinga i Dagen er godt kjend i litteraturhistoria
men ikkje diktet som Sande skreiv som ei


– Det er viktig å få fram kor allsidig Jakob Sande var i diktinga si, seier Ove Eide, som har skrive biografien 'Jakob Sande Liv Dikting».
Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK
Jakob Sande var forelska i unge Halldis Moren, men måtte gje opp håpet då ho møtte Terjei Vesaas.
Foto: Det Norske Samlaget

Sande-kjennar
@Tekst-rr:Sande skreiv meir eller mindre samanhengande frå 1929 til 1961.
Biografien om Sande vart sleppt på marknaden frå Samlaget forrige veke. Forfattar Ove Eide (fødd i 1950) som til dagleg er pedagogisk leiar ved Firda vidaregåande skule i Sandane i Sogn og Fjordane, har eit enormt kjeldetilfang i boka si, både muntlege og skriftlege. Han har samla inn stoff i ti år før han sette seg ned for å skriva denne biografien. Eide har rett nok fått tilgang på mykje informasjon om Sande som redaktør av Jakob Sande-årboka frå 1994 til 2006.
Han har skrive og redigert nær 20 bøker om lokal historie og litteratur. Men boka om Sande er langt meir enn lokalhistorie, det dreiar seg om ein folkekjær diktar som i si tid var kjend over heile Noreg.
Jakob Sande var fødd 1. desember 1906 i Dale i Sunnfjord og døydde 16. mars 1967 på Ullevål sykehus i Oslo. Han gifta seg i 1942 med Solveig Ytterlid, og dei fekk dottera Siri i 1943. Dei flytta frå kvarandre i 1946, men blei aldri formelt skilde. Jakob hadde samvær med dottera ein gong i veka.
Tonesett
@Tekst-rr:Jakob Sande skreiv heile tida i tradisjonen med rim og fast rytme, og svært mange av dikta hans er blitt tonesette, mellom andre julesalma 'Det lyser i stille grender» og påskesalma 'Du som låg i natti seine». Heile 30 ulike komponistar har sett tonar til Sandes dikt. Også i dag vert det sett melodiar til dikta hans. På den måten er det også lettare å læra seg dikta hans utenat og dei blir lett tilgjengelege for folk flest.
Einsemd
@Tekst-rr:-Breidda og mangfaldet i forfattarskapet er mykje meir enn det som er kjent gjennom Ønskekonserten og ulike revyar. Sande er ein djupt eksistensiell forfattar som henta mykje av stoffet frå Bibelen, folketru og folkediktning, forteljingar og stoff frå gresk og norrøn  mytologi. Sande skriv mykje om grunnleggjande menneskelege tilhøve, humoren er berre ein bit av det, seier Ove Eide til Dagen.
Han hadde stor samkjensle med dei som kjenner seg utanfor. Diktet 'Den gløymde spedalske» frå 1936 trekte han fram eit par år før han døydde som sitt beste dikt. I diktet skriv han  fritt etter Lukas 17:11.
— Han skriv her om å vera einsam og utstøytt av Gud og menneske. Det same gjeld påskesalma 'Du som låg i natti seine». Eit av dei sentrale bodskapa i heile forfattarskapet til Jakob Sande er kjensla av eksistensiell einsemd, å vera forleten og utstøytt.
— Kjende han seg utanfor sjølv?
— Han var eit menneske som ikkje lett gjekk inn i sosiale fellesskap og samanhengar. Systra hans karakteriserte han som ein einstøing. Heilt frå barnsbein av var han mykje åleine, han var ikkje med i gjengen og fantestrekane deira. Men i vaksen alder med musikkinstrumentet lutt som han spela, kunne han stå på ei scene og fungerte svært bra,  seier Eide.
I si ungdomstid på Firda gymnas i Sandane vert han likevel av ein medelev karakterisert som ein livleg kar som likte å fortelja historiar:
'Somme trur eg han laga sjølv, men dei var alltid interessanne.(...) Når vi ein hende gong hadde fest på Firda gymnas, stramma Jakob Sande seg opp. Han var som ein konge på dansegolvet, særleg når det var damenes dans. Men det var og dei jentene som var litt redde for å danse med Sande. Dei hadde høyrt at han skulle bli forfattar, og kven kunne då vite kva han då ville skrive om».
På 1930-talet identifiserte han seg med den radikale studentrørsla.  Etter krigen er nok den musikalske 'Visens Venner» det viktigaste sosiale arena der han kjem med i 1945 og er med heilt til han døyr i 1967. Her møtte han forståing, folk som sette pris på han, han fekk prøve ut visene sine og dei song og spelte. Dei hadde festar, møter, dei reiste på turnéar og var med på radioinnspelingar.
Han var også styremedlem i forfattarforeninga, men sette ikkje spor etter seg der, meiner Eide.
— Var han ein religiøs person?
— Der er i alle høve mange religiøse stemningar i forfattarskapet hans. Eg kjende han ikkje, og han sa ikkje noko om trua si sjølv. Samstundes er der mange spark og parodiar på religiøse ritualer, preikarar og maktmenneske innanfor det kristne miljøet. Han parodierer domedagspreiker og helvetesfantasiar som han opplevde under vekkjinga i Dalsfjorden på 1900-talet.
Samfunnsengasjert heim
@Tekst-rr:Jakob voks opp i ein liberal og samfunnsengasjert heim i Dale i Sunnfjord. Faren, Andreas Sande, var lærar og ordførar, venstremann, målmann og klokkar, ein kjend kombinasjon for mange bygdeleiarar på Vestlandet den tid. Mora, Ragna Margrethe, var mykje interessert i litteratur og ei samlande kraft i heimen, som var open og utadvendt, der mykje folk kom og gjekk i møte med ordføraren. Med denne bakgrunnen fekk Jakob Sande kontakt med mange sider av bygda. Han stod i ei sosial mellomstilling, møtte alle lag av folket og kunne sjå både oppover og nedover samfunnsstigen.
Toleranse og vidsyn prega heimen, med ein viss skepsis til lekmannsrørslene, men samstundes visste familien kvar i samfunnet dei høyrde heime, skriv jakobsande.no.
Musikk og song
@Tekst-rr:Musikk og song var ein vesentleg del av tilværet. Jakob og syskena arva songrøyst og musikalitet og fekk opplæring i kvar sine instrument. Jakob spela fele, som faren; seinare gjekk han over til å spele lutt. Og han har sjølv i intervju sagt at musikken var utgangspunktet for diktinga.
Som evnerik lærarson måtte Jakob gå skulevegen. Han gjekk gymnaset på Eid, med eitt år på Sandane, og byrja å studere i Oslo i 1926. Seks år seinare var han lektor med hovudfag i norsk og med tysk og historie som bifag.
Etter å ha avlagt cand. philol.-eksamen i 1931 drog han til sjøs, for å bli sjømann hadde alltid vore draumen hans. I 1934 vart han lektor i Fredrikstad, og etter krigen jobba han som lektor på Ullern gymnas i Oslo. I 1963 bestemde han seg for å slutta som lærar for å satse heilt på diktinga. Han fekk då eit arbeidsstipend på 15 000 kroner med lovnad om tildeling også i 1964 og 1965.
-Han fungerte dårleg som lærar, men måtte ha ein jobb for å få seg inntekt. Sande følte seg nok mobba i lærargjerninga. Alkoholbruken hans gjorde ikkje jobben lettare, seier Eide som ikkje har valt å fokusera so mykje på Jakob Sande sin trong til flaska.
@Kreditering:DAGEN

