Forteljing med mange trådar
Det tok ei stund for meg å koma inn i denne romanen. Men når det var gjort, fekk eg ei leseoppleving det var vel verdt å nytta tid på. Særleg siste delen av boka er meisterleg, og eg må berre konstatera: Kjartan Fløgstad er ein stor forfattar!
@Tekst-rr:Denne romanen er som eit einaste vidtfemnande nettverk med trådar i så mange og ulike retningar. Men vevkjerringa sit plassert i industristaden Sauda, eller ved enden av Lovrafjorden som forfattaren veljer å kalla fjordarmen inn til denne Ryfylke-bygda.
Sjølv har eg vakse opp på ein industristad, på mange vis anleis enn Sauda. Likevel kjenner eg meg att i fleire sider ved Fløgstad si skildring. Ikkje minst dette at arbeidarane kom frå ulike kantar både i inn- og utland. Dei hadde alle med seg ei historie. I denne romanen vert vi på ein detaljert og kan hende nokre gonger litt for omstendeleg måte, leia til ulike arbeidarar sitt bakgrunnsteppe, både av personleg, nasjonalt, politisk og kulturell karakter.
@Tekst-rr:-Romanen innheldt ei diktarleg framstilling av vesentlege sider ved industrihistoria vår. Det var tilgangen på kraftressursane som la grunnlaget for verksemder av Sauda-typen. Kapitalen styrde utviklinga og arbeidsplassane. Fabrikkane vart etterkvart meir og meir dominerte av multinasjonale selskap og internasjonal pengemakt.
Kva skjedde og kva vart det med arbeidarane og familiane deira i denne prosessen? Fløgstad kan setja ting på spissen, men ikkje meir enn at sanning og ofte bitre realitetar kan plukkast ut av det den diktarlege fantasien og fridomen har skapt.
@Tekst-rr:-Av forunderlege innslag i nettet som vert spunne fram i «Grand Manila», er forteljinga om ein aftansong og salmekveld i ei kyrkje. Her var det songar av Trygve Bjerkrheim som sto på programmet. Og bortimot slik eg i si tid høyrde Bjerkrheim sjølv fortelja det, får vi med oss bakgrunnen for songen «Han tek ikkje glansen av livet». Så —g det har Fløgstad sett seg inn i.
@Tekst-rr:Språkleg gir Fløgstad glimtevis oss denne gongen det heilt geniale, men og det eg opplever som litt platt og banalt. Nokre av freistnadene på ordspel opplever eg fell gjennom, om det då ikkje er meint som ei karikering av det tabloidane i mediaverda serverer oss?
Inne mellom kjem det avsnitt skrivne i verseform, dei tykkjer eg ikkje særleg om. Og eg kan ikkje heilt skjøna kvifor dei fleste kapitla vert innleia med ein faksimile av fiktive e-postutskrifter.
Men som eg starta med å slå fast: Dette er ein roman eg ikkje tregar at eg nytta tid på. Det gav med lyst til ein gong sjølv å spinna eit nett ut frå dei forteljingar livet så langt har gjeve meg.
@Signatur: Audun Mosevoll
fakta/bok
Kjartan Fløgstad
Grand Manila
Roman
Gyldendal 2006
Ib. 411 sider
(24.10.2006 kl. 05:00)