ALLIERTE: Presten Luigi Ciotti og pave Frans står saman i kampen mot mafiaens makt i Italia. Foto: Tiziana Fabi / Reuters / NTB Scanpix

Prest utfordrar mafiaen

Ein av dei hardast truga mennene i Italia er ein prest som arbeider for å marginalisere mafiaen.

Eit halvt dusin menn står nonchalant framfor ein skiten bygning i ei av dei travlaste gatene i Roma. Bilar brummar forbi. Vaktene strammar seg opp så snart ein framand nærmar seg. Men få ville gisse at dei er sivilkledde politimenn som vaktar ein av dei mest utsette mennene i Italia.

Støttar offer

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Inne i bygningen er nemleg presten Luigi Ciotti (69). Han har varme brune auge og sølvfarga hår. Dei siste 20 åra har har han brukt på å kjempe mot den italienske mafiaen. Han driv ein organisasjon som heiter Libera, som betyr fri.

Organisasjonen er blitt kjend på grunn av innsatsen som er gjort for å kjempe mot kriminelle organisasjonar, støtte offer og utvikle eigedomar som er blitt konfiskerte frå mafiabossar.

Truga på livet

Men Ciotti seier det er mykje meir som må gjerast.

– Eg drøymer om eit land der kvar person, kvar borgar, ønskjer å sjå sitt eige ansvar. Den dagen vil mafiaen og korrupsjon forsvinne, seier han.

Presten hadde politieskorte også tidlegare. Men etter at den berykta mafiabossen Toto Riina sette fram eit drapstrugsmål frå fengselscella si for eit par månader sidan, dobla styresmaktene straks tryggingsnivået rundt Ciotti.

Helst anonym

Same kvar presten går, er han omgitt av ein prosesjon med køyretøy og forkledde offiserar som på førehand undersøkjer alle stader han skal til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg likar ikkje å snakke om dette fordi eg trur det er eit mistak å leggje vekt på rolla mi, å konsentrere all merksemda på meg, seier Ciotti.

– Ærleg talt er eg meir uroleg for politifolka som eskorterer meg, uroleg for tryggleiken og velferda deira. Dei har koner, born, familiar, seier han.

Milliardbutikk

Det finst fire dominerande mafiaorganisasjonar i Italia. Det er Camorra i Napoli, Cosa Nostra på Sicilia, Sacra Corona Unita i Puglia og ´Ndragheta i Calabria. Mange ekspertar meiner den sistnemnde er den mektigaste.

Ei undersøking som vart gjennomført i fjor, finansiert av styresmaktene, estimerte at den italienske mafiaen tener oppunder 80 milliardar kroner i året på aktivitetar som narkotikatrafikk, torpedoverksemd og utpressing.

Huset der Ciotti i dag held til, tilhøyrde ein gong den valdelege Banda della Magnliana–gjengen som dominerte i det kriminelle miljøet i Roma på 1970–talet.

Startar på nytt

Sist veke var Ciotti tilbake i nyheitsbiletet. Han var vert for eit nasjonalt anti–mafia–møte nær Vatikanet på fredag. Mellom talarane var Roberto Savliano. Denne forfattaren har levd med politivern etter at boka «Gomorrah», som handlar om mafiaen i Napoli, vart ein internasjonal besteljar og seinare vart filmatisert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Siktemålet med konferansen var å vise korleis Libera har gjort landområde og eigedomar som er tekne frå mafiaen, om til skular, kooperativ og gardar som produserer pasta, olje og vin. Produkta vert selde frå New York til Tokyo. Om sommaren får ungdom frå heile Italia tilbod om å vere voluntørar i desse verksemdene. Libera driv også prosjekt på skular og universitet.

Auka mafiamakt

Trass i alt organisasjonen hans har oppnådd, meiner Ciotti at mafiaen aldri har hatt større makt i Italia. Forklaringa er delvis den pågåande økonomiske krisa i landet.

– Dette er ein mafia som tener pengar, mykje pengar, utan å trenge å ty til væpna vald, seier han.

– Det største problemet i dag er at mafiaen er så tett på økonomisk og politisk sektor. Ei anna stor utfordring dreiar seg om kultur. Vi må setje kampen mot mafiaen i samanheng med forpliktinga til å skape eit meir rettferdig samfunn, seier han.

Meir merksemd

Mafiaen har fått fornya merksemd frå italienske kyrkjeleiarar dei siste månadene. I juli skulda ein biskop ei folkemengd for blasfemi då dei feira ein mektig 82 år gammal straffedømd gangster under ein religiøs prosesjon.

Paven sjølv vekte stor merksemd då han i mars dukka opp på ei forbønsgudsteneste for familiar som har vorte offer for mafiaen. Han oppfordra gangstrar til å leggje om livskursen og «slutte å gjere vondt».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Støtta av paven

I fjor sa ein kjend mafiajeger at pavens reformer i Vatikanets bank gjorde mafiabossane «svært nervøse» og kunne føre til at han vart utsett for drapsforsøk.

Paven bøygde ikkje av for presset. Tidlegare i år besøkte han regionen Calabria sør i landet. Der fordømte han det han oppfattar som romantisering av vondskap og gav implisitt uttrykk for at mafiabossar er ekskommuniserte. Det gav ny giv i kampen mot mafiaen. Ciotti seier at dei to har danna ein alanse.

– Eg trur eg har funne ein far, og også ein bror, seier Ciotti.

– Frans er ein ekstraordinær person, ekstraordinært audmjuk og autentisk. Støtta frå paven er grunnleggjande for dei som ønskjer å forplikte seg til å kjempe mot mafiaen og for folkets verd og fridom, seier han.

Luigi Ciotti

Fødd 1945

Katolsk prest som tilhøyrer erkebispedømet Torino

Gjennom organisasjonen Libera kjempar han mot organisert kriminalitet og mafiaverksemd i Italia

Han har skrive fleire bøker og artiklar som har gjort han til ein velkjend skribent i heimlandet

Gjennom organisasjonen Libera kjempar han mot organisert kriminalitet og mafiaverksemd i Italia

Les også
Paven: Kirken bør ikke være redd for forandring
Les også
Fortsatt katolsk nei til homofile og skilsmisse
Les også
Paven hardt ut mot mafiaen
Les også
Pave Frans: - Mafiamedlemmer kan havne i helvete
Les også
Mener pave Frans er blitt mafiamål