Del|

(24.10.2006 kl. 05:00)

Tips en venn
 


Justisminister Grete Faremo (Ap) skal gå gjennom sikkerheten til synagogen i Oslo på nytt og har løpende kontakt med politi og sikkerhetstjeneste.

 

Inger Marit Sverresen møtte sterke reaksjoner etter at hun uttrykte at Uttøya-massakren var en "advarsel fra Gud",

 

Somalieren, som beskyldes for å ha helt kokende vann over konvertitten "Ali", vil sannsynligvis gå fri. 

 

Venstre-politiker Abid Raja mener Arfan Bhatti ikke er verdt spalteplassen han får.

 

Det nystartede partiet De Kristne offentliggjort sine ledere overfor Dagen

 

Ved Langmyra skole i Molde ble elever på flere trinn bedt om å meditere mens de så på et bilde av Buddha. En kristen mor, som selv er lærer, reagerer kraftig på det hun mener er religionsutøvelse i RLE-faget.  

 

Senterpartiets Ola Borten savner Hareide i regjeringen.

 

Annonse

Klikk her for å lese Dagen digitalt, når du vil og hvor du vil.


Siden 2009 har antallet personer som søker asyl i Norge gått ned med nærmere 50 prosent. Utlendingsdirektoratets statistikk viser at det kom 9.053 asylsøkere til Norge i 2011, mens det i 2009 ankom 17.226.

Mikael Davud og Sawad Sadek Saeed Bujak ble mandag dømt til fengsel for planlegging av terrorhandling i Danmark.

Bare detaljer står igjen før den langvarige fredsprosessen i Nepal kan bringes til en lykkelig slutt, sier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

 

Over halvparten av de spurte støtter EØS-avtalen, viser en måling som Sentio har laget for Nationen.

 

Stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten (KrF) mener det er urimelig at Sjømannskirken jobber for staten uten betaling. Nå krever han at utenriksministeren rydder opp. 

 

Annonse

Statsminister Jens Stoltenberg uttrykte fredag sin dypeste beklagelse overfor jødene i Norge fordi norske borgere deltok i arrestasjoner og deportasjoner. 

 

Statsminister Jens Stoltenberg forventes å komme med en form for unnskyldning til de norske jødene under den internasjonale Holocaustdagen i dag. 

 


Utviklet av React Solutions AS