Sokneprest advarer mot yoga

Avtroppande sokneprest Theobald Glad går hardt ut mot den stadig aukande bruken av yoga i kommunen. – Dei veit ikkje kva dei spelar seg med, seier soknepresten.

Under avdukinga av den nye septiktanken i kommunen song skulekoret «No livnar det i lundar», etterfulgt av ein kollektiv yoga-­time leia av tidlegare deltids­kapellan Frida Finckeldrejer som no er spirituell prest.

– Er eigentleg yoga noko for oss nordmenn, Finckeldrejer?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Yoga er ikkje noko meir problematisk enn ein skitur, svarar presten, og legg til:

– Faktisk er det langt meir problematisk med skiturar fordi særleg blå Swix gjev store klimafotavtrykk og kan ta livet av det mikrobakterielle livet i skogen.

Vonde kneskåler

Men no møter ho altså motbør frå tidlegare kollega Glad.

– Eg meinar ho underdriv dei konsekvensane vi kan koma til å sjå når denne øvinga sprer seg i landet vårt, seier Glad og utdjupar kvifor han er så kritisk:

– Eg skulle prøva på lotusstilling under eit presteseminar om korleis å finna yoga i Det gamle testamentet. Men eg kom meg ikkje opp att for eiga maskin. Eg trudde på eit tidspunkt at kneskålene skulle spretta ut. Det er utan tvil det verste eg har vore borti sidan eg vart røykforgifta under eit livssynsnøytralt fakkeltog, seier Glad som måtte til kiropraktor i fleire månadar før han var såpass rett i ryggen at prestekleda passa.

– Så du har ikkje nokon teologiske motforestillingar?

– Eg kunne aldri kome på å reisa teologiske motforestillingar mot noko som helst. Forutan teologiske motforestillingar i seg sjølv då, det kan vi ikkje tola.

Ser kjent ut

Finckeldrejer har imidlertid ein uventa alliert i tidlegare bedehushøvding, forlagsmann og kenneleigar Framstein Famlebust. Han humrar når han kommenterer Finckeldrejers yoga-stunt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg likar at folk er aktive, og det er no utruleg kva folk kan få seg til å vera med på om ein gjev det eit nytt namn. Å sjå desse gamle skrottane i aksjon var nett som å sjå gymtimane under folkehøgskuletida då Primvald Krykkjebakk den eldre leia an, seier Famlebust som likevel stussar då han høyrer at yoga kjem frå austleg religion.

– Men det kan no ikkje stemma, vi har no drive og tøyd slik så lenge eg kan hugse, seier han.

Primvald Krykkjebakk d.y. meinte også at det heile var nokså uproblematisk. Han meinar gamleprestens kritikk er i utakt med tida.

– Det finst alltid nokre trongsynte strebarar mellom oss. Sjølv har eg jogga i fleire år, og syntes eigentleg denne økta var nokså stilleståande sammenlikna med det eg har vore borti før.