Tilbyr lagringsplass for batteri til folk med samlivsproblem

Det har vore ei travel veke her i Krykkjebakkposten etter at me førre laurdag skreiv om ekteparet som slit med samlivet grunna årelang strid om lagring av eit gamalt bilbatteri i kjøleskapet.

Det var ei «fortvila kvinne på 51 år» som skreiv inn til samlivsspalta og ba om gode råd etter at mannen hennar insisterer på å ha eit 14 år gamalt bilbatteri liggjande i kjøleskapet.

Dei siste dagane har det strøymd på med telefonar frå kvinner i same situasjon som 51-åringen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Leif O. Nielsen, som både er samlivsspaltist her i Krykkjebakkposten (på prøve fram til 15. mars) og levande interessert i lagring av batteri, har difor bestemt seg for å etablera eit lager for gamle bilbatteri.

– Eg har fått tak i nokre gamle kjøleskap og har god plass i naust­et etter at åleteinene mine vart så råtne at dei måtte kastast, seier den tidlegare ålefiskaren.

Leif O. Nielsen, som i sitt 60. år framleis er ungkar, trur tilbodet kan vera til hjelp for mange som slit med sine kjøleskap og ekteskap.