Annonse

Amerikansk pastor stoppa norsk film
Amerikansk by måtte velje mellom støtte til kulturhus eller den norske filmen «Få meg på, for faen». – Upassande for vårt fellesskap, seier pastor.
– Dette er ikkje i takt med samfunnet vårt sine verdiar, seier han og krev at filmen ikkje vert sendt. – Tittelen er ein ting, og temaet er noko anna. Eg følte at både tittel og tema var upassande for vårt fellesskap, legg han til.
– Førehandsdømming Filmen er basert på boka med samme namn, og handlar om ei 15 år gamal jente som har dagdraumar om å debutere sexuelt. Regissør Jannicke Systad Jacobsen synes det er leit, og meiner at den amerikanske pastoren førehandsdømmer filmen. – Den har faktisk ein kristen-konservativ bodskap om å vente, seier Jacobsen til NRK. Kulturrådet mottek finansiering frå byen og omegn, og er midt i ei stor pengeinnsamling for det nye kultursenteret, difor er dei avhengig av å kunne sende filmar bebuarane i byen ønskjer å sjå. Etter press frå pastoren og byen sin ordførar har dei teke sluttninga om å ikkje sende den norske filmen. (Dagen)