Langstrekt «pang» for Sonja og Harald
— For oss var ventetida eit langstrekt pang. Det kjendest som ei forferdeleg lang tid, seier kong Harald i den nye boka om kongeparet som kjem ut i november.
Boka om «Harald V» av Per Egil Hegge blir snart lansert, og alt no har forlaget Damm lagt eit utdrag av boka på heimesidene sine.
Utdraget er henta frå eit kapittel som heiter «Slutten på monarkiet?», og handlar om dei vanskelege første åra etter at kronprins Harald møtte Sonja Haraldsen. Forholdet var ikkje offentleg kjent endå, men pressa vart stadig meir pågåande, skriv Hegge.
Det første møtet
Dei to, som no er kongeparet vårt, møttest i eit selskap som vart arrangert av kunstsamlaren og forlagsmannen Johan Stenersen. Han var venn av kronprins Harald heilt fra tida på Smestad skole til han plutseleg døydde i 2002.
— Johan Stenersen var eit menneske ein kunne stola på. Dei fleste i omgangskrinsen kjende jo til at vi stod kvarandre nær, men det hende aldri at han briska seg av det. Johan dreiv ikkje med «namedropping», seier kong Harald i boka.
På spørsmål frå Hegge om det sa pang mellom Sonja og Harald ved dette første møtet, slik det gjorde for det svenske kongeparet, svarar kongen at det gjorde vel det.
— Men for oss vart det eit svært langstrekt pang. Det kjendest som ei forferdeleg lang tid, svarar kong Harald. Kongeparet seier også at dei synest det var merkeleg at dei ikkje hadde møtt kvarandre før, for dei hadde mange felles venner.
Sying og hovudrekning
På 1950-talet, før dette første møtet, var Sonja Haraldsen mykje av tida på skule både i Sveits og i England. Faren hadde konfeksjonsforretning i Oslo sentrum, og den noverande dronninga var på syskule i Lousanne i åra 1954-1956.
Seinare var ho i Cambridge og arbeidde på ein av dei eldste pubane i byen, The Eagles.
— Der fekk eg verkeleg trent meg i hovudrekning, for det var forskjellige prisar i The Saloon og The Public Bar. Dessutan brukte britane shilling og pence den gongen. Det var eit liv som ikkje var prega av dei store festlegheitene, seier dronninga, og fortel at ho feira dagen ho vart myndig i juli 1958 med å eta ein kotelett frå kjøleskapet heilt åleine i ein pause på puben. Året etter møtte ho den norske tronarvingen.
Sjarmerande sjenanse
— Det var det første selskapet eg gjekk i etter at far min døydde. Nokre dagar seinare ringde kronprins Harald og spurde om han kunne invitere meg til avslutningsballet på Krigsskolen, fortel dronninga. Seinare har ho sagt at ho var tiltala av den humoristiske sansen til kronprinsen, skriv Hegge.
— Og så var det jo litt sjarmerande at ein mann i hans posisjon var så sjenert, legg ho til. Etter ballet vart dei to ofte sett saman, og rykta tok til å gå. Då ho begynte på Bjerknes privatskole i Oslo for å ta examen artium som privatist, hadde rykta spreidd seg til utlandet.
— Det vart ikkje heilt privat. Ein klassekamerat fortalde at han var tilbydd ein god sum pengar av ein utanlandsk publikasjon for å la seg intervjue om meg. Det kom også ein utanlandsk reporter og ein fotograf som lest som om dei ønska å laga ein reportasje frå skulen. Det sa rektor ja til, og skjønte for seint kva dei to eigentleg var ute etter, fortel dronning Sonja til Per Egil Hegge.
@Kreditering:NPK
(24.10.2006 kl. 05:00)