Tilbyr nett-trolla eige abonnement

Som første mediehus i Noreg innfører Krykkjebakkposten ein aldri så liten betalingsmur for folk som likar å skjella ut andre menneske.

Dei fleste aviser har som kjent byrja å ta betalt for tenestene på nett, og Krykkjebakkposten er ikkje noko unntak. Etter at historiene våre for nokre veker sidan vart lagt bak ein såkalla betalingsmur, har nettrafikken gått kraftig ned.

– Me trur dette har samanheng med at dei såkalla nett-trolla ikkje lenger er med oss, seier sjefredaktør Sprettvald Kleggstubb.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– I alle fall er aktiviteten i kommentarfeltet nesten vekke. Det seier jo sitt, resonnerer han.

Låg pris - stort volum

Bladstyraren trur mange såkalla nett-troll har dårlegare økonomi enn folk flest. Difor vil han gjerne koma gruppa i møte med eit særleg godt tilbod.

– Første månaden har me sett prisen på eit troll-abonnement til berre ti øre. Den neste månaden aukar me til ei krone, deretter til ti kroner månaden som fast pris med bindingstid på ti år.

– Det var då svært billeg. Kva kan Krykkjebakkposten tena på dette?

– I all digitalisert medieverksemd handlar det om volum. Får me til dømes ein million troll-abonnentar, har me lagt gullegget.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

 

 

Kan få monopol

Ein million abonnentar kan høyrast mykje ut, men Kleggstubb trur Medie-Noreg går inn i ei framtid der det blir nærmast umogleg for nett-trolla å koma til orde. Krykjebakkposten kan fort bli den einaste avisa med eige troll-abonnement.

Politisk redaktør Tarald Stangballe er ikkje mindre optimistisk. Undersøkingar han har gjort i Krykkjebakksundet og Krykkjebakkdalen, tyder på at åtte av ti innbyggjarar kunne ha god lyst til å skjella ut naboen, ein politikar eller ein biskop digitalt, berre ein hadde høve til det.

– Overført til landet som heilskap har me fort eit par millionar nett-troll som marknad for det nye konseptet. Eg tek då i betraktning at det er ein større andel potensielle nett-troll i Krykkjebakksundet enn i landet som heilskap, poengterer han.

Juridisk avklaring

Det nye medietilbodet skapar umiddelbar begeistring hos den mest frittalande personen i Krykkjebakksundet.

– Eg vil gjerne bli den første abonnenten, seier Raunvald Olsson, tidlegare karismatisk pastor, som dei siste åra har vore meld til politiet fleire gonger for injuriar på bloggane sine, mellom sanningamaafram.blogspot.com.

Det var her han i fjor kalte sokneprest Glad for ein kvasiteologisk tomskalle og bedehushøvding Famlebust for ei punktert sekkepipe. Lensmannskontoret, som sidan i haust har utvida opningstida til 50 minutt i veka, arbeider framleis med å finna relevante lovparagrafar i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Olsson reknar med at Mediehuset Krykkjebakkposten har sjekka jussen, slik at det blir slutt på det han kallar «uverdig forfølging av folk som nyttar ytringsfridomen for alt den er verdt.»

Plan B

Redaktørane Kleggstubb og Stangballe innrømmer at dette er punktet som kan velta prosjektet. Men dei gjev ikkje opp av den grunn.

– I verste fall finst det tekniske løysingar som gjer at ingen ser det nett-trolla skriv. Vårt inntrykk er at det viktigaste for nett-troll, er å skriva det dei føler, ikkje nødvendigvis at dei har så mange lesarar, meiner bladstyrarane.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.