Trener opp sauene så dei kan springa frå rovdyra

Firbeint mosjon på tredemølla hjå bonde og innovatør Primvald Krykkjebakk d.y.

Den kjende oppfinnaren har nytta sumaren godt etter det mislukka forsøket med produksjon av biogass i fjøset. Som tidligere meldt eksploderte tanken med gass, truleg grunna ei uheldig kombinasjon av sigarettrøyking og kjemiske prosessar som ikkje var heilt under kontroll.

– Denne gongen er eksplosjonsfaren minimal, gliser Krykkjebakk d.y. og inviterer Krykkjebakkposten på nytt besøk i fjøset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I eine enden av driftsbygningen har han i løpet av sommaren montert fire store tredemøller – ikkje til seg sjølv eller familien, men til opptrening av dei 150 sauene sine.

– Det var ein politikar frå Miljøpartiet Dei Grøne borte på det sentrale Austlandet som gjorde meg merksam på ei problemstilling eg merkeleg nok aldri har tenkt på før. Han sa at det er ikkje ulven som er problemet, men at sauene ikkje spring fort nok. Det ergrar meg at eg ikkje har komt på det sjølv! Sauene må trenast opp - akkurat som dei gamle raddisane på 70-talet trente ungane sine opp til å springa frå politiet.

Ein grunn til å springa

Bonden fortel at han har søkt om prosjektmidlar til innkjøp av ­fire tredemøller til ein samla pris på rundt 45.000 kroner. I påvente av at Krykkjebakksundet får på plass ein person i stillinga som landbrukskonsulent har han ­finansiert innkjøpet sjølv.

– Korleis får ein sauer til å springa på tredemølle?

– Godt spørsmål. Mykje betre enn dei du stilte då du skreiv om gasseksplosjonen.

– Og kva er svaret?

– Svaret er at sauene må ha ein grunn til å springa. Dei må ha noko som skremmer dei, noko dei må flykta frå. Dessutan oppdaga eg fort at dei ikkje har same disiplinen som oss menneske når det gjeld å springa beint fram. Før eg sette opp gjerde på begge sidene av tredemølla, var det mykje avhopping og knall og fall.

– Du må altså skremma sauene for å få dei til å springa på tredemølla?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg prøvde fleire metodar, men er komen til at den beste er å hengja opp store bilete av kjende norske politikarar på stativ like bak tredemøllene.

– Er det nokon som er meir skremmande enn andre?

– Det kan eg stadfesta, men du får meg ikkje til å gå ut med namn. Injuriesaker har hatt eg nok av, seier han.

SISTE:

Primvald Krykkjebakk d.y. vart i går ettermiddag tilsett som landbrukskonsulent i Krykkjebakksundet kommune – i 15 prosent stilling. Han handsama straks søknaden om kommunal støtte til innkjøp av tredemøller for sau. I innstillinga frå den nye landbrukskonsulenten heiter det at «prosjektet er unikt – truleg på global basis. Det er eit prosjekt som kan bidra til å setja Krykkje­bakksundet på verdskartet, og kommunen vil difor dekka 100 prosent av utgiftene til innkjøp og drift i tre år.»

Innstillinga kjem opp som sak 1 på neste møte i Utval for landbruk, natur og fritid, der Primvald Krykkjebakk d.y. er leiar.

Ugift mopedreparatør (61) vil ­gjerne koma i kontakt med ugift, kvinneleg eigar av ­Tempo ­Corvette, helst 1967-modell.

Interesser:Mopedkøyring, ­ålefiske, Lotto m.m.

Send gjerne bilete av ­mopeden.