Brannvernkurs for blondiner ein suksess

Talet på utrykningar kraftig redusert etter at husmorlaget arrangerte matematikkurs for lyshåra kvinner.

Nyhende:Krykkjebakkposten på Twitter!

Den velbrukte brannbilen i Krykkjebakksundet står heldigvis parkert mesteparten av året, men i desember og januar må gjerne deltidsbrannmennene Primvald Krykjebakk d.y. og Asbjørn Roger Skuggebergdal hiva på seg uniformene opptil fleire gonger.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fleste utrykningane på denne tida av året skuldast ukontrollert røykutvikling i komfyrar, og uformell statitistikk syner at blondinene i bygda har vore overrepresenterte i desse sakene.

– Men i desember 2015 hadde me ikkje ei einaste utrykning, fortel ein nøgd brannsjef Primvald Krykkjebakk d.y.

Bakeoppskrifter

Han meiner det er lett å finna forklaringa på den gledelege utviklinga. I november vart det nemleg halde eit såkalla «målretta brannverntiltak».

– Målgruppa var sju kvinner som går att i utrykningsstatistikken. At fem av dei har lyst hår, er vel meir eit slumpetreff, trur brannsjefen.

Kursdeltakarane har til felles at dei har slite med matematikken ved dobling av bakeoppskrifter. Ei rekke tiltak har vore prøvd, mellom anna årlege innrykk av annonse i Krykkjebakkposten siste helga i november med ein klår bodskap:

«Dobling av ingrediensane betyr ikkje at du skal dobla temperaturen i steikeomnen.»

Matematikk

Denne vinteren har altså sju kvinner site på skulebenken for å læra seg grunnleggjande matematikk – eller rettare sagt: 2-gangen.

Ved bruk av kuleramme og fargekodar fekk kursdeltakarane ei grundig innføring i korleis oppskrifter kan doblast utan at det går ut over branntryggleiken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Husmorlaget stod ansvarleg for kurset, og matematikklærar Norbert Røkling hadde det faglege ansvaret. Han brukte tre kurskveldar på teori, og den siste kvelden tilbaud han seg å reisa rundt til deltakarane og og montera ein enkel styringsmekanisme for makstemperatur på 225 grader.

– Det var eit enkelt controller-system med RS485-port for kommunikasjon med andre einingar i eit enkelt DY-nettverk med tredjeparts einingar og brukargrensesnitt for VVS, forklarar Røkling. (Intervjuet er sitatsjekka. red.anm.)

– Etter tre kveldar på skulebenken hadde alle kurseltakarane bestemt seg for å droppa julebaksten, fortel kurshaldar Røkling til Krykkjebakkposten.

Mista motet

Medan brannsjefen er nøgd, er leiaren i Krykkjebakksundet Forholdsvis Frilynte Blondinelag (KFFB) kritisk til prosjektet. Kurset blir på folkemunne kalla «blondinekurset».

– Dette er å stigmatisera ei utsett gruppe i samfunnet. Blondiner er sjølvagt ikkje dårlegare til å rekna enn andre, seier Gloria Priscilla Skuggebergdal, som likevel let seg pressa til å gjennomføra kurset.

– Det var eit fint kurs, men for sikkerhets skuld droppa eg julebaksten i år. Det gjekk forholdsvis greit med kuleramma, men controllersystemet tok motet frå oss. Og det var kanskje meininga? undrast Gloria Priscilla Skuggebergdal.

– Ingen kommentar, seier brannsjefen.

Nyhende:Krykkjebakkposten på Twitter!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå Krykkjebakkpostens arkiv: