Kritiserte barnevernet i Naustdal - fekk sparken

Får ikkje vere besøksheim lenger.

Stein Mortensbakke og kona får ikkje lenger vere besøksheim for to små born som har vore hos dei seks døgn i månaden det siste halvanna året.

Årsaka er at han kritiserte barnevernet iNaustdal,melder NRK Sogn og Fjordane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I eit brev til rådmann Øyvind Bang-Olsen kritiserte Stein Mortsensbakke kommunen sterkt for handteringa av den omstridde barnevernssaka der eit kristent norsk-rumensk ektepar vart fråteke dei fem borna sine.

Foreldra er tiltalte for såkalla oppdragarvald, men fekk borna tilbake i juni. No har familienvalt å flytte til Romania for å kome unna barnevernet.

Mortensbakke var kollega med den rumenske faren og har heile tida argumentert for at det var feil å ta borna ut av heimen.

I eit brev til Mortensbakke skriv barnevernet at «haldningane dine til barn og barnevernstenesta i Naustdal ikkje er i samsvar med at du er tilsett som oppdragstakar hjå oss».

Rådmann Bang-Olsen avviser over for NRK påstanden frå Mortensbakke om at kommunen tek hemn. Mortensbakke vil klage avgjerda inn til fylkesmannen.

Les også: