KAMP MOT FATTIGDOM: Sveinung Rotevatn (V) ventar at regjeringa no tek grep for å løfte fattige barn.

Krev løft for fattige barn i statsbudsjettet

Venstre krev at regjeringa no innfrir eigne løfte om å hjelpe fattige barn og familiane deira.

Det første statsbudsjettet gjennomarbeida av Solberg-regjeringa vert lagt fram onsdag neste veke. Venstre har store forventningar til kva regjeringa vil gjere på klima, kunnskap og særleg i kampen mot fattigdom.

– Det viktigaste er i utgangspunktet at regjeringa leverer i statsbudsjettet. Gjer dei ikkje det, har vi sagt tydeleg at det å løfte dei fattige barna blir ei viktig prioritering for oss i haust, seier Sveinung Rotevatn (V) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I går ettermiddag diskuterte Venstres gruppemøte fleire tiltak i kampen mot fattigdom.

– Vi må unngå at fattigdom går i arv. Nokre grupper har det offentlege nesten gitt opp å få i arbeid fordi dei har for dårlege språkkunnskapar. Då er det avgjerande å satse på gode barnehagar, språkopplæring og få folk i utdanning, seier Rotevatn.

Les også: Krever slutt på tvangsinnmelding av barn

Billegare for fattige

Ei av dei viktigaste sakene for partiet på fattigdomsfeltet er no å gi meir barnetrygd til fattige familiar, noko regjeringa også har forplikta seg på.

– Vi vil omfordele barnetrygda slik at dei aller fattigaste får meir. Vi veit at rundt halvparten av dei som får barnetrygd puttar pengane rett på konto. Det er eit tydeleg signal om at andre kanskje treng det meir, seier Rotevatn.

Mandag samla Venstre ei rekke organisasjonar som Redd Barna, Frelsesarmeen og forskingsstiftinga Fafo til å kome med innspel om kampen mot fattigdom.

– Alle institusjonane på høyringa var samde om at det er viktig med ein rausare barnetrygd for å løfte dei fattigaste familiane. I praksis er den ikkje justert sidan 1996, seier Rotevatn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under høyringa peika også Barneombodet og Unicef på at barn på asylmottak ikkje har rett til å gå i barnehage.

– Det meiner dei er brot på barnekonvensjonen, og det er eg samd i. Desse barna har jo rett til å gå på skule.

Rotevatn teiknar opp prioritering og omfordeling som hovudlinjer i fattigdomssatsinga til Venstre.

– Også innan barnehage og SFO, som er ganske dyrt for fattige familiar. Vi ønskjer at det skal bli billegare med barnehage for dei fattigaste, og gratis barnehage for dei aller fattigaste. Gratis kjernetid har vore ein suksess i Oslo. Då må det bli litt dyrare for dei som har god råd.

Regjeringa lova i ein tilleggsproposisjon til statsbudsjett å kome tilbake til korleis regelverket for moderasjonsordningar vil sjå ut.

Les også: Verden setter seg nye mål for fattigdomskamp

Saknar hjelpepakke

Høgre og Framstegspartiet har i regjeringsplattforma og samarbeidsavtalen forplikta seg til å kome med ei tiltakspakke for fattige barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Så langt har vi ikkje sett noko til den, og det er sterkt beklageleg. Men ildprøva kjem i haust. Vi har respekt for at det tek tid å setje i gong prosessar, men har også forventningar deretter, seier Rotevatn.

I tiltakspakka ventar han at det blir satsing på psykisk helse, sosial bustadpolitikk og å få folk i arbeid.

– Regjeringa jobbar med fleire tiltak retta mot fattige familiar. Vi må kome tilbake til innhaldet i tiltakspakken, er den knappe kommentaren frå Ronny Røste (Frp), politisk rådgjevar i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til Dagen om tiltakspakka.

Overfor Dagen peikar departementet på at regjeringa har gjennomført andre tiltak, som ein ny nasjonal tilskotsordning slik at barn frå fattige familiar kan få støtte til å vere med i fritidsaktivitetar og på feriereiser med frivillige organisasjonar. Vidare jobbar dei med å få foreldre ut i arbeid, og gratis kjernetid i barnehagane er utvida.

Vanskeleg jobb

Men å avskaffe fattigdom er ikkje lett.

– Det er ein komplisert jobb å fjerne fattigdommen. No har norske politikarar snakka om kampen mot fattigdom i ti år. Kristin Halvorsen skulle fjerne den med eit pennestrøk då ho blei finansminister, men resultatet er fleire fattige barn. Lærdommen er at det er vanskeleg å gå til kamp mot fattigdom, seier Rotevatn.

Den typisk fattige er også i endring. Medan det tidlegare var minstepensjonistar, er det i dag innvandrarfamiliar med mange barn, dårleg råd og gjerne berre ei inntekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi ser ein enorm skildnad ved etnisitet og geografi. Difor må det ikkje berre gjerast ein innsats på barne- og familiefeltet, men også innan arbeidsliv og ytingar til dei som ikkje kan jobbe, seier stortingsrepresentanten.

Fattigdom

Fattigdom er mangleade høve til forbruk, ifølgje Institutt for samfunnsforskning.

78.000 barn lever i «fattige» hushald i Noreg (2012), ifølgje SSB. Det tilsvarar åtte prosent av barn under 18 år. Store delar av dei har innvandrarbakgrunn.

Eit hushald er fattig dersom inntekten er lågare enn 60 prosent av middelinntekten i Norge, over ein treårsperiode.

Fattigdom blir tema på Venstres landskonferanse midt i oktober.

Eit hushald er fattig dersom inntekten er lågare enn 60 prosent av middelinntekten i Norge, over ein treårsperiode.

Les også
KrF og KRLE
Les også
Dropper 55 prosent kristendomKRLE-faget
Les også
Ikke fritt fram
Les også
Kontant støtte til egen regjeringsmakt
Les også
Venstre vil stenge polet julaftenAlkohol og åpningstider