Jakob Sande 1931
Lyrikaren Jakob Sande er representert med to songar i både Sangboken og Norsk Salmebok. Den eine er den kjende julesongen «Det lyser i stille grender». Den andre er påskesongen:
«Du som låg i natti seine»
Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvørd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmannen frå Getsemane!
Du som spotta vart og banna,
Kront med klunger-krans om panna,
Medan augo brann i sorg,
Du som stod i namnlaus pine,
Skild frå dei du kalla dine,
Einsam i Pilati borg!
Du som hekk til krossen nagla,
Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
«Fader, kvifor gjekk du frå meg!».
Å, lat nådens blodstraum nå meg,
Offerlam frå Golgata!
Lær mi sjel kor du laut lida,
Syn meg såret ditt i sida,
Styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen, du.
(24.10.2006 kl. 05:00)