Niqab-kvinne var utkledd islam-skeptikar

Mange kundar fekk seg ein støkk under handleturen tysdag føremiddag. Mellom reolane på handelslaget gjekk det nemleg ein høg kvinneskikkelse kledd i niqab.

– Eg var sikker på at eg hadde fått eit alvorleg illebefinnande og ba Oldus (Kneiken jr., handelslagsstyrar. red.mrk.) om å følgja meg til doktoren, fortel ein oppskaka ordførar i samtale med Krykkjebakkposten.

Treng terapi

Venterommet hjå fastlege Pontius Pillefjord vart etterkvart fullt av pasientar med liknande opplevingar etter sjokkmøtet med det mange trudde var ei høg, niqab-kledd kvinne på handletur i Krykkjebakksundet midt på lyse dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Niqab er det heildekkande klesplagget som nokre av dei mest muslimske muslimane nyttar når dei vil dylgja den kvinnelege lekamen.

– Eg fekk halsen i hjartet, fortel Gloria Priscilla Skuggebergdal, som trur ho må gå regelmessig i terapi i minst eit par år for å bearbeida opplevinga.

– Er det nokon av Krykkjebakkposten sine lesarar som veit om ein kjekk mannleg psykolog i passeleg alder, er det berre å seia frå, sa ei synleg prega, men optimistisk fru Skuggebergdal då Krykkjebakkposten tok ein tur innom venterommet.

Avslørte seg

Lite ante ho på dette tidspunktet kven som løynde seg bak den svarte kledebunaden. Kroppen i den beksvarte klesdrakta tilhøyrte slett ikkje nokon muslim og heller ikkje ei kvinne. Etter å ha skremt vitet av fjorten handelslagskundar kasta islamskeptikaren Asbjørn Roger Skuggbergdal (69) av seg den skremmande habitten.

Nokre kundar skrattlo, medan andre vart rasande.

Skuggebergdal fortel til Krykkjebakkposten at han har sett seg lei på flyktningdebatten «som har snike seg inn i den harmoniske bygda vår» dei siste månadane. På siste kommunestyremøtet før jul gjorde mellom andre Lillemor Lampe (MGP) seg til talskvinne for at dei 24 tomme husa i Krykjebakksundet kan opnast for asylsøkjarar.

– Er Krykkjebakksundet modent for muslimsk innvandring? spør kommunstyrerepresentantent og islamskeptikaren og svarar på innpust:

– Sjølvsagt ikkje!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Banebrytande forskning

Skuggebergdal meiner han gjorde eit banebrytande forskingsarbeid då han tysdag morgon klipte to små hol i eit gamalt laken og la i veg til butikken.

– Av fjorten kundar måtte 13 hjelpast til lækjarkontoret. 95 prosent av krykkebakkfolket er altså livredde for muslimar. Her må det skje ei mogning før me fyller dei tomme husa i bygda med folk som kler seg som spøkelse, seier han.

Flyktningvenlege Lillemor Lampe var ikkje på butikken då Skuggebergdal utførte forskingsarbeidet sitt, men seier at ho neppe ville blitt skremt eit vandrande laken.

– Slike heng det mange av kringom på klessnorene. Eg vert meir redd når Asbjørn Roger kjem køyrande rundt Krykkjebakksvingen i Skodaen sin, seier ho.