– Vi må spørkje om vi ikkje kan tilby ein enklare seremoni, spør soknepres Helge Standal i Sykkylven. FOTO: Monica Aure

Prest ber kyrkja 
tilby forbøn for born

Den erfarne soknepresten Helge Standal opplever at mange foreldre strevar med dåpen. Han ber kyrkja vurdere å innføre forbøn for born.

Ei rekkje dåpssamtaler med nybakte foreldre har fått han til å tenkje nytt om dåp i Den norske kyrkja.

– Foreldra veit ikkje heilt kva dei legg i at barnet skal oppdragast i den kristne forsaking og tru. Dei er også meir spørjande til dåpshandlinga enn før. Det ligg ei forplikting i å be for barnet, lære barnet sjølv å be. Når vi seier det til dei i dåpssamtalen, merker vi at dei tenkjer: Er det dette eg er forplikta til? Det er sterke ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Velsigning i kyrkja

Dagen fortalde i går om at Vårt Lands tro&kirke-redaktør Trygve W. Jordheim og kona May-Helen Høyer Jordheim valde forbønshandling for sonen Kaspian i Bryn kirke i helga. Ekteparet har ulike dåpssyn. Kompromisset vart barnevelsigning i Den norske kyrkja.

Også KrF-leiar Knut Arild Hareide og kona Lisa Marie stod i same dilemma då dei fekk dottera Sara Margrethe. I går fortalde Hareide til Dagen at dei til slutt valde barnevelsigning i Maridalen kirke, som dei leigde.

LES OGSÅ:Barnevelsignelse i Den norske kirke

Tilbaud forbøn

Sjølv velsigna Standal eit barn då han var prest i Bymenigheten i Sandnes for nokre år sidan. Der hadde heller ikkje foreldra konkludert med at dei ynskte dåp. Då tilbaud Standal å be for barnet i ei gudsteneste.

– Eg har ikkje problem med å seie at vårt syn som kyrkjelyd er barnedåp, men vi ynskjer alle velkomne til å høyre til i fellesskapet. Å be for eit nyfødd barn er berre fint, seier han.

Nokre år seinare fekk paret eit nytt barn. Då døypte dei begge borna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES OGSÅ:Stadig færre blir døpt i kirken

Tenkje nytt

Standal har lang røynsle som sokneprest og har vore ein av Den norske kyrkjes spydspissar i kyrkjelydsplanting i Rogaland. Han var den første presten som gjekk frå dør til dør i eit nabolag og spurte kva dei forventa av ein ny kyrkjelyd i nærmiljøet. Arbeidet som vaks fram på nittitalet er i dag ein av landets største kyrkjelydar med stort, nytt kyrkjebygg på Orstad/Frøyland på Jæren.

No meiner han at tida er inne for at Den norske kyrkja også skal tenkje nytt om dåpen.

– I ei tid der dåpstala går ned må vi spørje om vi ikkje kan tilby ein enklare seremoni. Det skal ikkje vere ei erstatning for dåp, men eit tilbod når dåp ikkje er eit alternativ.

– Vil ikkje ei forbønsordning vere med å hole ut dåpen, som er heilt grunnleggande i Den norske kyrkja?

– Dåpsprosenten vil forsetje å gå ned. Dette kan vere ein måte å ivareta folk som ynskjer kontakt med kyrkja, men ikkje på det planet at ein ynskjer dåp. Ein kan jo sjølvsagt seie at ein ikkje skal gjere noko, men eg trur det er verdt å tenkje gjennom.

LES OGSÅ: Sara Margrethe ble barnevelsignet

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sa nei

Den norske kyrkja har tidlegare diskutert om dei skulle opne for barnevelsigning, opplyste Kyrkjerådets seksjonsleiar for gudstenesteliv, Hans Arne Akerø, i Dagen i går.

- Det valde ein ikkje å opne for, fordi ein ikkje ynskjer to konkurrerande liturgiar, sa Akerø, som understreka at kyrkja heller ikkje ynskte å svekke dåpen som frelseshandling.

– Kan ikkje dette føre til to konkurrerande liturgiar, Standal?

– Eg ser det heller som ei supplerande hjelp til foreldre som ynskjer Guds velsigning for barnet. Dette handlar om at kyrkja kan tilby fleire val, ikkje om konkurranse. Men eg er samd i at ein ikkje må svekke dåpen som frelseshandling, men situasjonen er annleis no med ein ny generasjon som veks opp med lite kunnskap om den kristne trua.