GENERALSEKRETÆR: André Sætre er noverande generalsekretær i Den Indre Sjømannsmisjon. Han foreslo sonen sin til ei prosjektstilling, men påpeikar at han ikkje var generalsekretær på dåverande tidspunkt. Foto: Dagen-arkiv.

Far foreslo son til sal av Oslo Sjømannskyrkje

Far foreslo son til å leie salet av Oslo Sjømannskirke. Så endte far opp som generalsekretær av Den indre Sjømannsmisjon.

I haust selde Den Indre Sjømannsmisjon Oslo sjømannskyrkje for 57 millionar. Dette var 13 millionar under takst.

Landsstyreformann Ingolf Solsvik meiner slektsforholdet mellom dei to ikkje er proble- matisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg reiste spørsmålet om habilitet i byrjinga, men heile prosessen har vore ryddig, og det er ikkje André Sætre som har tilsett sonen, det er det landsstyret som har gjort. Me har heile tida vore kjente med slektsforholdet mellom dei. Me har diskutert det og kome fram til at me kan forsvare tilsetjinga, seier Solsvik.

Deltok ikkje i prosessen

Han fortel at Sætre ikkje var generalsekretær på tidspunktet sonen blei hyra inn. Han arbeidde då som misjonssekretær i Møre og Romsdal, og sat i landsstyret.

Generalsekretæren foreslo sjølv sonen til prosjektstillinga, og seier han ikkje tenkte på at det kunne bli snakk om eit habilitets- problem.

– Eg var ikkje med i prosessen sjølv. Eg sat i landsstyret då saka blei tatt opp, men eg fråtrådte under diskusjonen om å hyre inn Vebjørn, seier Sætre.

Han påpeikar vidare at sonen ikkje har hatt noko med sjølve salet å gjera, kun det administrative rundt, og at han var godt kvalifisert til jobben.

Praktisk hjelp

Vebjørn Sætre har ein bachelorgrad i sal og marknadsføring frå Markedshøyskolen i Oslo, og har erfaring frå sal og forhandlingar i næringslivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han seier han ikkje har tenkt noko på at han arbeider i same organisasjon som faren er øverste leiar i.

– Eg har berre gjort dei oppgåvene landsstyret har bedt meg om. Dessutan har ikkje noko avgjerdsmakt i stillinga, eg hjelper berre til med praktiske ting.

Lovleg

Professor i foretningsjuss på handelshøyskolen BI, Tore Bråthen, fortel at dei ikkje finnest nokon lovar eller reglar som regulerer denne typen forhold.

– Dette er heilt opp til organisasjonen å handtere, seier Bråthen.

– Er det vanleg å opprette denne typen prosjektstillingar i forbindelse med eit stort sal?

– Eg kjenner ikkje til salet av eigedommen frå anna enn media, men eg har fått med meg at det har tatt tid. Då er det naturleg at ein ynskjer å tilsetje nokon som tek seg av det.

Bråten meiner at slektsforholdet ikkje naudsynt har noko å seie for om den tilsette gjer ein god jobb.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Er det ein flink person som blir tilsett gjer sannsynlegvis personen ein god jobb, og motsett.

Godt nøgde

Landsstyreformann Solsvik seier Vebjørn Sætre ikkje fekk engasjementet på grunn av slektskapet til faren, men på grunn av kvalifikasjonane sine.

– Me gjekk gjennom utdanninga og erfaringa hans og denne tilsa at han var ein godt skikka kandidat til stillinga. No i ettertid har det vist seg at han er ryddig og gjev gode tilbakemeldingar. Eg har berre positiv erfaring med Vebjørn, seier Solsvik.

– Kunne de fått ein betre pris på Oslo Sjømannskirke med ein annan person i stillinga?

– Eg trur faktisk det motsette er tilfelle. Vebjørn har fungert som eit mellomledd mellom maklarar og oss, og han har gitt oss skikkelege tilbakemeldingar i rett tid. Det har gjort til at me har kunne tatt gode avgjersler rundt salet, seier styreformannen.

Vebjørn har framleis prosjektstillinga, som nyleg har blitt forlenga for tre månadar, for å hjelpe til med avvikling av drifta ved sjømannskyrkja.

Den indre sjømannsmisjon

Organisasjon stifta i 1880 for å drive evangelisk og sosialt arbeid blant fiskarar og sjøfolk i innanriksfart.

Organisasjonen overtok i 1985 Oslo Sjømannskirke, som ligg på ein strandeigedom på Bygdøy i Oslo.

Denne blei selt i haust for 57 millionar kroner i haust til firmaet Auctus AS.

Organisasjonen overtok i 1985 Oslo Sjømannskirke, som ligg på ein strandeigedom på Bygdøy i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Sjømannskirka solgt, kjøperen er hemmelig
Les også
Indre Sjømannsmisjon –en døende organisasjon?
Les også
Indre Sjø kan sikre kristen drift på BygdøyOslo Sjømannskirke
Les også
Indre Sjø og virksomheten videre
Les også
Oslo Sjømannskirkes styre har gått av