Verdsmeisterskapet i sjakk og unormal leggetid

Me har fått eit spørsmål frå ein lesar: «Kvar kveld må eg leggja meg åleine fordi mannen min ser på Magnus Carlsen. Kva skal eg gjera?»

Kjære lesar,

Sidan du skriv om mannen din, legg me til grunn at du er kvinne, sjølv om ingenting er sjølvsagt i våre dagar. Heldigvis finst det enkle løysingar på dette spørsmålet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men, først vil eg skriva litt til alle dykk ugifte. Ikkje gift dykk! Sjølv er eg ikkje interessert i sjakk, men det er mykje anna hugnadsamt både i radioen og på fjernsynet om kvelden, og som ugift kan ein få med seg mykje gildt.

Ein kamerat av meg, som er gift, må til dømes gå og leggja seg midt i dansebandsendinga på NRK P1 på fredagskveldane.

Her i samlivsspalta får me inn mange spørsmål frå kvinner som er misnøgde med mennene sine. Ofte botnar misnøya i mennene sine medievanar. Mitt råd er at du sit oppe saman med mannen din. Eg har forståing for at sjakk kan vera særs keisamt, og sjølv har eg alltid likt kinasjakk betre. Der er det fleire fargar både på brett og brikker, og fleire kan vera med. Alternativet er at de installerer ein liten fjernsynsskjerm på veggen fram for senga. Så kan de sjå Magnus Carlsen saman.

Når alt dette er sagt: Det er slike kvinner som deg, som gjer meg så hoppande glad for at eg aldri fann på å gifta meg. Det verkar som de er kravstore og sjølvopptekne, heile gjengen.