Kyrkja under Mannen

Innbyggjarane i Lyngheim og områda rundt fjellet Mannen lever dagleg med trusselen om ei lokal syndflod. Kyrkja er sentral i krisemobiliseringa.

Nylig hende det igjen. Heile Medie-Norge vart mobilisert då Mannen igjen rista på seg. Farenivåetvart auka til «raudt» og nedanfor fjellpartiet som har fått tilnamnet Veslemannen, vart bygdefolket i Lyngheim evakuert.

Fem minutts køyring unna bygda ligg Kors kyrkje. Fungerande prost Petter Dahle sei at den stadige trusselen kjem opp i samtalar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det kan lett dukke opp der ja. Når ein har opplevd det fleire år på rad så vert det jo lett til at folk lurer på korleis ein skal forhalde seg til det. Dei evakuerte får god hjelp av kommunen og har nok mest kontakt med dei. Men vi har hatt kontakt med bebuarar, seier Dahle som er fungerande prost i Indre Romsdal prosti. Til dagleg er han ein av prestane i Rauma.

 

Klar for krise

Når Veslemannen først gjev seg kan så mykje som 120 000-180 000 kubikk med gråstein komme dansande ned fjellsidene. Frykten er at steinmassane i tillegg til å gjere skade på folk, fe veg og bygningar skal demme opp elva Rauma. Det vil igjen kunne føre til forstørra skadar når den kunstige demninga bryt saman.

Kyrkja er involvert i kriseberedskapen i bygdene, og prosten sit i krisegruppa. Utover det forheldt kyrkja seg til det styresmaktene seier, fortel Dahle. Trass trusselen har ikkje prosten nevnt den overhengande fara i sine preiker.

– Nei, det har eg ikkje gjort.

Slitsomt og krevande

Sjølv om Mannens røyrsler er ei stadig kilde til uro og frykt i lokalsamfunna som ligg nærast, trur Dahle at ein har lært seg å leve med det. For eit par år sidan vart ein av konfirmantane med familie evakuert.

– Men mora stilte likevel opp som foreldrevakt på konfirmantweekend, minnast Dahle.

– Men korleis er det å leve med ei stadig trussel hengande over skuldra?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg tenkjer at det er veldig slitsomt og krevande. Kvar gong det øker på med nedbør så må dei ha planane klare. Dei fleste har ordna seg med evakueringsplassar som er klar på kort varsel.

– Er det mykje frykt?

– Heilt klart. Alle er jo vant med det, men dei siste åra har det vorte så kritisk. Dei vil jo behalde heimane sine, samtidig ser eg at situasjonen blir meir og meir uhaldbar.

– Er det folk som vurderer å flytte?

– Det har eg ikkje grunnlag for å uttale meg om.

Spenning

Før eller sidan dett fjellet ned, og med tida kan heile Mannen komme etter. Då vert det dramatisk.

– Håpar folk at fjellet dett ned?

– Ja. Eg har hørt folk sei det. Det er jo ei slags dobbelhet i det. Det er ei spenning og det sit jo kommunen på kartet. Samtidig er det lite som skjer, og for dei som bur midt oppe i det er det veldig traumatisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men har du sendt opp ei bøn om at no må Mannen rase?

– Hehe, nei. Det har ikkje kome til det punktet enno. Men det er som dei sei, fjellet lever sitt liv. Vi må berre ha respekt for naturen, og ta imot det som kjem.