RASISME: Kommunestyrerepresentant Jonas Chongera avviser at Sverigedemokraterna er eit rasistisk parti.

Afrikanskfødd eks–pastor vald inn for Sverigedemokraterna

Eks–pastor født i DR Kongo er blitt kommunestyrerepresentant for det omstridte partiet.

Innvandrings– og integrasjonspolitikken var bakgrunnen for at Jonas Chongera valde å stille på liste forSverigedemokraterna. Partiet vart den store vinnaren under valet i Sverige tidlegare i haust, med 13 prosent av røystene i riksdagsvalet og framgang i mange kommunar.

No har Chongera fått plass i kommunestyret i Forshaga, like nord for Karlstad. Tidlegare har han vore frikyrkjepastor. Chongera avviser at Sverigedemokraterna er eit rasistisk parti.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Jimmie Åkesson har teke opp dette her mange gonger i forskjellige intervju, at Sverigedemokraterna ikkje har desse rasistiske innslaga, seier Chongera om partileiaren sin tilSveriges Radio.

– Så finst det jo saker i historia som ligg og spøkar. Men det finst det jo fleire parti som har, legg Chongera til.

Les også:Sverigedemokraterna bykser fram til 16,7 prosent i ny måling

Irritasjon

Jonas Chongera kom til Sverige frå DR Kongo som niåring.

– Eg har bodd her sidan 1980, og det her med rasisme og innvandrarfiendtlegheit har berre auka, seier han i eit intervju med svenskeDagen.

– Det finst ein underliggjande irritasjon over dette med folk frå andre kulturar, det er sant, det blir mange kultursamanstøytar, seier han. Engasjementet hans i Sverigedemokraterna botnar ikkje i eit ønske om å stenge grensene til Sverige, men å arbeide for betre integrasjon. Han samd med partileiar Åkesson i at hjelp helst skal gå til flyktningar i heimlanda deira, men understrekar at dei som kjem, skal få hjelp til å bli integrerte.

Dei seks siste åra har han ikkje vore pastor, men før dette var han pastor i ein pinsekyrkjelyd. Inntrykket hans er at fleire kristne engasjerer seg i Sverigedemokraterna. Han trur partiets har opplevd suksess fordi dei har lytta til folk, særleg på landsbygda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dessutan trur eg Sverigedemokraterna har våga å ta i viktige ting som dei andre partia ikkje har gjort, framfor alt flyktningpolitikken, seier han til Dagen.

Les også: Rockelegenden Ulf «Uffe» Christiansson i det kristne rockebandet Jerusalem mener Sverige må politisk korrekthet til livs.«Selv tror jeg ikke at noe politisk system kan redde oss. Vi må vende om til Gud som nasjon.»