MISNØGD: Leif O. Nielsen (midten) er svært misnøgd med opplevinga han har hatt på Facebook dei siste vekene. – Her kryr det av kranglete og vrange folk med total mangel på sosial intelligens, seier Nielsen (59), som framleis er ungkar. Illustrasjon: Elin Fote Lynsjing

Vurderer søksmål mot Facebook

Vart lova nye vener, men tidlegare ålefiskar fekk hundrevis av fiendar.

Medan Krykkjebakksundet og resten av verda florerer av menneske som har utvida venekrinsen sin med mange tusen prosent etter at dei gjekk på Facebook, er det nokre som har heilt andre røynsler.

Ein av dei er lokalprofilen Leif O. Nielsen, som ikkje har publisert ein einaste status sidan laurdag for ei veke sidan. Då hadde han vore på Facebook i 21 dagar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dei tre verste vekene i mitt liv, fortel Nielsen.

Skeptikar

Den tidlegare ålefiskaren, moped­reparatøren, kvardagslyrikaren og ungkaren har alltid vore skeptisk til mykje av det nye som har kome til dei siste 40 åra, mellom anna ­vakumpakka røykelaks, kvinne­lege kranførarar, frukost-tv og skrukorkar på mjølkekartongane.

Han trudde også at internett ville­ forsvinna etter nokre veker.

Då ­sosiale medier vart allemannseige også i Krykkjebakksundet, stritta­ Leif O. Nielsen imot og meinte at dette var ein arena for ­sosialt ­understimilulerte tenåringar og nyfikne kvinnfolk.

Pastor-reaksjon

Men då han omsider oppretta Facebook-konto, kom den første kommentaren frå eks-pastor Raunvald Olsson i det ein gong så mektige Krykkjebakksundet Karismatiske Senter:

«Undrenes tid er ikke forbi.»

Nielsen svarte med å setja ­Olsson på plass for bruk av bokmål på ein vegg som var registrert på nynorsk og la til:

«Men denne svermaren har no alltid vore litt over gjennomsnittet fjollete».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fem minuttar seinare hadde Leif O. Nielsen mista fjorten facebookvener, alle med Olsson til etternamn. I tillegg vart han hengt ut på Olsson si nettside audmjuktenar.no – i første omgang som perspektivlaus og pirkete – seinare på kvelden som «den mest narrraktige fjompenissen som Krykkjebakksundet har fostra sidan slaget ved Svolder. Kanskje med unntak av hans eiga mor, som trudde at indianarane kom frå India.»

Kardang-reparasjon

Betre skulle det ikkje bli i dagane som følgde:

– Eg la ut uskuldige statusar om nokre karar i fiskeridepartementet som har teke frå meg næringsgrunnlaget og freda ålen, ein hugnadsam stubb om blondiner som ikkje kan tre-gongen og ein om korleis du kan sjå at ei blondine nettopp har laga sjokoladekake.

– Korleis kan du sjå det?

– Heile kjøkkengolvet er fullt av nonstop-skal.

Botnen – både når det gjaldt tilbakemeldingar og talet på blokkeringar – vart nådd då Leif O. Nielsen antyda at ordførar Bergliot Gaukhei er korrupt, sidan ho ikkje har lagt fram kvittering på kven som repararte kardangen på ektemannen Gunnar Gaukhei sin SUV.

Kardangen rauk på humpete skogsvegar under ein ferietur til Krykkjebakkstølen. Leif O. Nielsen meiner at både ferien og kardang-reparasjonen var kjøpt og betalt av den omstridde geitebonden og geitostprodusenten Klauvleif Smørklepp.

Misforstod lenke

Leif O. Nielsen hadde på det meste heile kommunestyret, halve soknerådet, storparten av kyrkjekoret, fire antifeministar, åtte minigrisar og eit hundretals utflytta krykkjebakkfolk som vener på Facebook.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ungkaren sine freistnader på å koma i kontakt med det andre kjønn hadde også stranda. Det siste gjekk i vasken då einskilde «optimistiske og overfølsomme kvinnebein» ifølgje Nielsen la for mykje i lenkinga hans til den gamle ABBA-hiten «Give me, give me, give me a man after midnight».

– Hadde eg vore vanleg arbeidstakar, ville eg teke ut eigenmelding i tre dagar for å koma til hektene og vurdera om det er grunnlag for søksmål mot denne amerikanaren som har funnet på noko så galnesleg som at folk skal mingla på nettet. Men for oss sjølvstendig næringsdrivande finst det ikkje høve til slik luksus. Det er berre å bita gebisset saman og stå på, seier Leif O. Nielsen og låser opp døra til mopedverkstaden i Septiktankvegen.

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Les også
Eks-pastor på glattcelleKrykkjebakkposten
Les også
Geitost kan bli advokatmat
Les også
Krykkjebakkfolket er som folk flest - tørkar klede inne
Les også
Krykkjebakkposten vil ikkje ta stilling i amerikansk presidentval
Les også
Tilbyr lagringsplass for batteri til folk med samlivsproblem
Les også
Er det lov å kalla presten ein statsfinansiert pisspreikar?