NYHETERKULTURETTERTANKEMENINGERVELSIGNET HELGLYD & BILDEBLOGGKUNDESERVICE
Paul Odland      
Fekk leva for å laga falske pengar



Moritz Nachstern var ein av dei ytterst få norske jødane som kom levande heim att frå nazistane sine dødsleirar. Få år etterpå skreiv han saman med Ragnar Arntzen boka som den gongen vart kalla «Falskmyntner i blokk 19». Boka vart fort gløymt. Men no er den same boka til all lukke henta fram att, slik at me kan lesa denne ytterst fascinerande og dramatiske soga, vel seksti år etter at det hendte.
Det finst fleire bøker om og av norske jødar som overlevde Holocaust. Dei er dramatiske alle; og ytterst naudsynt at dei finst på marknaden. Eg set likevel eit stort kryss ved denne. Ikkje minst avdi boka er vorten til få år etter at andre verdskrig var slutt; og avdi ho gjev eit nærbilete av alt det vonde dei måtte gjennom; dei som trass alt overlevde. Det er ei pine å lesa om all fornedring og vondskap.
Men dertil også den sjeldne og spanande soga om blokk 19, der Moritz og mange andre hamna; der litt av kvart skulle foregå; nemleg dette: Det skulle prentast store bunker med pund-setlar, som skulle sleppast ned over Storbritannia, og slik sett skapa megainflasjon og øydeleggja heile infrastrukturen i samfunnet. Det var store visjonar knytt til prosjektet; difor vart folk som hadde kunnskap om grafikk, teikning, bankfolk, trykkarar og andre med likandne yrkesbakgrunnar, samla i blokk 19. Mange av dei var jødar. Arbeidet gjekk føre seg i det stille; ingenting måtte koma ut. Fangane her visste med seg sjølve at dei fekk leva så lenge trykkmaskinane gjekk. Etterpå måtte dei vekk, det vil seia, i omnane med dei! Men så lenge det var liv, var det von. Og faktisk; nokre av dei klarte å berga seg ut frå ragnarokket til slutt.
Før alt dette, skildrar Nachstern dagleglivet i hovudstaden, fram til både han og mange andre jødar vart arresterte. Internering, eit opphald i Berg fangeleir; og så transport sjøvegen til nazistane sine leirar. Akkurat denne delen er ikkje vesentleg annleis enn andre bøker av overlevande jødar.
Fram til han hamna i blokk 19 i Sachsenhausen, var han utruleg heldig gong etter gong, som overlevde. Eit skeivt ord, eit blikk, eit svar når han skulle teia, eller å teia når  han skulle svara, kunne vera nok til å verta slegen forderva, eller eit skot i nakken. Sjølv undra han seg over at han kom gjennom dette; det kjem fram i boka mange stader.
I boka kjem det fram at det var store summar i pund som vart produsert. Pundsetlane var også av framifrå kvalitet; slik at sjansen for at det skulle verta oppdaga at dei var falske, når dei kom ut blant britane, syntest vera minimale.
Ein kom aldri så langt at planen vart sett ut i live. Ein del pengar vart gøymt unna. Så seint som i 1999 vart ein kasse med falske pund funnen i ei elv i Østerrike!
Boka har føreord av dotter til forfattaren; Sidsel Nachstern; og etterord av historikaren Bjarte Bruland. Her er også mange svart-kvitt-bilete og teikningar frå andre verdskrigen. På mange måtar ei makelaus bok og ei forunderleg soge. Ta og les!

Del|

(24.10.2006 kl. 05:00)

Tips en venn
 


Justisminister Grete Faremo (Ap) skal gå gjennom sikkerheten til synagogen i Oslo på nytt og har løpende kontakt med politi og sikkerhetstjeneste.

 

Inger Marit Sverresen møtte sterke reaksjoner etter at hun uttrykte at Uttøya-massakren var en "advarsel fra Gud",

 

Somalieren, som beskyldes for å ha helt kokende vann over konvertitten "Ali", vil sannsynligvis gå fri. 

 

Venstre-politiker Abid Raja mener Arfan Bhatti ikke er verdt spalteplassen han får.

 

Det nystartede partiet De Kristne offentliggjort sine ledere overfor Dagen

 

Ved Langmyra skole i Molde ble elever på flere trinn bedt om å meditere mens de så på et bilde av Buddha. En kristen mor, som selv er lærer, reagerer kraftig på det hun mener er religionsutøvelse i RLE-faget.  

 

Senterpartiets Ola Borten savner Hareide i regjeringen.

 

Annonse

Klikk her for å lese Dagen digitalt, når du vil og hvor du vil.


Siden 2009 har antallet personer som søker asyl i Norge gått ned med nærmere 50 prosent. Utlendingsdirektoratets statistikk viser at det kom 9.053 asylsøkere til Norge i 2011, mens det i 2009 ankom 17.226.

Mikael Davud og Sawad Sadek Saeed Bujak ble mandag dømt til fengsel for planlegging av terrorhandling i Danmark.

Bare detaljer står igjen før den langvarige fredsprosessen i Nepal kan bringes til en lykkelig slutt, sier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

 

Over halvparten av de spurte støtter EØS-avtalen, viser en måling som Sentio har laget for Nationen.

 

Stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten (KrF) mener det er urimelig at Sjømannskirken jobber for staten uten betaling. Nå krever han at utenriksministeren rydder opp. 

 

Annonse

Statsminister Jens Stoltenberg uttrykte fredag sin dypeste beklagelse overfor jødene i Norge fordi norske borgere deltok i arrestasjoner og deportasjoner. 

 

Statsminister Jens Stoltenberg forventes å komme med en form for unnskyldning til de norske jødene under den internasjonale Holocaustdagen i dag. 

 


Utviklet av React Solutions AS