Kristen familie reiser gigantisk bibelmuseum

Eldgamle bibelmanuskript og bibelen til Elvis Presley er mellom gjenstandane som den styrtrike kristne Green-familien sørgjer for å vise fram midt i Washington D. C.

Berre tre kvartal frå Capitol Hill, der den monumentale amerikanske kongressbygningen ligg, er arbeidet i full gang.Museum of the Bible blir på åtte etasjar og får eit arel på nesten 40.000 kvadratmeter. Planen er at det skal stå ferdig i november neste år.

I skuggen for den steikande sola står Edward Morales frå Puerto Rico saman med kjærasten. Ho snakkar i mobiltelefon. Han nølar litt på spørsmål om han veit kva som er i ferd med å ta form.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det var noko med ei kyrkje, seier 28-åringen.

– Det er eit bibelmuseum. Kjem du til å besøke det?

– Synest du Bibelen er interessant?

– Ja. Eg les han ikkje sjølv, men det synest eg.

LES:Kristne kjemper mot helsereform

Museet skal ikkje berre vise antikke gjenstandar, men by på eit breitt spekter av opplevingar og inntrykk for alle generasjonar. Ved hjelp av multimedia skal ein kunne lære om Bibelens påverknad på språk og litteratur, kunst og musikk, vitskap og utdanning, helsestell og kriminalomsorg, politikk og menneskerettar.

Utfordra Obama

I nabolaget ligg fleire av dei store offentlege musea i den amerikanske hovudstaden. Bibelmuseet blir derimot privat. Det er finansiert av familien til David Green, ein velståande kristen forretningsmann frå Oklahoma City. Han er grunnleggjar av butikkjeda Hobby Lobby.Ifølgje Forbes er han god for 6,1 milliardar dollar, altså rundt 50 milliardar kroner. Det gjer han til den 78. rikaste i USA.

Selskapet hans fekk stor merksemd for å føre kampen mot presidentBarack Obamas helsereform heilt til Høgsterett. I 2014 fekk Hobby Lobby medhald frå domstolen i at familieeigde selskap er unnatekne krav om å tilby helseforsikringar som inkluderer angrepillen, fordi dei meiner det ville innebere å finansiere tidleg abort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

David Green er også kjend for å ha finansiert opp mot 1,4 milliardar eksemplar av kristen litteratur i meir enn hundre land.

Fire pilarar

No er det sonen Steve Green som er president i Hobby Lobby - og som også leier arbeidet med Museum of the Bible. Det skal huse eksemplar frå den omfattande samlinga av bibelrelaterte gjenstandar som familien har skaffa seg. Denne er samansett av rundt 40.000 objekt og inkluderer eit imponerande utval av bibelske manuskript, Tora-rullar, dødehavsrullar og kileskrifter.

På gata passerer også Stephanie Meyers, som er afroamerikanar. Også ho har tenkt seg innom museet når det er opna.

– For det første er eg kristen og interessert i kva dei vil stille ut, og om dei presenterer Bibelen på ein korrekt måte, seier Meyers.

Bygningsarbeidaren Johnny Kent ventar på kollegaer i varmen. Han synest det er meiningsfullt å vere med på prosjektet.

– Det handlar jo om Bibelen. Og det finst ikkje noko anna slikt museum, seier Kent. Han oppmodar til å sjekke presentasjonsvideoar av museet på Youtube.

Siktemålet er ifølgje nettsidene til museet å setje alle menneske i kontakt med Bibelen gjennom fire pilarar: forsking, omreisande utstillingar, undervisning og sjølve museet. Deler av utstillinga har allereie vore på utstilling i USA og andre land.

Hentar frå Israel

Eit styre med mykje erfaring og mange doktorgrader er utpeika. For kristne nordmenn vil det mest kjende medlemet vereRick Warren, som er pastor i megakyrkjaSaddleback Church sør for Los Angeles.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette er eit veldig samansett og breitt styre fordi Bibelen har grunnleggjande implikasjonar og påverknad på alle sektorar i samfunnet, seier Warreni ein video på nettsidene.

– Når vi ser på dei spesifikke utstillingane i museet og kva som vert presentert, vil vi forsikre oss at det vert gjort på eit svært høgt nivå frå eit akademisk perspektiv, seier styremedlem Carlos Campo. Han er president ved Ashland University og har tidlegare hatt same stilling ved Regent University.

Bibelmuseet har innleia samarbeid med mellom andreIsrael Antiquities Authority for å stille ut to millionar israelske nasjonalskattar. Ein har også inngått avtale med Yad Vashem-museet i Jerusalem for å minnastHolocaust.

Kritiske forskarar

Den private samlinga til Green-familien er ei av dei største i sitt slag i verda. Familien eig meir enn tusen tidlege bibelmanuskript. Nokre av desse har vore stilt ut i Vatikanmuseet.

Somme har stilt kritiske spørsmål rundt korleis familien har greidd å samle så mykje i løpet av seks-sju år.

Bibelforskarane Joel Baden og Candida Moss, som er professorar ved høvesvis Yale Divinity School og University of Notre Dame, skreivein stor artikkel i The Atlantic tidlegare i år der dei spurde om Green-familien kan kjøpe Bibelen. Dei viste til at handel med antikke gjenstandar kan vere knytt til kriminalitet og potensielt finansiering av terrororganisasjonar, ikkje minst i ustabile land i Midtausten. Det ønskjer ikkje Green-familien å medverke til.

– Vi gjer det vi kan, sa Steve Green i eit intervju med forskarane.

– Men det er ein risiko for at når fakta kjem på bordet, finn du ut at det ikkje var rett av oss å kjøpe det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Historieforteljing

Museet skal fortelje historia om Bibelen - og korleis Bibelen har prega historia.

– Vi er ikkje samlarar, vi er historieforteljarar, understrekar Steve Green.

Forskarane Baden og Moss stiller spørsmål ved om museet og verksemda rundt det vil vere farga av den evangeliske trua og det konservative bibelsynet til familien.

«Greens har potensielt funne ein måte å gjere éi historie om Bibelen til å framstå som den einaste historia om Bibelen», skriv dei i The Atlantic.

Forskarane meiner at det er lite sannsynleg at familien ope vil promotere haldningane sine i museet, men trur det kan verte ei plattform for å gi ei motvekt mot det familien ser som eit sekulært tidevatn i amerikansk politikk.

Inviterer alle

Steve Green understrekar overfor The Atlantic at dei håper museet vert eit fyrlys som gir alle menneske høve til å ta inn over seg bibelske tankar og kor vakker denne boka er. Han meiner også at politikarane treng å vite at denne boka har noko å seie på alle livsrområde og gir råd om kva som kjenneteiknar ei god styresmakt.

«Grunnlovsfedrane våre skamma seg ikkje for å sjå til Bibelen då dei bygde denne nasjonen, så kvifor skal det ikkje vere rett for lovgivarane våre å kjenne historia til styresmakta vår?» spør Green.

Han innser at folk kan vere usamde om kva denne historia er, men meiner nettopp dette er ein viktig grunn til at museum har ein sentral plass i samfunnet. Det kan stimulere tenkjing og forståing av historie og kultur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gigantisk dør

Mykje arbeid står igjen. Prosessen med å totalrenovere den over hundre år gamle bygningen er omtrent kome halvvegs, ifølgje ein reportasje frå byggjeplassen i Christian Post. Men i november neste år skal inngangsdørene opne. Dei er av bronse, over tolv meter høge og utsmykka med ein tekst frå 1. Mosebok slik han såg ut i den første utgåva av Gutenberg-bibelen frå 1450-talet.