HANDLINGSROM: NLA–rektor Bjarne Kvam appellerer til givarar for å sikre handlingsrommet til institusjonen i møte med nye krav for grunnskulelærarutdanninga. Foto: Tarjei Gilje.

Kan bli slutt på kristen lærarutdanning

Landets einaste grunnskulelærar- utdanning med kristent verdigrunnlag står i ein «vinn eller forsvinn»–situasjon, meiner NLA–rektor Bjarne Kvam.

Bakgrunnen er at utdanninga frå 2017 skal verte femårig og inkludere mastergrad. I eit innstikk som har vore sendt ut i Dagen, skriv Kvam at no «trenger vi mer enn noen gang gode støttespillere, både gjennom forbønn og pengegaver».

– Vi vil trenge ei betydeleg kompetanseheving, seier Kvam til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei faglege krava i framtida tilseier at institusjonen treng fleire med førstekompetanse og fleire professorar i utdanninga.

Intens fase

På givarbrevet omtalar Kvam stoda som ein «vinn eller forsvinn»–situasjon.

Grunnskulelærarutdanninga er studieløpet med klart flest studentar ved NLA Høgskolen. Knapt 400 av dei rundt 2.000 studentane ved den kristne høgskulen følgjer profesjonsstudiet. I tillegg er det fleire som tek vidareutdanning.

– Meiner du det er ein reell fare for at lærarutdanninga ved NLA kan forsvinne?

– Både ja og nei. Inntil vi får sjå departementet sin modell om kva krav som blir sett, er det ei uvisse knytt til kva som kjem til å skje. Vi arbeider for at vi skal klare å oppgradere oss til masterløp. Men i heile universitets– og høgskulesektoren er det ein strukturdebatt. Veldig mykje er sett i spel, seier Kvam.

- Men kva meiner du når du nyttar omgrepet vinn eller forsvinn?

- Uttrykket står i hermeteikn i brevet det er snakk om, men me er inne i ei fase der me kan lukkast, men det motsette kan også skje. Det er alvor i dette, og me må arbeide intenst framover for å kunne overleve. Klarar me ikkje å oppfylle dei krava departementet set er det over og ut. Då nyttar det ikkje å argumentere eller grine seg til å kunne halde fram med å tilby ei grunnskulelærarutdanning, seier Kvam.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han poengterer at signala frå styresmaktene har vore positive og gir inntrykk av at dei reknar med NLA Høgskolen også i åra som kjem, men er spent på kva rammer institusjonen vil få. Kunnskapsdepartementet arbeider med dette fram mot nyttår, då det er venta å kome tydelegare signal.

– Vi er i ein intens fase der det skal klarleggjast korleis framtida skal sjå ut, men vi jobbar med tru på det vi gjer og på vår plass i framtida, understrekar Kvam.

Strengare krav

Slik Kvam ser det er det to store utfordringar i framtida til lærarstudiet ved NLA. Det eine er korleis nye, strengare krav til gode karakterar i fag som matte, norsk og engelsk vil redusere mengda kvalifiserte søkarar til studiet. Den andre er å ha tilstrekkeleg kompetanse i undervisningsstaben.

– Styresmaktene kan leggje krav som gjer at vi ikkje når opp, men vi må strekke oss og vise at vi held kvaliteten som vert kravd, seier Kvam.

Førebels er det gitt inntrykk av at minstekravet frå styresmaktene vil vere fire mastergradstilbod ved kvar utdanningsinstitusjon.

Innanfor samfunnsfag, naturfag, RLE og pedagogikk er kompetansen enten på plass, eller i nær rekkevidde ved NLA Høgskolen, ifølgje Kvam. Men signala frå styresmaktene tyder på at ein vil krevje mastergradstilbod på to av dei tre sentrale skulefaga: norsk, matematikk og engelsk. NLA Høgskolen vil satse på dei to første.

– Dette er det mest krevjande for oss, men vi har planar som gjer at vi trur vi skal få dette til, seier rektoren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han fortel at dei på noverande tidspunkt ikkje har professorkompetanse innan matte og norsk, og at dei også blir nøydde til å få fleire med såkalla førstekompetanse, altså enten førstelektorar og førsteamanuensar. Når grunnskulelærarutdanningane no blir femårige masterprogram aukar krava til kompetansen til dei tilsette:

Krav til kompetanse:

• 20 prosent av stillingane på bachelornivå skal vera førstestillingar

• 50 prosent av stillingane på masternivå skal vera førstestillingar

Rektor Kvam anslår at ein på lærarutdanninga på NLA må skaffe 10 prosent fleire førstestillingar enn det ein har i dag for å oppfylle desse krava.

- Me har heldigvis litt tid på oss, sidan kompetansekrava blir auka frå 2020. Me har eit fyrstelektorprogram og fleire stipendiatar. Tre til fire stipendiatar vil vera ferdige til fristen, og me har tru på at me skal greie å oppfylle kompetansekrava, seier Kvam.

Han opplyser også at ein er i god dialog med Høgskolen i Bergen om overføringsordningar for studentar. Han påpeikar at også offentlege studiestader kan få utfordringar med å imøtekome dei nye krava.

Ber om gåver

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For 2014 er det totale budsjettet ved NLA Høgskolen på vel 179 millionar kroner. Frivillige gåver frå støttespelarar er venta å utgjere drygt sju millionar av dette.

– Er det frivillige gåver som skal til for å få på plass auka kompetanse?

– Vi kan ikkje gjere oss avhengige av det. Det er trass alt gåver. Derfor seier eg at dersom vi mister gåver eller ikkje får nok, må vi omstokke på andre ting. Då vert det mindre å rutte med på andre område for institusjonen, seier Kvam.

Han påpeikar at gåveinntektene berre utgjer rundt fire prosent av det totale budsjettet.

– Det kan høyrest ut som dette er så lite at vi klarer oss utan, men det er dette som er handlingsrommet vårt, seier Kvam.

NLA Høgskolen

Kristen høgskole eigd av sju lutherske misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn.

Etter at Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand kom inn under NLA–paraplyen frå 1. januar 2013, har institusjonen rundt 2.000 studentar og omkring 200 tilsette.

Flest studentar og tilsette er det framleis i Bergen, der NLA vart starta i 1966.

Les også
Frykter K-en vil svekke religionsfagetEndringene
Les også
Ledere for kristne skolerSkattelister 2013
Les også
Vi treng fleire kristne lærarar
Les også
– Mer KRLE redder fagmiljøenePEL-faget