Kristine Østhus Ben-Haim @Signatur-sted:Jerusalem
Vel, så er me altså komen til tida «etter høgtidene» her i Israel. Både før desse jødiske hausthøgtidene startar, i løpet av den knappe månaden dei går føre seg, er det lite av den vanlege rutinen som skjer. Alle brukar uttrykket at me får kome tilbake til det «acharei hachagim» — etter høgtidene. Det er som om heile landet stoppar opp for ein periode. På godt og på vondt. Dersom ein treng å få noko gjort, kan det vere litt frustrerande. Sjølv venta me på eit lån frå banken når det gjeld det nye huset me er i ferd med å kjøpe, og no let det vente på seg på grunn av høgtidene.
Samstundes er det herleg med ei slik pause frå det vanlege livet. Ein har meir tid til å kose seg saman med familie og vener. Storfamiliar et høgtidsmåltid saman på sabbatskveldar og andre høgtidskveldar. Ved det jødiske nyttåret, Rosh HaShana, gir ein gjerne små gåver til vener og familie. På Yom Kippur, den store soningsdagen, ser ein så å seie ingen bilar på vegane, men det er derimot fullt av born på syklar, og andre som er ute og spaserer og nyt kor stille og roleg alt er. I løpet av den vekelange løvhyttefesten inviterer folk kvarandre til å kome og sitje i løvhytta si og drikke ein kopp kaffi. Born, og heile familiane hjå dei mest religiøse, søv ute i løvhyttene, og får flotte opplevingar saman. Sjølv har me som regel gjester frå utlandet i løpet av delar av desse høgtidene, og det er jo alltid koseleg. Me ser faktisk overraskande mykje til familien frå Noreg. Avstanden er heldigvis ikkje så stor i våre dagar.
Og no ligg altså dette bak oss også i år. Gjestar har reist heim, og huset ser ut slik det vanlegvis gjer, utan ekstra senger rundt om. Løvhyttene er rydda bort, og sperrer ikkje lenger for lyset som kjem inn til stova frå verandaen. Folk er tilbake på jobb med ny energi, og det er herleg å få ting gjort. Landet kjem seg sakte men sikkert i gang igjen. Det er som om alt vaknar opp att, og det kjennest godt. Alt har si tid. Det er slike gonger det viser seg at same kor herleg det er med høgtid og avkopling, så er det dei gode og vante rutinane som er det beste i lengda.
(21.10.2006 kl. 05:00)