FØLGJE: Skulen har pålagt foreldre å følgja barn til og frå skulen etter terrorangrepet tirsdag. Skulen ligg ikkje langt frå staden der ein buss vart overfalle og to personar drepen tirsdag. Fv. Jonathan (11), Rebecca (9) og Teena Ben Haim klare for skulevegen.

Passar godt på borna sine i Israel

Born i skular og barnehagar fekk ikkje lov å leika ute då overfallsmenn slo til mot ein buss og to eldre personar vart drepne. I dag er foreldra pålagt å følgja og henta barna ved inngongen.

TRØTT: Shimon (52) er trøtt av at palestinske ungdommar ikkje forstår sitt eige beste.

– Eg er trøtt av at palestinske ungdommar ikkje forstår sitt eige beste, men gjer slike dumme ting. Dette er ungdom som ikkje tenkjer på konsekvensane, og dei har ledarar som ikkje fortel dei kva som er godt for dei. Dei er ute etter krig, ein krig dei taper, og dei veit at dei vil tapa, seier Shimon til Dagen.

Han legg til at det er i orden at dei krev sitt eige land, og at dei ber om hjelp frå det internasjonale samfunnet til det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men når dei går fram på denne måten, kan dei berre gløyma krava sine. Når du ber om hjelp, trugar du ikkje hjelparen med kniv eller skyt han ned. Nei, det er ikkje måten å gå fram på for å få ønsket sitt oppfylt, seier Shimon.

Inne i friminutta

I nabobydelen Arnona bur norske Teena Ben Haim (39), mor til Jonathan (11) og Rebecca (9). Ho fortel at skulen vart stengt etter terrorangrepet like ved dagen før, og barna fekk ikkje lov å vera ute i friminutta. Foreldra har fått melding om å bringa og henta barna.

Teena kjenner nokon som såg det grufulle overfallet.

– Det som skjedde var rystande og direkte dyrisk. Det må vera vonde krefter som får folk til å gjera slikt, seier Teena.

Ho legg til at ho har vondt av arabarar som vert stigmatisert som potensielle mordarar etter ei slik hending.

Vond sirkel

– Det er dei ikkje, det finst arabarar som gjerne vil leva i fred med Israel, men som no blir mistenkeleggjort for å vilja jødar vondt, seier ho.

Teena fortel at dei prøver å leva så normalt som mogeleg og gå på møter og vera med på feiringar.

– Noko anna ville vera ein siger for terroristane. Vi er meir forsiktige når vi er ute og går, men vi kan ikkje planleggja alt, terroren kjem utan forvarsel og kan skje overalt, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi pleier å seia at vi heller vil dø ståande enn å knela for islam. Vi nektar å gje etter for frykten, og er med på alt slik som før. Jødar er veldig gode til å feira livet, medan muslimane feirar døden, seier Teena.

Strengare kontroll

TRIST: – Dette er trist, berre svært trist, seier Ronit (45).

– Til i går var dette eit ope senter der folk kunne koma og gå utan nokon kontroll. No har vi stengt dørene, og ser på overvakingskameraer før vi slepp folk inn. Dette er trist, berre svært trist, seier Ronit.

Noah (36) kjem over gata med ein baby i eit sjal rundt magen som ho skal til barnnehagen med. Husværet der ho bur ligg like ved den arabiske bydelen Jabel al Mukaber som terroristane kom frå, og ho har følt seg utrygg lenge.

– Berre eit lite gjerde skilte oss frå arabarane, og det var det i tillegg eit stort hol i. Vi hadde bedt politiet å reparera gjerde, men ingenting skjedde. I dag er vi trygge, for no er politiet her. Men det er latterlig at slikt må skje før dei får augo opp, seier Noah.

Brått dukkar borgarmeister i Jerusalem, Nir Barkat, opp på staden for terrorangrepet. I eit minutt er han ute av bilen, og pressefolk styrtar til for å få ein kommentar. Men Barkat er ikkje i humør til å prata med media, og tryggingsvakter held oss på god avstand. Like fort som han kom, forsvinn han, og pressefolka må sjå seg om etter andre å snakka med.

Les også
Ber hele Israel stå sammen mot terrorTerror i Israel
Les også
Oppfordrer til flere «martyraksjoner»
Les også
Minst to drept i nye knivangrep i Jerusalem