FLYKTA HIT: Castrillo Matajudios skal i si tid ha vore ein tilfluktsstad for jødar som overlevde ein massakre i nærleiken.

Landsbyen «Drep jødar» endrar namn

Snart skal det bli slutt på at ein liten spansk landsby har eit namn som er eigna til å forferde alle jødar.

Den søvnige nordspanske landsbyen Castrillo Matajudios har denne våren fått uvant mykje mediemerksemd. Med berre 56 myndige innbyggjarar er han knapt ein prikk på kartet. Men Matajudios betyr «drep Jødar». No har 29 av innbyggjarane røysta for at namnet skal endrast for til «Castrillo Mota de Judíos», melder Kristeligt Dagblad.

– Vi er glade fordi fleirtalet var for endringa, seier ordførar Lorenzo Rodríguez til The Independent.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye namnet er nærare det som skal ha vore det opphavlege, og viser til ei høgde der det budde jødar.

Vart døypte

Historikarar ved det jødiske kultursenteret Casa Sefardad i Madrid forklarer at namnet på landsbyen skriv seg tilbake til 1035 e. Kr. Då vart 60 jødar massakrerte i nabobyen Castrojeriz under eit opprør mot skatteinnkrevjing, ifølgje al Jazeera.

Dei overlevande rømde og etablerte eit jødisk samfunn med 400–500 menneske som levde fredeleg til 1492. Dette året måtte jødar og muslimar i Spania enten konvertere til kristendomen eller røme landet.

Dei fleste av jødane i landsbyen som siden vart kjent for eit brutalt namn, valde å bli verandre, ifølgje ordførar Rodríguez. Dei vanlegaste etternamna i byen, inkludert hans eige, skal vere typiske for jødiske konvertittar. Han meiner ingenting er fjernare frå sanninga enn at jødar vart drepne i denne byen.

– Vi verna det jødiske fellesskapet her, og er av jødisk avstamming, seier han til Al Jazeera.

Han påpeikar at det er ei davidsstjerne i våpenskjoldet til byen.

Tek tid

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ordføraren forklarer at fleire av innbyggjarane har hatt forklaringsproblem på reiser, ikkje minst då eit par av dei besøkte Israel, refererer Kristeligt Dagblad frå lokalavisa Diario de Burgos.

Prosessen med å endre namnet begynte 3. juni, men kan ta opp mot eit år, ifølgje The Independent.

Kan bli spøkelsesby

Det første dokumenterte dømet på at det famøse namnet vart brukt, skal vere frå 1624. Endringa vert forstått som eit uttrykk for presset mot jødar som oppstod etter utvisingsordren. Nokre forskarar har meint at eks–jødane sjølve valde namnet for å vise at dei verkeleg avviste jødedomen og ville overtyde spanske styresmakter om sin lojalitet, påpeikar ordføraren overfor Associated Press. Andre har hevda at namnet rett og slett kjem av ein skrivefeil.

No prøver styresmaktene å samle 100.000 euro for å finansiere arkeologiske utgravingar som kan avdekkje meir av røtene til landsbyen.

– Vi har ei rik historie, og dette har vore ein viktig plass, seier Rodriguez.

Utan at fleire vert kjende med tradisjonane, er han redd byen døyr ut. Dei fleste av innbyggjarane er godt oppi åra.

I middelalderen var landsbyen vital, og hadde mellom anna hospice for pilegrimar på veg mot apostelen Jakobs grav i Santiago de Compostela. No står han i fare for å verte nok ein spøkelsesby på den spanske landsbygda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Antijødisk drikk

Ei talskvinne for Forbundet av jødiske samfunn i Spania er ikkje forundra at det har teke så lenge å endre namnet.

– Spania har lang historie for å forfølgje jødar og muslimar, og det har kome til uttrykk i stadnamn, folkelege uttrykk og til og med vanlege etternamn som Matamoros, seier Maria Royo til Al Jazeera.

Dette namnet betyr «Drep maurarar» og refererer til muslimane som kom frå Nord–Afrika og levde i Spania i meir enn 800 år.

I regionen Castilla León er det tradisjon for å drikke ei blanding av vin og sitron med namnet «matar judios» – å drepe jødar – på langfredag. Apostelen Jakob, som står sentralt i spansk katolisisme, vert også omtala som «muslimslaktaren», ifølgje The Guardian.

Bakgrunnen er ei legende om at han greip inn til støtte for kristne under eit slag for å gjenerobre Spania på 800–talet. Historikarar meiner slaget aldri har funne stad.

Ikkje fornærma

Jøden David Levey underviser i språk og lingvistikk ved Universitetet i Cadiz og har budd i Spania det meste av livet. Han meiner på si side dei brutale namna er så integrerte i det spanske språket at dei fleste ikkje tenkjer over kva dei betyr. Det gjeld også Castillo Matajudios.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Synest eg det er rett å endre namnet? Ja. Vert eg personleg fornærma av namnet? Ikkje eigentleg, seier han til The Independent.

Omfamna muslimar

Jødane kom til Spania for 2.000 år sidan. Fram til inkvisisjonen i middelalderen hadde Spania eit av dei største jødiske samfunna i Europa. Dei vart tolererte av romarane, men forfølgde av dei kristne visigotarane som erobra Spania. Allereie på 600–talet begynte visigotarane med tvangsomvending. Det førte til at jødane omfamna muslimane då dei inntok Spania på 700–talet, skriv The Guardian.

Spanske styresmakter orsaka tidlegare i år overgrep mot jødar før i historia. Etterkomarar av jødar som vart tvinga til å forlate landet for 500 år sidan, har fått tilbod om statsborgarskap.

Jødar i Spania

  • I dag lever det berre 12.000 jødar i Spania, samanlikna med 290.000 i Storbritannia og 478.000 i Frankrike.
  • 18 prosent av spanjolane har eit ufordelaktig syn på jødane i landet sitt, ifølgje ei undersøking som vart publisert av Pew Research Center i mai.
  • Til samanlikning har 47 prosent i Hellas og 26 prosent i Polen det same, mot sju prosent i Storbritannia og fem prosent i Tyskland.
Kjelde: The Guardian

Les også
Nett-troll kan temmesDebatt på Dagen.no
Les også
Tiltak mot radikalisering
Les også
Norsk-israelere leter etter de bortførte jødiske ungdommeneJødiske ungdommer bortført
Les også
Justert UNESCO- utstilling åpnet i ParisUtstilling
Les også
Angivelig Auschwitz-vakt pågrepet i USA
Les også
Rørt over den store støttenTre jødiske tenåringer bortført
Les også
Europas jøder frykter ny antisemittisme